Tagged in: pedagogikk

Pinsetankar

I dag vil eg berre dele eit par gode sitat eg har høyrt i helga. Dei fekk tankane mine til å kverne båe to. Kan hente gjer dei det same for deg.

Ung kan ikkje lære av gamal, kunne han det, vart han gamal sjøl og våga seg ikkje på livet.

Arne Garborg (via Twitterbrukaren @Ullert)

I tillegg kom eg også over eit frå andre andre sida av jorda.

“I think it’s fascinating that we have a profession where kids come to school to watch us work.”

John Hattie

Påstått dataskrekk blandt lærarar…

Aftenposten kjem i dag med ein artikkel som gjer at det byrjer å syde og koke inne i meg. Med den kraftig provoserande overskrifta “Pedagoger lider av datafobi, har Kristin Jonassen Nordby utført sin misjon.

Jonassen Nordby siterer Odd Arild Olsen, spelsjef hjå Barnevakta.no;

Skolen kan og bør bruke dataspill langt mer enn de gjør i dag for læring og lek

Eg er heilt utruleg einig i det Olsen seier her! Det er dog ein ting som ikkje stemmer med Olsens teori.

Etter det eg kjenner til er det eit fåtal norske skular som har tilhøva lagd til rett slik at pedagogane kan bestemma kva slags programvare dei har tilgang til. Etter fire år på skulebenken, og snart to år ute i den verkelege verda, har eg endå til gode å oppleve ein maskinpark som legg tilhøve til rette for at pedagogane skal stå for vala av kva slags programvare lærarar og elevar har tilgang til.Bilete av Extra Ketchup (Flickr)

Eg har tidlegare vore inne på dette i eit innlegg frå august 2009. Også Eva Bratvold har teke opp same problemstillinga. Sistnemnde er forøvrig eit eksempel på ein bloggar som Johnny Eriksen ville ha kalla ein praktpedagog.

Eg opplever altså artikkelen til Aftenposten som ein skivebom på høgde med Norske skiskytterresultat i OL. Det er ikkje pedagogane det står på. For som det også vert sagt i artikkelen, “Yngre lærere er langt mer positive til bruk av dataspill i skolen og på SFO enn de eldre”. Men det er altså ikkje her utfordringane ligg. Datamaskinane i skulen må gjerast personlege, ikkje offentlege! PC er ikkje eit akronym for Public Computer, men Personal Computer. Realiteten i den norske skulen pr. i dag gjev ikkje eit atterskin av dette. Den lærdomen norsk ungdom i dag får når det gjeld heilt grunnleggjande digital kompetanse, tilpassing og vedlikehald av eit verkty, skjer pr. i dag rundt om i dei mange tusen norske heimar. Det er jo tydelegvis ikkje i heimen regjeringa tillet at læring skal føregå…som om læring var tidsavgrensa!

Tryggleik eller nytte?

I den seinare tid har eg fått gleda av å kjenne kvardagen som IKT-ansvarleg i det norske skuleverket på kroppen. Det har vore ein augeopnar for å sei det mildt. Spenn setebeltet fast, og gjer deg klar for ei vill ferd i oppsummeringloopen…

No er det sjølvsagt ikkje slik at det er likt over alt, men dette er mine erfaringar i ei komprimert form. Min arbeidsgjevar har som mange andre kommunar i Noregs land ei sentral løysing når det gjeld IKT, og dette er i teorien ein god idé…hadde han berre fungert i praksis.

Fyrst ein liten analogi. Telefonar kjem i mange ulike farger, utformingar og størrelsar. Men dei av oss som hugsar då Brå brakk staven, kan også hugse ein god gammal travar av ein telefon, telefoniens svar på Massey Fergusson’s Gråtass: Elektrisk Bureau sin ’67-modell!

Dei såg heilt like ut. Det var ikkje noko tvil om at den gråe dingsen var ein telefon. Det var noko alle visste. Alle så kliss like ut. Etterkvart kom det nye modellar, og det som var hot couture ei stund på slutten av 80/begynnelsen av 90-talet var: telefon med trykkeknappar. Ein kunne slå eit nummer på berre nokre sekund. Ikkje mer venting på at talskiva skal vende attende til utgangspunktet.

