Let gymnastik, meget lys (solbad, elektriske lysbad), frisk luft, og fremfor alt en letfordøielig kost som er rikelig forsyntmed frugt og grønsaker. Blodgivende midler er: salat, spinat, gulrøtter, kaal (grønkaal, hvitkaal og rødkaal), epler og jordbær. Rødkaalen maa ikke tilages med eddik, men heller sur ribssaft. Grønsakene burde helst dampes eller ogsaa bør man koke dem godt og kun drikke vandet de er kokt i; der findes alle saltene som er vigtige for blodet.
All posts by Sinnes
Eg kunne vore Amerikanar
Eg kunne vore amerikanar. Ikkje at eg hadde hatt eit ekstremt ynskje om å vera det. Men eg kunne altså vore det…i følgje dette:
You Passed the US Citizenship Test |
Congratulations – you got 7 out of 10 correct! |
Sommarens ironi
Sjølv om sommaren til no har vore eit makkverk av ei forestilling, finst det nokre heiderlege unntak som er med på å gjera sommaren 2007 til ein minnerik ein. Eit av desse unntaka var i går, då det etter å ha regna stort sett heile dagen, vart ei glenne i skydekket. Ovanfor kan du sjå resultatet (sjølv har eg aldri sett ein så sterk og klår ein)…
Lærarar tener….
Frå Gunnars blogg, kunne eg i dag sjå følgjande:
[youtube:v=RxsOVK4syxU]
Bylder
Hete omslag er ypperlige. De vil enten drive bylden bort, eller modne den og lindre smerten. Saasnart materie viser sig under huden, bør bylden skjæres op, og materien presses ut ved let tryk. Saaret vaskes og holdes rent med borvand.
AA-studieoppstart
Då var det omsider offisielt. Billetten til det fjerne austen har ankome. Eller….rekninga har i det minste det. Men det er jo eit handfast bevis så godt som noko, så eg tillét meg sjølv å kjenne så smått på reiselysta som jo så ofte kjem rett før ein skal avgarde på spanande eventyr.
Etterkvart kjem det nok både eit og to innlegg under AA-kategorien her på dalstroka-innafor.net, så det er eigentleg berre å starta å abonnera på RSS-straumen fyrst som sist. (Kva er ein RSS-straum?)
Reiserute kjem etterkvart, men eg kan vel nemne at med byrjar studiet med eit kort opphald i Malaysia, deretter ber det mot det australske kontinentet og Brisbane der me skal tilbringa seks veker. Ein liten svipptur til Japan vert det og tid til etter at me har fått nok av Vegimite og kenguruar, før me dei siste seks vekene sjølv vel kvar me skal ferie…..ehm….gjera ferdig studieoppgåva som me skal skriva. Kanskje nokre saknar haustmørket og reiser heim att, medan andre vil ha meir, meir, MEIR!
Jeppa pinne
I gamle dagar, då eg var knøtt, var me mykje ut og fann på ting. Me spelte døball, anti-øve, lite vink, spark på boks og kappa land. Men av dei kjekkaste aktivitetane me haldt på med, var det å jeppa pinne.
I gamle dagar fanst det tre på skuleplassen, eller i det minste rett utanfor. Nokon hadde kanskje leika indianar og cowboy dagen før, og hadde laga seg piler av unge rauner som dei tok med seg på skulen dagen etter. Ikkje for å skyta pilene etter kvarandre, så gale var det sjølv ikkje då, i den tida då når born hadde lov å slå seg. Men pilene hadde andre bruksområde, nemleg som verkty i dette facinerande spelet.
Å jeppa pinne er ein lagsport. Ein utdøande lagsport. Ein actionfyllt lagsport! Det kan minne litt om dei mer kjende sportane cricket eller baseball, men er til samanlikning utan ballen. Kan dette vere det perfekte spelet for dei som til dømes ikkje heilt vert oppslukt av at 22 spelarar spring etter ein ball og prøver og få han i eit mål i kvar sin ende av bana? Eg veit ikkje. Men ein ting er sikkert, å jeppa pinne er ein kunst, og ikkje minst: morro! Så for dei som har lyst å gjera ei forsøk med det, og antan ikkje har spelt det før, eller ikkje hugsar korleis det gjekk føre seg…her er reglane.
Utstyr:
2 stk pinnar, henholdsvis 15-20 og 30-60 cm lange.
2 steinar/treblokker som ein kan leggja den minste pinnen på tvers av. (basen)
Spelets gang:
1. Del inn alle deltakarane i to lag. Eit innelag, og eit utelag.
2. Spelarane på utelaget fordelar seg utover bana, medan spelarane på innelaget stiller seg opp etter tur for å jeppa pinnen.
3. Den minste pinnen vert lagd mellom steinane (på basen).
Fyrste slaget – Vippen
4. Den fyrste spelaren på innelaget tek den store pinnen og held han intill den vesle slik at han kan vippa pinnen ut på bana. NB! Kontakt mellom pinnane er viktig så ein ikkje slår pinnen ut på bana, noko som kan medføre skadar.
5. Når spelaren på innelaget så vippar pinnen, er det opp til utelaget å ta tak i denne før han fell i bakken, altså å ta hys. Klarer ein dette, er spelaren som vippa pinnen ute.
6. Klarar ein derimot ikkje å ta hys, legg innespelaren vippepinnen på tvers av basen.
7. Utespelaren som er nærast den vesle pinnen, prøver så å treffa vippepinnen slik at han fell ned frå basen. Klarar han dette, er innespelaren og ute av spelet.
8. Om utespelaren derimot ikkje klarar å treffe vippepinnen, nyttar ein den vesle pinnen for å måla avstand til der vippepinnen no ligg. 1 lengd=1 poeng til innelaget.
