Category Archives: Utdanning

Innlegg som tek føre seg ulike utdanningstema.

Skuleutfordringar også i Sverige

Denne bloggposten tek føre seg tre noverande eller førståande hendingar. Tariffhøyring 2012 for KS-området, Kunnskapsdepartementet si høyring om endring av opplæringslova, og ein artikkel som fem svenske lærarar har publisert hjå Svenska Dagbladet.

Til våren tek nye forhandlingar fatt for arbeidarar i kommunal sektor. Arbeidet er alt i gang rundt omkring, og innspel vert sent fram og attende. Meiningar vert utveksla. Krav vert sette fram. Pengar vert igjen eit stridstema;

“Utdanningsforbundets hovedutfordring er at lønnsnivået og lønnsutviklingen til våre medlemmer ikke
gjenspeiler at de har noen av samfunnets viktigste jobber.” – Utdanningsforbundet 2011

Samstundes har Kunnskapsdepartementet sett i gang ei høyring for å få til ei endring i opplæringslova. Bakgrunnen for dette er at Regjeringa ynskjer å;

”…legge til rette for flere lærere gjennom styrket kommuneøkonomi og ved å
endre opplæringsloven for å sikre en maksimumsgrense for tallet på elever per lærer på hver
skole”. – Kunnskapsdepartementet 2011

Nettopp det som er nemnt ovanfor, er det Malin Appeltofft, Anna Ladra Björklund, Katarina Engström, Karin Mogren og Emma Rosengren tek føre seg i sin artikkel i dag.

Det er rart å lese det dei skriv. Eg sit att med ei kjensle som seier meg at det like gjerne kunne ha vore ei situasjonsskildring frå det norske skuleverket. Også her vert arbeidsdagen  for lærarar i større og større grad oppteken av ting som ikkje har med pedagogisk utøving å gjera.

Dei opnar artikkelen med å kalla ei spade for ei spade;

“Den svenska skolan styrs idag av ekonomi och inte av pedagogik. För inte ligger det väl en pedagogisk tanke bakom att bunta ihop 27 sexåringar i en förskoleklass och låta 1,5 lärare undervisa dem?”

Er det det Utdanningsdepartementet no har begynt å innsjå, at pedagogikken må vika for andre krav? Eg tvilar.

Sjølv er eg heldig. Eg er kontaktlærar for 18 elevar. Alternativet var 27. Her gjorde administrasjonen min eit kjempelurt val. For elevane sin del. Men slikt kostar sjølvsagt.

No vil Regjeringa settje tak på kor mange elevar det kan vere i ei klasse. Dei har laga to ulike forslag. Ein skulemodell (1), og ein kommunemodell (2). Skulemodellen legg føringar for kor store grupper som skal vere på kvar skule. Kommunemodellen tek i bruk eit gjennomsnitt i heile kommunen, noko som gjev kommunane litt triksingsrom.

Det er rart å tenkje på at Regjeringa har eit ynskje om få eit betre utdanningssystem, når dei legg opp til at kommunar må opprette fleire lærarstillingar, men på den andre sida kuttar i overføringane til dei same kommunane.

Departementet skriv at i høyringa si at 20-30% av allereie utdanna lærarar ikkje har sitt daglege virke i skulen. GNIST-kampanjen ynskjer å auka rekrutteringa til læraryrket. Dette er måla deira;

  • økt status for læreryrket
  • økt kvalitet i lærerutdanningene
  • økt kvalitet i lærerprofesjonen
  • økt kvalitet i skoleledelsen
  • økt rekruttering til lærerutdanningene og læreryrket
Her manglar eit vesentleg punkt, om du spør Utdanningsforbundet: auka løn!
Spørsmåla ein må stille seg, om ein sit i Utdanningsdepartementet er desse: kvifor sluttar lærarane, og kvifor kjem dei ikkje attende?
Her trur eg mine svenske kolleginner har gjeve svaret alt. Personleg er eg ikkje framand for tanken om å gå ned i løn. Som eit eksempel for resten av det norske samfunnet. Midt i oljepølen Stavanger er sjølvsagt ikkje det så lett å få gjennomslag for, og “idealist” var vel stempelet eg fekk. Men eg er ikkje lærar for løna. Eg er lærar for å gje born ein plattform dei kan vakse på. Det treng eg tid til. Men om eg går ned i løn, kva får eg att av KS då? Ingenting. Det er jo ikkje KS som bestemmer kva statlege krav som kjem flygande frå Stortinget. Kva får eg att av Staten? Mindre skatt? Neppe.

Studielån

Er dette noko av grunnen til at eg er så sugen på å sletta mitt eige studielån så fort som mogleg? Det kan vel hende. Men korleis står det eigentleg til med studiesituasjonen i Noreg? Vel har vi gratis utdanning, men så vidt eg veit, er det ikkje gratis å bu der ein tek utdanningane…i alle fall ikkje om ein skal halda seg i storbyane rundt om i Noreg. I desse statsgjeldtider (Hellas/USA)…kor mykje studiegjeld har eigentleg norske studentar å betala ned dei neste 40-50 åra? Og vil vi ha arbeidsplassar nok til desse?

Pinsetankar

I dag vil eg berre dele eit par gode sitat eg har høyrt i helga. Dei fekk tankane mine til å kverne båe to. Kan hente gjer dei det same for deg.

Ung kan ikkje lære av gamal, kunne han det, vart han gamal sjøl og våga seg ikkje på livet.

Arne Garborg (via Twitterbrukaren @Ullert)

I tillegg kom eg også over eit frå andre andre sida av jorda.

“I think it’s fascinating that we have a profession where kids come to school to watch us work.”

