All posts by admin

Om progresjon…

Eg kom akkurat fram til følgjande:

Det gavnar ikkje menneskeheita å la folk som i dag sit i maktposisjonar styra utvikling. Rett og slett fordi dei sjølv har for store eigeninteressar til å gjere valg som dei sjølv ikkje likar. Og i og med at 20% av verda, nyttar 80% av ressursane, samt at mennesket nok diverre må seiast å vere grunnleggjande egoistisk, så er det rett og slett ikkje eit sjakktrekk for verdas utvikling å settje bukken til å passe havresekken.

Dag 2…

Det som jo sjølvsagt er litt irriterande med akkurat dette temaet eg har valt meg på dalstroka-innafor.net, er at dersom eg legg ut bilete, så eg også skrive minst 25 ord for at det ikkje skal sjå heilt mongo ut. Men men….idag sette eg i alle fall ny rekord.

Ny personlig beste rundt Rotsetvatnet for min del…

Klar for bikinisesongen…

Vel…ikkje endå, men det kjem seg. Utan at eg vil plassera meg i ein kategori som bevisst gjeng inn for å ha ein topptrimma kropp til strandlivet i sommar (både fordi eg ikkje er noka strandløve, men og for at jeg nok kjem til å bevega meg ålemjukt mellom hesjer på Sinnes i år som i fjor, og året før der, og året før der…..), så har eg i det minste vore uvanleg aktiv i det siste. Det siste året har eg vore litt småbekymra for mi høgre ogle (les: ankel), og sjølv om ho er dobbelt så stor som den på andre foten endå, har eg vel kome til det, at det no har gått såpassa lang tid at eg ikkje gjer det verre med å vere litt i aktivitet.

Så då eg vakna i dag fann eg ut at idag var dagen for ei ekstra sprell sånn fysisk sett. Difor snøra eg mine spanskimporterte joggesko, og la på sprang rundt Rotevatnet i 10-tida. Herleg lite folk ute på den tida av døgnet, og når det i tillegg er heilt vindstille vert det mest ikkje ein tortur mot seg sjølv å gjere slikt. Den magiske slutttida? Jfr. bileta under…

6.61 km rundt RotevatnetTida å slå

Lokalkjennskap

Det tok meg berre snaue tre år, men omsider kom eg meg over på andre sida av fjorden. I dag tok eg rett og slett og skulka skulen for å ta ein tur med ferga til Lauvstad med vidare sikte på Hoddevika og Vestkapp på Stadtlandet. Det var godt å få utvida min lokalkjennskap om Sunnmøre…

[youtube 5En2MQCQy9Y]

Bilete litt også i galleriet mitt.

Vips så var det mai

Ein får jo nesten ikkje summa seg lenger før ein månad er over. Kva hendte eigentleg i april? Påskeferie, nokre dagars gruing til forprøvar, og så var det dokfilm. Og det var vel eigentleg det sånn kort oppsummert.

Dreiv litt dugnadsarbeid for Janne i dag, og vart sittjande å glo på mikrofilm av Stavanger Aftenblad frå 1962. Undervegs fann eg jaggu også nokre artiklar heimanifrå! 🙂 Artig.

Sirdal 2Sirdal 1

Stressa kvardag

I ein elles stressa kvardag, er det ei herlig kjensle å berre kunne trekkje seg stille attende til den vidunderlege roa som ein finn i eit godt, gamaldags, pekeeiningsfritt arbeidsmiljø. Hipp hurra for linux, screen og nano! 😀

Ei stresslaus verd….

Ny dimensjon

Og medan eg er i siget, kan eg jo nemne at eg har sett opp mi stasjonære datamskin med noko som er kjend som Beryl. Med dette lekre stykket programvare, kan eg få meg all slags imponerande effektar på skrivebordet…ja det er til og med nokre nyttige der. 🙂 Ta ein kikk på videoen nedanfor om du vil sjå kva du kan få med å bruke Linux på den datamaskina du allereie har, før du stikk avgarde og kjøpar ny med det 2#%”&#¤%” Window$ Vi$ta.

[youtube pohPok66wvg]

(X)HTML

For 11 år sida hadde eg ein kort karriere som lokal turistinformatør på Sinnes. Det innebar stort sett å sitja å glo på at bilar freste forbi i eit forrykande tempo for å koma seg til Oslo eller Stavanger fortast mogleg. Difor tok eg av og til med meg litt lett lektyre på arbeid, og blandt dei var mellom anna eit eksemplar av Microsoft Magazine, eit blad eg ein periode fekk i posten med jamne mellomrom etter å ha gått til innkjøp av ei oppgraderingspakke av Windows 95 eit år tidlegare.

Vel. Det var to artiklar i bladet som fanga mi interesse. Begge omhandla det å laga seg vevsider, den eine var ei enkel innføring, medan den andre tok føre seg avansert vevsidesnekring. På den tida hadde me ikkje slik WYSIWYG-programvare (What You See Is What You Get) som gjorde heile arbeidet for oss, så ein måtte rett og slett ta i bruk det enkle, men veldig nyttige Notisblokk-programmet. Det tok meg nok ei stund, og eg hugsar endå korleis dei fæle fyrste spede forsøka mi på å lage ei superkul heimeside såg ut. Diverre hadde eg jo i den tida ikkje noko internett, ja eg visste knapt nok kva det var, men eg hadde likevel ein flora av nettsider på min gode gamle Zenit 486 sx-33 med 8 MB ram.

XHTML-testNo, eit tiår etter, er fortsatt min grunnleggjande HTML-kunnskap brukbar, men utviklinga går framover, og fortare enn nokon annan plass på nettet, så det som er rekna som hot cotoure no for tida er XHTML. I den samanheng, fann eg på W3C sine sider ein liten test der ein kunne testa sine XHTML-kunnskaper. Så utan mykje meir om og men, presenterer eg her resultatet.

Eg må vel sei det at eg er ganske så nøgd med utfallet, i og med at eg ikkje har halde på noko særleg aktivt med denne *TML-kodinga på nokre år nå. 🙂 Vil du prøve sjølv?

Småflørt?

Akkurat i det påska er eit tilbakelagd steg våren 2007, så opnar himmelens sluser seg og dekkjer heile marka att med (til nå) nærare 40 cm snø. Heilt lett puddersnå. Den beste ein kan få. Og sidan eg nok ikkje akkurat har sett pris på det stort sett fine påskeveret så langt i ferien min, så fann eg ut at det var like greit å hoppe i det…:) Men det varer vel neppe lenger enn til i morgon…

Snø #1