Guy Kawasaki presenter her sin teori om korleis ein skal laga ein presentasjon (PowerPoint/Impress)
Category Archives: IKT
Denne kategorien innheld, som namnet kanskje fortel, ting som tek føre seg IKT-spørsmål.
[Linux] Ubuntu 8.04
Den 24. april er datoen då Ubuntu, ein av dei mange Linux-utgåvene og pr. i dag min favoritt, kjem i ny utgåve. Den skal eg jo sjølvsagt legge inn på mine datamaskinar. Det er ein del ulike nye ting som vert lansert med den. Nokre er nok for dei spesielt interesserte (som meg), medan andre ting kan vera greit å veta for kvarmansen.
Ein kan no til dømes installera Ubuntu i Windows nett slik ein vil gjera med Picasa, Word, Limewire (fysjameg) eller kva slags program som helst. Dersom du ikkje skulle lika det etter minst to vekers testing (som er eit mininmumskrav for at eg skal ta “nei”-et ditt seriøst), kan du så lett sletta Ubuntu frå maskina di att.
Som nemnt er det altså nye utgåver av ulike program. Firefox kjem i utgåve 3. Gnome, vindushandsamaren, vil vere versjon 2.22. Eit nedlastingsprogram for torrent-filer, Transmission, kjem inn i staden for Gnome BitTorrent Downloader osb.
Kommunikasjon i skulen
Det er ei stund sidan eg leste om system i California som nytta seg av SMS/telefoni i kommunikasjon med skuleborn og heimen deira. [Eksempelvis Teleparent & Intouch Autodialer] For meg er dette eit heilt naturleg steg. Kvifor skulle ikkje skulen ta i bruk (mobil)telefoni og meldingar når det faktisk er den måten mykje av kommunikasjonen føregår elles i samfunnet?
Difor var det gledelig no i dag å kunne lesa på Herøynytt at det ser ut til å vere noko på trappene som kanskje kan vera med på å tilfredsstilla dei mange foreldre som skulle ønskje at det var kommunisert meir frå skulen si side. Mobilskole heiter bornet og er ei løysning for nettopp å letta dialogen mellom dei ulike partane i skulen. På sine eigne sider skriv dei følgjande;
Lærere, elever og foresatte i norske skoler etterspør økt kommunikasjon. Mobilskole.no tilbyr raskt, effektiv og enkel kommunikasjon mellom skole og hjem. Selskapet, som blir utviklet ved Universitetet i Oslo, ble startet i 2007.
Formålet med selskapet er å ta i bruk nye kommunikasjonsmetoder for å lette hverdagen til lærere, gjøre informasjon fra skolen lettere tilgjengelig for foresatte og hverdagen tryggere for elevene ved norske skoler. Mobilskole.no er støttet av Innovasjon Norge og holder til i lokaler ved Forskningsparken i Oslo.
Og det er nettopp det eg sjølv har gått og fundert på etter at eg leste om desse Amerikanske systema. Skepsisen min til å ta etter USA er vel ikkje akkurat fråverande, men akkurat her trur eg dei har skote gullfuglen. Difor har eg lenge sysle med tanken på at det då måtte vere mogleg å få til eit system her i Noreg og som gjorde akkurat det same. Tilbaud graits SMS/telefonkontakt mellom skule, elev og heim. Difor gleder eg meg altså storvegs over dette initiativet og eg kjem til å følgja med på korleis det utartar seg framover. På same tid oppmodar eg alle min lærarkjenningar til å ta eit initiativ på nettopp sin skule mot rektor med tanke på utvikling av skulen.
Eg applauderar i alle fall!
Amanda neste
![]() |
I desse dagar når vintermørkret fortsatt har eit klampt tak på tilværet er det godt å ha eit lite prosjekt å styra med frå tid til annan. 80 gigabyte, og gudane veit kor mange timar med råmateriale har omsider vorte snekkra saman til ei samanhengande filmstripe. Det har gått med nokre ettermiddagar/kveldar…i dag flaug 7 timar avgarde som ingenting, og då eg omsider dukka hovudet ut or kjellaren der eg og Pernille sit og cross-fader, kuttar og flytter klipp om ein annan til eit mesterverk av ein AA-film, ja då hadde det jammenmeg landa 30 centimeter med mjuk snø på marka.
Men i alle fall…filmen er no ferdig redigert og berre det viktige musikkvalet står igjen…noko ein jo sjølvsagt ikkje skal ta lett på. Men premieren er i det minste eit realistisk mål i ei ikkje så alt for nær framtid. Så til alle AA-medlemmar…ver klar for å skyfla alle planar til sides til fordel for verdsdebut av AA-filmen ’07 på BK/Rokken i nær framtid.
