All posts by Sinnes

Sumarens siste padletur

Målet for dagen var strengt tatt Ådnestøl, men ewg justerte litt etter kvart. Motvind temjer padlelysta, og når det i tillegg er ein litt tidleg haustvind…ja då freistar det meir å vera innandørs og ha det godt og varmt.

Fram til lunsjpausa etter halvannan times padling var det ikkje særleg mykje action å spora. Eit lam såg ut til å stå i hepte langt oppi ei fjellside, men det var lite eg kunne gjera frå kajakken, så eg bestemde meg for å melda frå då eg kom attende og fekk tak på ein telefon.

Det var altså ikkje før på heimturen ting starta å ta av. Medan eg sat og hadde min rast, høyrde eg med eitt stemmer. Eg trudde fyrst det var dei tre fiskarane i båt eg hadde sett rett etter at eg kom, men ut av det blå/grå kom det ein kajakk. Eg har for vane å treffe andre padlarar i desse farvatna, så eg kikte ikkje nærare etter før heile vatnet plutseleg var dekka av kanoar. 5 stykk for å vera presis. Det kunne vera ein gutegjeng på tur, eller det kunne vera Åna Kretsfengsel som var ute og fekk lufta seg. Eg har truffe dei før i fjellheimen. Då eg gjekk på ungdomsskulen. Kan tru det var ein spanande seanse. Okke som. Dei forsvann innover mot der eg i utgangspunktet hadde tenkt meg hen, og eg såg dei ikkje att.

Etter å ha padla ut til «vinkelen» av Valevatn og litt til, såg eg så ei trerot som låg og flaut midt ute på vatnet langt framom meg. Vinden hadde stilna av, så det slo meg at ho dreiv ein smule fort. Etter å ha tenkt i to sekund slo det meg. Sjølvsagt! Det måtte jo vera ein elg eller eit rådyr. Eg heiv meg på åra og fossa framover. Det er jo ikkje kvar dag ein kjem padlande over eit rådyr midtfjords! Eg la meg bak det ein 15-20 meter i frå og fylgde det inn til land på nordsida av Valevatn. Der stoltra det flott rådyret seg i land på spinkle, lange bein og sprang litt forjamsa oppover på rullesteinane som låg nedst med vatnet og opp i lyngen. Der stoppa det, snudde seg og såg på meg med øyra på stilk, før det for avgarde til heis medan eg ropte hadet til det.

Då eg kom lenger ut la eg meg til på vatnet så eg kunne sjå opp etter sauen/lammet eg hadde sett då eg padla inn. No såg eg ikkje snurten av det. Det var to moglegheiter. a) det hadde klart å klatra opp att, eller b) det hadde havna utfor. Auga mine leitte opp og ned i nærleiken av fjellhylla. Det slo meg at det var unormalt mange ravnar i lufta rett ved. Eg ante uråd. Eg kikka ned i det grøne under fjellhylla, og det var då eg såg ein kvit flekk som var litt kvitare enn steinane omkring. Han var ikkje stor, men fargen gjorde at eg vart mistenksom. Eg padla inn til land, og tok fart på den ganske så bratt klatrina opp til der eg hadde merka meg ut at flekken var. Eg håpte endå at det berre skulle vera ein stein.

På vegen oppover kom eg forbi eit tre der det hang ein stav på ei grein. Veldig sært å finna slikt der. Det var ikkje akkurat ein stad med mykje gjønomgangstrafikk. «O.S. Madland. 1990.» står det på han. Så dersom nokon kjenner Hr. Madland, så kan eg opplysa om at han kan få att den fine staven sin med å ta kontakt med meg. Nåvel…

Eg kom etterkvart opp til staden. Buskaset var ganske tjukt, så eg kunne ikkje sjå skikkeleg med ein gong. Men då eg kom meg gjennom det verste, var det ikkje lenger nokon tvil. Der låg det eit lam med blod på magen. Heilt livlaust. Eg tok borti det, og kvapp til då floger plutseleg flaug fram. Det er ikkje snakk om å venta på bordvers for dei karane! Lammet hadde tross alt ikkje lege der lenger enn maks 3 timar, og allereie hadde dei sett i gang nedbrytingsprosessen. Eg tok av klaven, og nappa med meg øyremerket og tok så fatt på nedstiginga til båten att.