Andre slaget – Enkeltslag
9. Hald den vesle pinnen med eine handa, og sler han utover på bana med vippepinnen.
10. Utespelaren kastar nå den vesle pinnen inn og skal treffa så nært opptil basen at innelaget ikkje kan oppnå poeng. Innespelaren har her anledninga til å “vispa” framfor basen slik at veslepinnen kan havna langt unna.
11. Poeng målast med vippepinnen frå den vesle, og inn til basen. Igjen poeng til innelaget.
Tredje slaget – Dobbeltslag
12. Innelaget sin spelar må her slå pinnen opp i lufta ei gong før han kan slå han ut på bana.
13. Poengoppmåling her gjev 2 poeng for kvar pinnelengd.
14. Klarar utelaget å ta hys, er det nestemann på innelaget sin tur.
Fjerde slaget – Sjanseslaget (frivilleg)
15. Innespelaren må her treffe den vesle pinnen to gonger i lufta før han kan slå han ut på bana. Ein får no fem poeng pr. pinnelengd.
16. Tek utelaget hys no, får utelaget alle poenga til innelaget når dei byttar plass.
17. Om utelaget tek hys, er det nestemann på innelaget sin tur å slå, slik som før.
18. Når alle på innelaget har hatt sin tur eller blitt slått ut, bytar laga plass og fortset spelet til eit lag når avtalt poengsum.
Jepp jepp.
Diarré
Diætens regulering vil ha stor betydning. Avstaa fra grønsaker, ost og kjøt. La føden bestaa væsentlig av melk, havremel, granola, kavringer etc. Anvend saa hete og store klysterer som kan taales, og tillike hete omslag til underlivet to ganger daglig. Bruk mavebelte og la beklædningen være varm. At drikke megen het melk er ogsaa godt.
Lærarmangel
Medan regnet plaskar på vindauget i den suraste sumaren eg kan hugse, sit eg her og les litt lærarnytt frå ulike bloggar på nett.
Eg beit meg spesielt merke i ein som omhandlar kostnadane omkring nytilsettjingar av lærarar i det amerikanske skuleverket. Det slo meg med eitt at ei slik undersøkjing burde verte gjort her til lands og. For veit ein eigentleg noko om dette? Kor mykje kostar det eigentleg å tilsettje ein ny lærar etter at ein har slutta? Rykta eg høyrer, er at fleire og fleire lærarar sluttar i yrket sitt til fordel for eit betre lønna arbeid i privat sektor. Ser ein på tal frå Statistisk Sentralbyrå, vil ein leggje merke til nokre ting. For det fyrste, i perioden frå 1993 til 2003 har talet på tilsette i skuleverket auka med snaue 12000. Eit markant skilje finn ein frå 1996-1997. Ved innføringa av L97, ser ein at talet på lærarar auka med 6500 tilsette. Eit tankekors kan vera at av desse, så var 2200 i aldersgruppa under 29. Likevel finn ein at frå 1993 har prosentandelen som er over 50 år gått opp frå 28.9% til 40.1%. I bortimot same periode, 1991 til 2001, har talet elevar auka med heile 120.000. Likevel, ser vi at lærartalet diverre i 2003 fortsatt ligg på eit stabilt post-L97-nivå (1998).
Så eg spør meg sjølv; er det eigentleg særleg rart at nyutdanna fell frå der dei kjem ferske i frå ein av landets lærarinstitusjonar, og blir slengt rett i det der dei må takla bortimot 30 born sine einskilde behov, og kanskje det doble antal foreldre som pressar på for at akkurat deira unge skal få meir merksemd av deg? Kanskje er ein så heldig at foreldreparet ikkje eingong lenger er eit par, og ein endar med eitt opp som in formidlar mellom foreldra sine ulike ynskje for sitt felles born.
Det er nettopp slike eksterne tilhøve som vert vektlagd som grunn til at lærarar sluttar i ei amerikansk undersøking i April d.å:
- Fleire og flerie born manglar ei skikkeleg, felles støtte av heimen.
- Lærarar vert pålagde å gjera stadig meir på eit allereie avgrensa tidsrom.
- Det vert forventa at lærarar er ekspertar på alle område.
- For lite planleggingstid.
- For mykje papirarbeid.
- Sjeldan ein har ein skikkeleg fridag.
- Manglande støtte.
- Lærarar arbeider i helgene utan å få betalt for det.
- Lærarar nyttar sumarferien til å planleggja neste års skulekvardag.
- Elevane treng/krev stadig meir tid av læraren.
At eldre lærarar held ut i møtet med alle desse krava er kanskje ikkje så rart. Dei har trass alt halde på med det ei stund, og har etterkvart vorte rimeleg hardhuda…samtidig som dei vel så smått byrjar å gå på autopilot. At den unge lærarspira som dukkar opp, fulle av forventnigar til korleis nettopp han/ho skal vera med på å endra skulen, fer seg eit sjokk og kapitulerer etter kun få år er kanskje ikkje så rart.
Det har vore forsøkt med bruk av ein slags mentor til nyutdanna, eller generell støtte til å kome inn i det praktiske. Spørsmålet er vel om det fungerer når ein ser på tala. Men ei slik støtt, i alle fall det fyrste året, er nok ikkje heilt feil veg å gå. Sjølv ynskjer eg meg ein lærarsekretær når den tid kjem. Ein som kan ta seg av alt papirarbeidet slik at et kan fokusera på sjølve lærargjerninga. Men nå får ein sjå korleis det går…for alt eg veit, kan eg jo verte skremd eg og.
Ørepine
Ørepine lindres eller forsvinder ved indsprøitning av saa hett vand som man kan taale. Man kan benytte en lite sprøite eller irrigator. Ret straalen mot den bakre væg av øregangen, og ikke like mot trommehinden.