På bloggen til Lillegården kompetansesenter dukka det opp eit flott døme på korleis ein kan gjera noko kreativt ut av språktimane. Lån øyra dine til det hippe, kule og trendy talekvadet «Brotsmannsverk»:
Category Archives: Politikk
Det hender at eg tek føre meg litt politikk og.
SPAREbank 1
I september fekk eg brev i posten i frå SpareBank 1. Overskrifta lyd;
«Lik PIN-kode på alle dine kort fra SpareBank 1»
Med vennleg helsing i frå Trond Støldal, «marknadsansvarleg kredittkort», som det heiter.
Dett er mitt svar til Trond Støldal på brevet eg fekk i postkassa. Med vennleg helsing.
For det fyrste så kan eg berre fortelje den gode Trond at eg allereie har eit kort hjå SpareBank 1. Så utgangspunktet for å sende brevet er jo strengt tatt feil.
Men sjølvsagt handlar det ikkje om å samle PIN-kodar. SpareBank 1 passar kanskje på pengane mine, men dei vil også gjerne at dei skal bli sine. Difor kan eg no få eit SpareBank 1 GOLD-kort. Kor forlokkande.
«Med et kredittkort har du en reserve uansett behov og anledning.»
Jo takk, Trond. Det tvilar eg ikkje på. Men utgangspunktet mitt for å ha pengane mine i SpareBank 1, er jo nettopp at eg skal kunne ha dei ein trygg plass, som ein reserve eg kan nytta meg av…»uansett behov og anledning». Har det vorte gjort endringar i policyen til SpareBank 1 som gjer at dette ikkje er tilfellet lenger?
Forøvrig vil eg nevne at eg for lenge sidan har reservert meg mot reklame. Det oppmodar eg andre om å gjere også. Eg kan ikkje sjå kvifor ikkje SpareBank 1 kan respektere dette slik andre må. Det er vel ikkje slik at berre av di eg har pengane mine i SpareBank 1, så er reklamereservasjonen oppheva?
Det er også eit poeng, at det i det medfølgjande søknadsskjemaet har vilkåra for å få tilsendt kredittkort fått særs lite fokus. Heilt anonymt, utan fargar og bilete, bak det som strengt tatt er siste side, kan du lesa om kva vilkår som gjeld. Du får også presentert eit tenkt eksempel på kva du må ut med om du nyttar deg av tilbudet. Kor realistisk dette er skal eg ikkje seie noko om. Det får stå for SpareBank 1 si rekning.
Om eg ein dag vil ha kredittkort, kjem eg i banken og spør. Og skulle eg gjere nettopp det, så vil eg helst at nokon skal sjekka at ingen helt eit våpen mot meg FØR det vert levert ut ei slikt kort, for det vil etter alt sannsyn ikkje vera av eigen fri vilje eg er der.
Så altså…takk, men nei takk!
Facebook, lærarar, elevar og «venning» – soga fortset
For ei stund tilbake skreiv eg litt omkring temaet Facebook, lærarar og venestatus.
Frå ein av mine favorittbloggarar på nettet, altså ein av dei eg har i RSS-straumen min, The Innovative Educator, dukka det i dag opp litt herlege, frigjerande tankar omkring nett dette temaet.
Litt utdrag for å settja leseslysta di i sving:
«…outcries to ban teachers from “friending” students on Facebook. Innovative educators know this is confusing, rather than addressing, the issue.»
Vidare skriv Lisa Nielsen, den New York-baserte læraren bak bloggen The Innovative Educator:
«Rather than what the media might have you believe, this means we need to encourage, NOT discourage educators from “friending” students not just on Facebook, but on playgrounds, in classrooms, and in the community.»
For min eigen del var dette, og resten av bloggposten herleg lesing. Så klikk deg vidare og få litt andre impulsar enn dei dommedagsprofetiane du les om i riksavisar frå tid til annan.
The Innovative Educator om Facebook, lærarar, elevar og «vener».
Mangen bekkar små, gjev ein stor Åhh!
Stavanger Aftenblad skreik i mot meg i bladhylla i dag med følgjande framside;
«Forsker ved UiS: Vi leser lettere på papir enn på skjerm.«
Kunne eg la vere å kjøpe det for å lese kva Anne Mangen no hadde funnet ut? Sjølvsagt ikkje!