Tankar om IKT-studiet
Når eg no tek fatt på 45 studiepoeng med IKT-studiar, kom eg på ein artikkel av fyrsteamanuensis Mark Burgess ved HIO som eg hadde lese i eit blad eg abbonerer på. Grunnen er at me frå Høgskulen sitt hald bortimot vert pålagd å gå i butikkane fo å kjøpa ein spesiell type programvare som me skal laga heimesider med. Eg har jo aldri vore fan av slikt. Binda seg til ein sæskild type verktøy. Nei takk.
I alle fall. Aritikkelen tek føre seg korleis eit grafisk brukarmiljø på datamaskina har påvirka den jevne databrukar. Eg er jo sjølv ein stor fan av å bruka tastaturet i interaksjon med datamaskina, både fordi det går fortare i dei fleste tilfelle, men og fordi slikt gjev mindre sjans for den o’store musesjuka.som eg strengt tatt ikkje forstår korleis folk klarar å pådra seg.
![]() |
Pur glede
Idag kom omsider ei pakke i posten eg har venta på lenge! “Priority mail – United States Postal Services” stod det på den store konvolutten. Eg fryda meg innvendig og braut ut i eit aldri så lite gledesrop.
For rundt fire månedar sidan var eg på informasjonsmøte om Australasiatisk kulturstudium i Volda. Eg hadde med meg min 4 år gamle Ipod. Idet eg sette meg ned, la eg han på bordet så eg kunne ta opp noko å notera med. Ein gjer ofte det når ein er på infomøter. Så skjer det fatale. Det heile føregår i sakte kino. I augekroken ser eg den kvite, vesle firkanten skli mot kanten av bordet og eg kjenner eit høgt “nei” velte opp inni meg. 4 år utan å miste han i bakken, og i startgropa til eit studium der eg absolutt kan få bruk for han så presterer eg å la han skli utfor eit fall på ein meter rett i betonggolvet.
Resultat var at eg stod der i handa med ein kvit plastklump som ikkje hadde større potensiale enn ei brevvekt. Det er klart det at ein vert litt irritert over slikt. Men kva kan ein gjera? Når ein elektronisk duppeditt har vorte 4 år, så er han i bunn og grunn godt i gang med sin andre reinkarnasjon med tanke på levetida som bransjen reknar med at desse skal fungera. Med andre ord var ein gratis reperasjon hjå Apple heilt ute av biletet. Ein grufull klikkelyd frå han om ein la øyret inntill var alt som var å spora av liv i han. Eg var knust akkurat som Ipodden.
Erfaringsmessig hadde eg oppdaga at det i Malaysia var haugevis av små sjapper med all slags kompetanse innan elektronikk. Eg sette min lit til dette. Difor pakka eg med meg Ipodden på mi reise rundt i Asia denne hausten.
Men sjølvsagt. Etter å ha trava rundt i fleire mangeetasjars varehus i Kuala Lumpur, Malaysia stod eg der og var ikkje kome eit steg lengre. Tilogmed asiatane visste ikkje råd, og gav meg berre skuffane hovudristing med det same eg drog min kjære kvite opp av lomma. Eg var på nippet til å kasta den tidlegare speledåsen ut næraste vindu. Dei som kjenner meg veit at eg likar å fikla med litt “gamal” datautstyr. Difor lot eg vera å kassera han.
I staden drog eg han med meg heile vegen til Australia, Japan, attende til Malaysia og heile vegen heim att til Norge. Der tok eg fatt på å søkja rundt på nettet etter ein passande harddisk. I junaiten fann eg ein. Med dobbelt så stor kapasitet som den gamle. Ville dette fungera? Tja…harddisken kosta 160 kroner, og det var kroner eg var sugen på å satsa på dette prosjektet. Ebay og Paypal-konto var oppretta, pengar overført til Paypal-kontoen og harddisken vart bestillt. No var det berre å vente.
Og i dag kom han altså i posten. Tilfeldigvis hadde eg tidlegare på dagen teke fatt på å opna podden min. Litt googling fortalde meg korleis dette kunne gjerast. Så etter å ha opna pakken, teke ut harddisken forsiktig og lagt han trygt inne på bordet, tok eg ut den defekte frå Ipoden og la han til sides. (Trur forresten den skal få inngå i eit kunstprosjekt på eit seinare tidspunkt). Den nye var innstallert og eg kopla han spent til datamaskina mi. Då han starta opp fekk eg opp massevis av spelelister på skjermen. Harddisken var tydeligvis ein brukt ein. Eg formaterte han og installerte siste programvare på han, og VOILA! For 160 kroner har eg fått meg ein flunkande ny, gamal musikkspeledåse! Eg er i den sjuande himmel! Hurra.
