Eg tok akkurat ein kikk på kjøpshistorikken min i iTunes. Det var noko som slo meg med dei siste tre kjøpa mine…er eg inne i ein «dum» periode?
Category Archives: Generelt
Innlegg som ikkje fell inn under nokon spesiell kategori.
Tur til Sele
Søndag er turdag. Derfor vart eg med Birthe ein liten tur ut til Jærstrendene. Laksen hoppa nøgd i elva då regnet kom. Me gøymde oss i ein gapahuk for fluefiskarar, sjølv om me ikkje akkurat hadde laks på middagsmenyen.
Det irritterande var at bygeveret var særs lokalt, slik at vegane stort sett var tørre heile vegen heim art. Men eg fekk da i det minste gått på hengebru og hatt føtene i sanden!
Det er offisielt
Då er det gjort. 27,5 år tok det før eg fekk flytta frå Sirdal, men i dag dumpa det synlege provet på at det faktisk er det eg har gjort ned i postkassa.
I tilleg la eg merke til eit par ting då eg gjekk til jobb i dag. For det fyrste treffte eg bror min som kom kjørande sedvanleg tilbakelent i sin Peugot, med blå lys i fronten. Og det andre som var gledelig var då eg kikka opp på bensinpristavla til Statoil. Ho tok meg attende til fordoms tider…då Ananas Ha-På var å finde på frukostbordet og dieselen fortsatt kosta ein slikk og ingenting til samanlikning med bensinen. Skilnaden var ikkje kjempestor, men så skal ein heller ikkje krevje for mykje heller.
Avstemmingsresultat
Det vart i alt 12 hesjer i Leidli i 2008. Det er ganske godt. Lite hesjer vil jo seie det same som mykje godt vér, og slikt likar både eg og Hennig Olsen! I tillegg vert det meir flattørking med breiing, snuing og rekkjing. Hurra for det.
Så til alle dei som tippa over 10 men under 15; Gratulerer! Akkurat avstemmingane kvalifiserer nok ikkje til premiar, men følg med, følg med…før du anar det kan det vera ein ny gissekonkurranse på trappene, og då gjeld det å ikkje liggje på svaberga!
Wonder #2
Trampe på tur
[youtube:http://www.youtube.com/watch?v=K-uvf1mz9iA]
Tidleg hoppebilete
The memories….
17 mai och tårta
17. mai 2008 vart avhalden i Volda slik det har vore tradisjon for min del dei siste fire åra. Eg er nok ikkje nokon stor 17. mai-fan, men me hadde trivelig samvære med gode vener, fekk gått i tog, veifta med flagg, ete is og fortært nokre flotte kaker som Pernille og Siri diska opp med! Hipp hipp hurra for ein fin 17. mai.
Åtvaring!
No i desse juletider går fleirfaldige plastikkort varme idet dei vert sveipa gjennom bankterminalen fortare enn grautskeiene i risengrynsgrauten på Jolafta! I så måte har eg erfart eit par småting dei siste dagane. Er du ikkje kunde i SR-Bank er det ikkje sikkert dette gjeld deg, men sjekk likefullt.
For det fyrste så har min kjære bank som eg har vore så trufast mot i alle desse år no funne det for godt å gje brukskontoen min eit nytt namn. Det fengande «Alltid» er namnet på det vidunderlege nye konseptet. Av flotte ting SR-Bank kan freista med er mellom anna;
- Visa
- Mastercard Gold
- Gratis bruk av kortet for varer og tenestar i heile verda
- Gratis uttak av kontantar i SR-bank sine minibankar i Noreg
- Gratis rekningsbetaling
- Gratis veksling av valuta
og sist men ikkje minst… - VALFRITT motiv på Visakortet
Og alt dette til berre, og eg gjentek berre 30,- månaden! Eit røvarkjøp med andre ord! Men vent. La oss gjera litt grunnleggjande matematiske utrekkningar. Fyrst er det kanskje eit poeng å vera klar over at eg til no har betalt 275 kroner i året for at SR-bank skal få passa på pengane mine, og for at eg skal ha tilgang til midlane mine gjennom minibankar og nettbank. Men gjer no eit kjapt reknestykke…30+30+30+30+30+30+30+30+30+30+30+30…eller 30*12…det vert jo 360 kroner!
No er kanskje ikkje 360 kroner all verdas mykje pengar, men det er noko med det prinsippielle. Kvifor skal eg betala meir pengar for dei tenestene eg har lista opp ovanfor? Motivet på Visakortet mitt gjev eg ganske enkelt blanke i, veksling av valuta kostar meg rett og slett ikkje meir enn at eg klarar å betala 40 kroner pr uttak. Det er trass alt ikkje så ofte eg er utanlands. Rekningsbetaling har vel såvidt eg veit vore gratis allereie, det same har uttak frå SR-bank sine minibankar vore. Bruken min av kort for å betala varer frå utlandet er ikkje noko eg gjer til dagleg. Mastercard er beint fram uaktuelt å skaffa seg. Og til sist…Visakortet har eg jo «alltid» hatt likevel. Med andre ord. Eg er altså havna i den heldige situasjonen at eg betalar 85 kroner meir for dei same tenestene eg har hatt tilgang til alltid. Litt ulogisk med tanke på at utviklinga til ei kvar tid siktar seg inn mot billegare og meir effektive løysingar!
Og så over til mitt andre ankepunkt i høve til SR-bank…her om dagen var eg sittjande å bla gjennom gamle årsoppgaver. Då eg i dag gjekk inn att på nettbanken min for å betala semesteravgift. Då lyser det ei rekkje med raude tal mot meg.
Når hadde eg fått melding om dette? At det kostar med 5 norske kroner å gå inn å sjå på gamle årsoppgåver? Heller ikkje dette er dei store summane, men her er det altså igjen dette med prinsippet som gjer seg gjeldande!