Fyrst av alt…ein ting er eg og Anne Mangen einige om. Ein PC er ikkje det beste vertyget til alt skulearbeid. Men der sluttar også likskapane. Det skal også seiast at i og med at artikkelen ikkje er skrive av Anne Mangen sjølv, så skal ein ta innhaldet med ei klype salt. Likevel er nokre av sitata ho har fått med, vinkla på ein slik måte at eg har vanskeleg for å la dei liggja ukommenterte.
Mangen seier sjølv at ho har teke utgangspunkt i lange, samanhengande tekstar, med både bilete og hyperlenker. Der skurrer det for min del. Eg har ennå ikkje lese ei einaste bok med hyperlenker, så korleis kan ein med eit slikt utgangspunkt kan gjere ei samanlikning er for meg litt vanskeleg å forstå.
Det er heller ikkje definert kor lang ein lang tekst er. Dette heng vel igjen saman med lesehastighet til den einskilde? For ikkje å snakke om temaet som vert teke opp i teksten, og om ein finn det interessant i utgangspunktet. Gjer ein ikkje det, kan jo sjølv ein kort tekst framstå som utåleleg lang.
Forskaren skildrar fleire gonger i artikkelen det å lese på skjerm som eit ork av ei anna verd. Ein må jo klikke og scrolle rundt omkring på denne virtuelle flata som ein gal, og ein kan aldri vere sikker på kva som kjem fram etter eit klikk.
Vidare seier ho også at ein aldri kan vere sikker på kvar ein er i ein digital tekst.
Desse to utsegna seier meir om Anne Mangens digitale kompetanse, enn dei gjer om lesing på skjerm.
For det fyrste er det ikkje lenger ein tekst ein les om ein vel å klikke seg inn på ei lenkje. Då er det to. For det andre bør ein lese gjennom heile teksten før ein set i gang med ekstra lesing.
Anne Mangen siteres også på følgende;
«Skal vi skrive en B med blyant, må hånden øves til å gjøre spesifikke bevegelser for å forme bokstaven. Trykker vi på en B på tastaturet, må hånden ikke gjøre noe annet enn når vi skriver en N, som ligger rett ved siden av.»
Her har ein altså gjenge over på temaet skriving, men eg tillet meg å kommentera det likevel.
Er det mogleg at Anne Mangen ikkje skriv med touch-metoda? Hadde ho gjort det, ville ho ha merk at om ho nytta fingrane på same måten, for å skrive to ulike bokstavar, så ville autokorrekturen fått mykje å gjere. Vinklinga på fungraner er ulike. Ein nyttar ulike fingrar, og jamvel og ulike hender. Ved skriving for hand, nyttar ein etter det eg kjenner til, berre ei hand. Helst den høgre.
Når små born skal lære å skrive bokstavar, kan det for mange, kanskje spesielt gutar, vere betre å få lov til å trykke på ein tast med bokstaven B på, i staden for å sirleg snirkle ned strekane som nokre vaksne har definert som bokstavar. Dette gjeld kanskje meir i dagens skule enn tidlegare, i og med at me har bestemt oss for å sende born i 5-årsalderen på skulen.
At motorikken kanskje ikkje er i høgsetet hjå desse aller minste, er ikkje noko ein burde bli overraska over. Ikkje minst i eit samfunn som har vorte så stillesittande, og lite fysisk utfordrande som det det har vorte her i Noreg.
Det synest altså underleg at Anne Mangen så bastant kan definera PC’en ut av likninga på lange, samanhengande tekstar, når det skin så gjennom at Anne Mangen sjølv ikkje kan ha funne rett subverkty å nytte når ho har valt å testa datamaskinverktyet i høve til lesing og skriving.
Det finst mange ulike typar program å lese tekst i. Tekstane vert gjengjeve på ulikt vis alt etter som. Det finst og mange ulike typar skjermar å lese tekst på i og med at vi no også har fått digitale bøker.
På to år har tydelegvis ikkje Anne Mangen kome fram til noko nytt. Aftenbladet burde difor ta seg fem minutt, og spørje seg om det verkeleg ikkje var andre saker som hadde større nyhendeverdi enn lesing på skjerm.