Åtvaring!
No i desse juletider går fleirfaldige plastikkort varme idet dei vert sveipa gjennom bankterminalen fortare enn grautskeiene i risengrynsgrauten på Jolafta! I så måte har eg erfart eit par småting dei siste dagane. Er du ikkje kunde i SR-Bank er det ikkje sikkert dette gjeld deg, men sjekk likefullt.
For det fyrste så har min kjære bank som eg har vore så trufast mot i alle desse år no funne det for godt å gje brukskontoen min eit nytt namn. Det fengande “Alltid” er namnet på det vidunderlege nye konseptet. Av flotte ting SR-Bank kan freista med er mellom anna;
- Visa
- Mastercard Gold
- Gratis bruk av kortet for varer og tenestar i heile verda
- Gratis uttak av kontantar i SR-bank sine minibankar i Noreg
- Gratis rekningsbetaling
- Gratis veksling av valuta
og sist men ikkje minst… - VALFRITT motiv på Visakortet
Og alt dette til berre, og eg gjentek berre 30,- månaden! Eit røvarkjøp med andre ord! Men vent. La oss gjera litt grunnleggjande matematiske utrekkningar. Fyrst er det kanskje eit poeng å vera klar over at eg til no har betalt 275 kroner i året for at SR-bank skal få passa på pengane mine, og for at eg skal ha tilgang til midlane mine gjennom minibankar og nettbank. Men gjer no eit kjapt reknestykke…30+30+30+30+30+30+30+30+30+30+30+30…eller 30*12…det vert jo 360 kroner!
No er kanskje ikkje 360 kroner all verdas mykje pengar, men det er noko med det prinsippielle. Kvifor skal eg betala meir pengar for dei tenestene eg har lista opp ovanfor? Motivet på Visakortet mitt gjev eg ganske enkelt blanke i, veksling av valuta kostar meg rett og slett ikkje meir enn at eg klarar å betala 40 kroner pr uttak. Det er trass alt ikkje så ofte eg er utanlands. Rekningsbetaling har vel såvidt eg veit vore gratis allereie, det same har uttak frå SR-bank sine minibankar vore. Bruken min av kort for å betala varer frå utlandet er ikkje noko eg gjer til dagleg. Mastercard er beint fram uaktuelt å skaffa seg. Og til sist…Visakortet har eg jo “alltid” hatt likevel. Med andre ord. Eg er altså havna i den heldige situasjonen at eg betalar 85 kroner meir for dei same tenestene eg har hatt tilgang til alltid. Litt ulogisk med tanke på at utviklinga til ei kvar tid siktar seg inn mot billegare og meir effektive løysingar!
Og så over til mitt andre ankepunkt i høve til SR-bank…her om dagen var eg sittjande å bla gjennom gamle årsoppgaver. Då eg i dag gjekk inn att på nettbanken min for å betala semesteravgift. Då lyser det ei rekkje med raude tal mot meg.
Når hadde eg fått melding om dette? At det kostar med 5 norske kroner å gå inn å sjå på gamle årsoppgåver? Heller ikkje dette er dei store summane, men her er det altså igjen dette med prinsippet som gjer seg gjeldande!
Lærarar og blogging
Leif Harbo har i sitt siste blogginnlegg kome med nokre antakingar om kvifor det ikkje er fleire lærarar som nyttar bloggar i si daglege undervisning. Og eg vil nok seie meg einig i dei forslaga han presenterer.
1. Fordi man ikke har egenerfaring som blogger
2. Personer over 30 er redde for publisering på nett.
3. Fordi man antar det tar for mye tid
4. Fordi man ikke synes det er en god ide.
5.Fordi man sluttet å skrive da man satte punktum for hovedoppgaven i 1987.
And ze dicision is…
ITunes er eit dritprogram! Eit klikk, og vips så var 2000 songer på min lille portable jukeboks borte vekk. Det er ikkje logisk at eit program skal ha lov til å bestemme at det vil synkronisere alt ein har av musikk berre fordi ein vil leggja ein film på boksen. Musikken eg har lagt på Ipoden, vil eg jo sjølvsagt ha på Ipoden. *sparke i veggen og komme med svärdommar*
Betre seint enn aldri
Av og til kjem ein på eit gullkorn eller ein kommentar ein skulle sagt ei stund etter at “augeblikket” er over. Eg kjenner det litt på same måte då eg oppdaga dette tipset på nett for korleis ein kan gjere elektriske duppedittar vasstette.