Det var vel det meste av action eg hadde i dag. Då eg var komen heim, måtte eg jo sjå kor langt eg hadde padla. Armane var møre som Sopps Spaghetti etter 7 minutt i kokande vatn…ikkje mykje å klappa for med andre ord. Google Earth er min trufaste kompanjong når det kjem til distanseutrekning, og i dag viste det seg at eg hadde ikkje padla mindre enn 27 kilometer. Ei god økt altså, og etter alt og døme den siste padleturen eg får i 2008 sine sumarmånader. Om det vert ein fin haust, kan det nok bli litt padling utover men det gjenstår å sjå.

Tilkopling

Eg har etterkvart farta litt rundt omkring. Det starta alt i 1997. Øyhedlar elevheim. Ryktet gjekk på at det fanst Internett på hybelroma der alt før eg hadde fått flytta inn, pakka ut datamaskina og fekk konstatert at det ikkje var anna enn eit rykte.

Bakketun Folkehøskule, Verdalen. År 2000. Etter alt for mange timar i bil, var det fyrste eg måtte sjekke då eg fekk litt tid for meg sjølv…ja, nettopp…Internettilgangen. 2000 var i pre-trådlauseraen. Dette medførte tunge løft av datamaskinar og tunge skjermar att og fram på internatet. Ei naudløysning som vart nytta ein periode var dog ekstremutlegging av kablar frå datarom og inn på dei næraste soveroma. Resultatet vart ein nyvunnen popularitet hjå dei som hadde rom i nærleiken av datasalen.

Diverse stader rundt om i verda, våren 2003. Kommunikasjon via Internett med dei heime har i moderne tid vorte esensiellt for ein ryggsekkreisande. At det til tider kan vera eit slit å spora opp på stader som til dømes Pokhara, Nepal og Whitianga, New Zealand, ja det er vel ikkje å ta det for langt.

Mellomveien 7, Trondheim. År 2003. Etter fyrste natta i ny leilighet på lite meir enn ei dyne og eit murgolv, var jakta på Internett i gang. Resultatet var fortsatt skuffande.

Myrane Studentheim, Volda. 2004. Ein halvtime var vel gått etter at eg hadde kome inn døra på MD 208 *sakne*, og eg hadde funne RJ45-inngangen å kopla i nettverksledningen i frå mi rykande ferske, nyinnkjøpte berbare datamaskin. Her var det andre bollar i ovnene, for å sei det sånn. Dvs…etter ei lita vitjing frå høgskulen IT-mann der han var rundt og leita etter folk med routarar som delte ut IP-adressar så ingen kom på nett, vart dette oppklart og me kunne alle omsider ta fatt på vevsurfinga i superfart!

Du ser kanskje ein tråd i dei små snuttane over her? I alle fall var det dette eg kom til å tenkje på i dag då eg såg den vesle stripa under her;

[Omsetjing]
– Det er få krefter som er sterkare enn datanerdar som desperat forsøker å få Internett i ein bustad.

M: «OK. Pringlesantenneboksen har lete oss inn på det trådlause nettverket på andre sida av gata!»
D: «Og dei har Internett?»
M: «Nei. Men eg trur Internettselskapet vil kopla til deira hus fyrst.»

Ledig stilling!

Det er ledig stilling hjå adjunkt Sinnes som lærarsekretær med tiltreding snarast. Arbeidsoppgåvene er varierte og går i hovudsak ut på å sørge for at alt utanomfagleg arbeid som eg har, vert gjort unna. Slik ynskjer eg å kunne fokusere 100% på sjølve undervisninga.
Av kvalifikasjonar du har er følgjande aktuelle;

  • Aldri vere sur
  • Jobbe over evne
  • Gjere 5325 ting på ein gong
  • Kunne hoppe over alle måltid til fordel for forefallande arbeid
  • Stille på jobb
Løn etter avtale med Jens Stoltenberg.

Arvid leiker fugl

I dag var dagen då min no 51 år gamle Morbror skulle gjera seg nytte av 50-årsgåva si. Han måtte venta eit år, men den som venter på noko godt, ventar ikkje forgjeves!

Det var som de kan sjå ein gåleg nøgd 51-åring som lande på Sola flyplass etter ein luftetur frå 10.000 fot.

Tur til Sele

Søndag er turdag. Derfor vart eg med Birthe ein liten tur ut til Jærstrendene. Laksen hoppa nøgd i elva då regnet kom. Me gøymde oss i ein gapahuk for fluefiskarar, sjølv om me ikkje akkurat hadde laks på middagsmenyen.

Det irritterande var at bygeveret var særs lokalt, slik at vegane stort sett var tørre heile vegen heim art. Men eg fekk da i det minste gått på hengebru og hatt føtene i sanden!

Ein ubetinga revolusjon!