Dersom UiS har pengar til overs, kunne eg forøvrig gjerne tenke meg eit stipend for å teste Anne Mangens digitale kompetanse før neste forskingsartikkel vert utgjeven.
Sundagstankar
Eg kom over ein video med eit flott bodskap i dag. Andrea Dorfman lagar herleg melodisk musikk, og lagar også sine eigne musikkvideoar på ein særs kreativ måte.
Videoen hennar under her, presenterer nokre tankar som kan vere verdt å ta med seg ut i den neste veka, kanskje spesielt om du ikkje fekk med deg den bilfrie dagen som var no tirsdag 22.09.
Dei tre w’ar
Ein fantastisk tankevekkjande video om den moderne skuleeleven:
Skulen i det 21 århundre
I dag ynskjer eg å sette søkelyset på to interessante saker eg fann på nettet, etter å ha skumma gjennom RSS-kjeldene mine då eg kom heim.
Det fyrste er ein video:
Dernest tykkjer eg at du skal lesa gjennom bloggposten på acreelman.blogspot.com. Han omhandlar skulens omfavning av nye, digitale verkty.
Ikkje berre er det ein interessant bloggpost i seg sjølv. Han kapra i tillegg merksemda mi på grunn av ein diskusjon me hadde på teamet i dag. Spørsmålet ser du i skjemaet under, og eg set veldig pris på om du tek deg bryet med å dela di meining omkring temaet.
21st century teacher
It’s Learning…eller gjør de det?
It’s Learning er ein av dei mest suksessfulle LMS’ar (Learning Management System) me har å nyttegjere oss av her i Noreg. Saman med ClassFronter er dei leiande innan dette feltet, med PedIT såvidt haltande etter.
Eg har lenge sagt at It’s Learning ikkje er ein LMS som er påtenkt grunnskulen i Norge. Til nød kan ein nytte det i ungdomsskulen. Dette er eg ikkje aleine om å meine heller.
Fram mot It’s Learnings oppdatering den 26.08 hadde eg store håp. Eg såg for meg nytt og forbetra design, dra og slepp-funksjonalitet, slutten på bruken av frames og mykje meir. Nedturen var difor stor då eg oppdaga at lite nytt hadde hendt. Det kom litt nytt her og der, dog intenting revolusjonerande, men dei gamle irritasjonsmomenta var der endå.
Her om dagen gjorde eg eit forsøk på å laga ei «side». Denne laga eg som ein mal, for å kunne kopiere og nytte om att. Resultatet vart to kliss like kopiar i filtreet, ein kopi i «mitt bibliotek», og null rettigheiter til å redigere ei einaste ei av dei sidene eg hadde laga. Jf. film under;
Det plagar meg at slikt dukkar opp heile tida. Kan ein ikkje fokusera på å fiksa feil som folk irriterer seg over, framfor å laga nye funksjonar som viser seg å heller ikkje fungere? Eg tipsar på Twitter, vert henvist til http://itslearning.accept-ideas.com/ som viser seg å heller ikkje fungere. Dette nemner eg nok ein gong på Twitter, får svar, men utan at det hjelp.
Ja. Eg er frustrert. Når eit selskap som tek nye marknader i utlandet og tilsynelatande håvar inn millionar frå stakkarslege kommunar og barneskular rundt om i Noregs land, ikkje ser ut til å høyra på brukarane, då vert eg mest irritert. Skal det verkeleg vera mogleg å selge seg inn i ein marknad på eit behov som for mange ikkje er der, og så gje blanke i det når det vert stilt krav til produktet?
På toppen av det heile gjeng eg på kurs og ser kurshaldarar mislukkast i å utføre oppgåver dei garanterer skal fungere, men som eg hardnakka påstår at ikkje gjer det.
Runde 2 (minst) av Facebook i skulen
I dag lenka Eva Bratvold til ein artikkel frå NRK Rogaland som omtalar det tilsynelatande evigvarande diskusjonstemaet i norske media; Facebook i skulen. Eg lova henne eit svar på dette då eg sat på bussen i dag, men av di eg sa at det var eit par «men» omkring spørsmålet under, kjem svaret i form av ein bloggpost som det diverre har vorte alt for lite av i det siste.