John Hattie

Facebook, lærarar, elevar og “venning” – soga fortset

For ei stund tilbake skreiv eg litt omkring temaet Facebook, lærarar og venestatus.

Frå ein av mine favorittbloggarar på nettet, altså ein av dei eg har i RSS-straumen min, The Innovative Educator, dukka det i dag opp litt herlege, frigjerande tankar omkring nett dette temaet.

Litt utdrag for å settja leseslysta di i sving:

“…outcries to ban teachers from “friending” students on Facebook. Innovative educators know this is confusing, rather than addressing, the issue.”

Vidare skriv Lisa Nielsen, den New York-baserte læraren bak bloggen The Innovative Educator:

“Rather than what the media might have you believe, this means we need to encourage, NOT discourage educators from “friending” students not just on Facebook, but on playgrounds, in classrooms, and in the community.”

For min eigen del var dette, og resten av bloggposten herleg lesing. Så klikk deg vidare og få litt andre impulsar enn dei dommedagsprofetiane du les om i riksavisar frå tid til annan.

The Innovative Educator om Facebook, lærarar, elevar og “vener”.

Mangen bekkar små, gjev ein stor Åhh!

Stavanger Aftenblad skreik i mot meg i bladhylla i dag med følgjande framside;

Forsker ved UiS: Vi leser lettere på papir enn på skjerm.

Kunne eg la vere å kjøpe det for å lese kva Anne Mangen no hadde funnet ut? Sjølvsagt ikkje!

Fyrst av alt…ein ting er eg og Anne Mangen einige om. Ein PC er ikkje det beste vertyget til alt skulearbeid. Men der sluttar også likskapane. Det skal også seiast at i og med at artikkelen ikkje er skrive av Anne Mangen sjølv, så skal ein ta innhaldet med ei klype salt. Likevel er nokre av sitata ho har fått med, vinkla på ein slik måte at eg har vanskeleg for å la dei liggja ukommenterte.

Mangen seier sjølv at ho har teke utgangspunkt i lange, samanhengande tekstar, med både bilete og hyperlenker. Der skurrer det for min del. Eg har ennå ikkje lese ei einaste bok med hyperlenker, så korleis kan ein med eit slikt utgangspunkt kan gjere ei samanlikning er for meg litt vanskeleg å forstå.

Det er heller ikkje definert kor lang ein lang tekst er. Dette heng vel igjen saman med lesehastighet til den einskilde? For ikkje å snakke om temaet som vert teke opp i teksten, og om ein finn det interessant i utgangspunktet. Gjer ein ikkje det, kan jo sjølv ein kort tekst framstå som utåleleg lang.

Forskaren skildrar fleire gonger i artikkelen det å lese på skjerm som eit ork av ei anna verd. Ein må jo klikke og scrolle rundt omkring på denne virtuelle flata som ein gal, og ein kan aldri vere sikker på kva som kjem fram etter eit klikk.

Vidare seier ho også at ein aldri kan vere sikker på kvar ein er i ein digital tekst.

Desse to utsegna seier meir om Anne Mangens digitale kompetanse, enn dei gjer om lesing på skjerm.

For det fyrste er det ikkje lenger ein tekst ein les om ein vel å klikke seg inn på ei lenkje. Då er det to. For det andre bør ein lese gjennom heile teksten før ein set i gang med ekstra lesing.

Anne Mangen siteres også på følgende;

Skal vi skrive en B med blyant, må hånden øves til å gjøre spesifikke bevegelser for å forme bokstaven. Trykker vi på en B på tastaturet, må hånden ikke gjøre noe annet enn når vi skriver en N, som ligger rett ved siden av.”

Her har ein altså gjenge over på temaet skriving, men eg tillet meg å kommentera det likevel.

Er det mogleg at Anne Mangen ikkje skriv med touch-metoda? Hadde ho gjort det, ville ho ha merk at om ho nytta fingrane på same måten, for å skrive to ulike bokstavar, så ville autokorrekturen fått mykje å gjere. Vinklinga på fungraner er ulike. Ein nyttar ulike fingrar, og jamvel og ulike hender. Ved skriving for hand, nyttar ein etter det eg kjenner til, berre ei hand. Helst den høgre.

Når små born skal lære å skrive bokstavar, kan det for mange, kanskje spesielt gutar, vere betre å få lov til å trykke på ein tast med bokstaven B på, i staden for å sirleg snirkle ned strekane som nokre vaksne har definert som bokstavar. Dette gjeld kanskje meir i dagens skule enn tidlegare, i og med at me har bestemt oss for å sende born i 5-årsalderen på skulen.

At motorikken kanskje ikkje er i høgsetet hjå desse aller minste, er ikkje noko ein burde bli overraska over. Ikkje minst i eit samfunn som har vorte så stillesittande, og lite fysisk utfordrande som det det har vorte her i Noreg.

Det synest altså underleg at Anne Mangen så bastant kan definera PC’en ut av likninga på lange, samanhengande tekstar, når det skin så gjennom at Anne Mangen sjølv ikkje kan ha funne rett subverkty å nytte når ho har valt å testa datamaskinverktyet i høve til lesing og skriving.

Det finst mange ulike typar program å lese tekst i. Tekstane vert gjengjeve på ulikt vis alt etter som. Det finst og mange ulike typar skjermar å lese tekst på i og med at vi no også har fått digitale bøker.

På to år har tydelegvis ikkje Anne Mangen kome fram til noko nytt. Aftenbladet burde difor ta seg fem minutt, og spørje seg om det verkeleg ikkje var andre saker som hadde større nyhendeverdi enn lesing på skjerm.

Dersom UiS har pengar til overs, kunne eg forøvrig gjerne tenke meg eit stipend for å teste Anne Mangens digitale kompetanse før neste forskingsartikkel vert utgjeven.