Google er etterkvart eit kjend merkevarenamn. Me kjenner vel alle Google Search. Me har og Google Earth, Google Maps, Google Mail, Google Video, Google Reader og sist men ikkje minst, Google Docs! Sistnevnde har eg drive å fikla litt med i dag.

Eg oppdaga eit nytt val i menyane til Docs som eg ikkje hadde sett før i går kveld. «Form» heitte det. Norsk omsetjing vert altså «skjema». Og det heile er eigentleg ufatteleg genialt!

Når du klikker på menyvalet, vert du teken til ei ganske enkel side der du skriv inn spørsmålet, og vel mellom eit lite utval av svarformer. Kortsvar, lengre svar, fleirval, avkryssing, val frå liste og skalering. Noko for ein kvar smak, og noko som kan vera gunstig til dømes i ein undervisningssituasjon. Ikkje alle elevar er like glad i å skriva lange avhandlingar veit me jo som kjent, så då kan gjerne eit par fleirsvarsoppgåver gjera det heile kjekkare.

Men så kjem me til det som er veldig greit. Når ein har laga ferdig alle spørsmåla kan ein velje å antan sende ut skjemaet til e-postar, eller ein kan implementera skjemaet på ei vevside. Magien kjem fram når den fyrste respondanten har sendt avgarde svaret sitt. Vips, så dukkar det opp eit rekneark med svara som folk skriv inn. Ufatteleg greit med tanke på oversikt, men og når det gjeld dokumentasjon av arbeid. I tillegg slepp ein unna haugevis med papir og har alt på ein stad.

Nedanfor er eit lite spørjeskjema eg laga på fem små minutt. Test det ut! Det ligg også ein video heilt nedst her som kan vera nyttig å sjå på om du funderer på å ta i bruk Google Docs i undervisninga.

[youtube:http://www.youtube.com/watch?v=YxYZKkusg-Y&feature=related]

Marknadsføringsstrategi

Sirdal kommune slit litt med folketalet. Det er kome fleire uttalelsar omkring denne utfordringa. Kommunen har sett seg som mål å verta 2020 innbyggjarar innen 2020. Kor seriøst det målet er gjenstår no å sjå. Eg tykkjer i alle fall ikkje dei gjer seg make med å tiltrekkja seg nye, faste innbyggjarar, men det er no meg.

Gunnar har kome med eit forslag om å ta i mot 100 flyktningar innan 2010 noko som eg vel må sei er av dei meir kreative! Men det bleiknar likevel i høve til den strategien som Mt. Isa i Australia ser ut til å gå for (dei opplever fråflytting av jenter/kvinner);

UGLY girls are in luck: Mount Isa’s mayor says there’s a shortage of women in his town, and not-so-attractive maidens would do well to head there.

The Courier-Mail

Ordføraren i Mt. Isa, som har ein økonomi basert på gruvedrift, tek altså her fatt i ei utfordring på ein særs kreativ måte. Han vil ha stygge jenter til byen sin for å dekka opp om behova til gruvearbeidarane og for at dei skal få eit betre sjølvbilete! Det at Mt. Isa i hovudsak baserer seg på gruver og då altså (i hovudsak mannleg) arbeidskraft som kjem til byen midlertidig gjev meg to tankar;

  1. Det som jo må seiast å vera eit litt diskriminerande utsagn frå Ordførar Molony, gjer vel neppe Mt. Isa meir populær blandt kvinner.
  2. Det er visse likskapar mellom Mt. Isa og Sirdal…begge stadar grev ein i fjellet…begge stader er fråflytting eit problem…begge stader har ein god del arbeidskraft som er tilreisande f.eks…

I alle fall…ein finurleg måte å få nye sambygdingar på frå down under der altså!

[For meir lysteleg lesing om saka, jfr. Townswille Bulletin]

Det er offisielt

Då er det gjort. 27,5 år tok det før eg fekk flytta frå Sirdal, men i dag dumpa det synlege provet på at det faktisk er det eg har gjort ned i postkassa.

I tilleg la eg merke til eit par ting då eg gjekk til jobb i dag. For det fyrste treffte eg bror min som kom kjørande sedvanleg tilbakelent i sin Peugot, med blå lys i fronten. Og det andre som var gledelig var då eg kikka opp på bensinpristavla til Statoil. Ho tok meg attende til fordoms tider…då Ananas Ha-På var å finde på frukostbordet og dieselen fortsatt kosta ein slikk og ingenting til samanlikning med bensinen. Skilnaden var ikkje kjempestor, men så skal ein heller ikkje krevje for mykje heller.