Spørsmålet som vert stilt er altså dette; bør elevar og lærarar vera vener på facebook. (Facebook vert forøvrig her skrive med liten f, slik det er gjort frå NRK Rogaland si side.)
For dei med noko over normal husk, er gjerne ikkje ein diskusjon som denne noko nytt. I så måte er det rart at NRK Rogaland vel å lage dette til ei nyhende.
Sist det gnistra omkring Facebook i skulen var vinklinga ei litt annan. Då hadde media fått snusen i at ein lærar vært mobba på nettopp Facebook.
Eg nemnde då i ein noko ironisk kommentar, at skulen i Drammen gjerne kunne gjere som andre skular, å stenge tilgangen til heile Facebook. No ser vi heldigvis ut til å ha kome forbi dette stadiumet, og lite gler meg meir. For ser vi nok eit halvår attende, vil VG Nett ha det til at den dåverande kunnskapsministaren gjekk inn for å straffa elevar som nytta for mykje tid på Facebook i løpet av skuledagen.
Heldigvis var den gode Solhjell såpass i stand til å nyttegjera seg av digitale media, at han allereie i løpet av dagen hadde posta eit godt tilsvar til det som stod i avisa.
Om lærarar skal vere vener med sine elevar på Facebook, er eit spørsmål ein sjølvsagd kan diskutera i eit halvårs tid eller lenger, for så å koma fram til at det gjerne ikkje er så galt som dei største skeptikarane gjerne skulle tru.
Her er min umiddelbare reaksjon.
Ja! Lærarar og elevar kan sjølvsagd vere «vener» der. Dette er det minst to grunnar til, men eg nøyer meg med å skildre nettopp desse for no.
For det fyrste er det å bli ven på Facebook ei noko missvisande uttrykk. Det er nettopp Facebook som har valt å kalla det å kople seg til ein bekjent på ein virtuell måte som «ven». Det funkar som konsept, og er sågar vorte eit verb i det engelske språket, på linje med det «å google». Dette er altså noko ein kan takke Mark Zuckerberg for. Om ikkje lenge til, dukkar det opp ein film om nettopp Facebook. Det blir då spanande å sjå om ein kan finne ut noko meir om bruken av ordet «ven» på Facebook. For alt eg veit kan den gode Mark ha hatt lite vener då han gjekk på Harvard, og funne ut at dette gjerne kunne vere ein grei måte å skaffa seg nokre på. Som sagt…det vert spanande å sjå.
Grunn nummer to til at eg kjenner at det vert litt mykje oppstuss rundt heile greia, er at det finns noko som heiter privacy settings. For mange, gjerne dei med liten eller ingen digital kompetanse, er dette eit ukjend fenomen. Men det eksisterer altså.
Privacy settings er ei flott oppfinning av Zuckerberg. Denne funksjonen gjer det faktisk mogleg (og no kan du gjerne halde deg fast) å filtrere informasjonen du fyller internettet med. Du kan lage lister der folk på dei ulike listene har tilgang til ulik informasjon.
På den måten kan altså dine kjære elevar verte skåna for det fæle verkelege livet du som lærar heilt sikkert lev, når du ikkje står bak framom tavla i klasserommet.
Så kan ein sjølvsagd spørje seg om ein ein verkeleg ven når ein filtrerer det ein deler med venene sine?
Når alt er sagd, så er det likevel ein regel eg sjølv har. Eg tek aldri initiativet til å verte «ven» med elevar. Det er ein regel eg har definert for meg sjølv som eg føler kan vere ein god leveregel. Skulle ein elev få lyst til å leggje meg til som «ven», har eg vanskeleg for å sjå det som noko anna enn ei positiv handlig. Å kappe handa av han eller ho, med å nekte å godkjenne førespurnaden i det eleven strekk ut handa, trur eg gjerne skadar eleven meir enn om ein skulle godta han og legge han til i si elevar-liste.
Og med dette vonar eg du har fått svar Eva? 🙂
PS…og no har eg ikkje ein gong teke tak i Liv Marie Schou og andre si flotte bruk av Facebook i undervisninga.
PS II…sjå også Jonny Eriksens skriveri om nett samme sak