Vi er no runda 2000-talet, og kan igjen sjå det same. Mobiltelefonane endrar seg bortimot frå dag til dag. På slutten av 90-talet var det ikke tvil om når ein person gjekk med ein “diger” plastdings i handa og prata med seg sjølv, ja så var det ein mobiltelefon. No til dags kan det rett som det er hende at du ser ein person som stressar att og fram i gata og snakkar med seg sjølv. Ved første augneblinken kan det sjå ut som ein lettare sinsforvirra person, men så snur han seg rundt, og du fer auge på det vesle bluetooth-hovudsettet han har på det motsette øyret.

Sjølve trykkjemåten er og i ferd med å endre seg til det ugjenkjennelege. Frå å ha ein velkjend utsjånad med 12 tastar, kan ein no fritt lage sin eigen utsjånad på telefonane. Dashboard vert det kalla på godt norsk. Direkte omsett vert det instrumentbord. Ein går altså rundt med noko i lomma som høyrest ut som noko ein finn på eit sjukehus, og treng årevis med utdanning for å handtera. Og ingen av desse instrumentborda er like!

Her kjem vi til sakas kjerne. Mantraet til alle IKT-gudar rundt omkring i stat/kommune/private verksemder har i lang tid vore at ein må ha lik utsjånad så folk kan kjenne seg att. Ein grunngjev altså det med at ein må ha likt utsjåande instumentbord med brukarane sine “krav” til gjenkjenning. Eg meiner at dette er ei heilt feil framstilling av realitetane. Kor mange handtverkarar går rundt med identiske verktykassar? Er det nokon som på alvor meiner at alle Stortingsrepresentantar har skrivepulten sin akkurat likt med tanke på plassering av telefon, blyant, kaffekopp og partiflagg? No har ikkje eg vore i ein fiskebåt i heile mitt liv, men eg vågar like fullt den påstanden at det ikkje finst ein einaste yrkesfiskebåt der ein har nett dei same løysningane!

Likevel klarar ein å gjere det arbeidet ein skal om ein må bytte verktykasse/skrivepult eller sjark!

Psykedelisk draum...?Difor er eg soleklar på det at når eit verktykassa (Les: datamaskina) du skal nytte til å finne informasjon i skuledagen din, vert låst så til dei grader fast at ein ikkje kan flytte verktya rundt eller langt mindre leggje til nye verkty, ja då kan ein like gjerne nytte verktykassa (Les: fortsatt datamaskina ja…) som støtte på golvet til den alt for lealause skrivepulten.

I skuleverket er mantraet gjerne det at folk er ulike! Det har ikkje IKT-seksjonane rundt omkring i dei best bortgøymde kontora i Noregs land fått med seg endå. Eg har hatt elevar som kun kan lese på ein spesiell type gult papir. Eg veit om elevar som er svaksynte. Me har alle ulike krav til eit verkty! Like fullt er det ein vert servert den evinnelege  blå/grøne skjermen utan at ein kan gjere noko frå eller til med han. Kunnskapsløftet har krav om digital kompetanse i alle fag. Diverre ser det ikkje ut til at ein grunnleggjande digital kompetanse på tilsyn med verktyet, kanskje betre kjend som vedlikehald, er noko ein vil sløse bort tid på å spreie i samfunnet. Forstå det den som kan…

Lærdom frå allmennlærarutdanninga?

I løpet av mine fire år som lærarstudent ved Høgskulen i Volda, er eg ganske sikker på at med ikkje ei einaste gong var innom det å settje opp ein årsplan i eit fag.

Som nyutdanna kjem du til ferdig oppsett, i alle fall om du startar arbeid i august rett etter somarferien slik eg gjorde. Du skal då i året som kjem gjønomføra dei årsplanane som er sett opp året før. I samband med dette har eg nokre spørsmål eg vil slenga ut:

  1. Kvar lærar ein å sette opp ein årsplan i løpet av den fireårsperioda ein er i utdanning? I kvart einskild fag? I pedagogikk?
  2. Korleis skal ein god årsplan sjå ut?

Dette er to ting eg har vorte ganske nysgjerrig på etter at eg meir enn ein gong har kjend på kjensla av: kva er det eg held på med? Oppmodinga går difor ut til lærarar over heile landet (og utlandet):

Kom med tips i kommentarfeltet, gjerne ei lenkje, til eit eksempel på ein årsplan du tykkjer er godt laga!

Motivasjon i skulen

Denne veka gjorde eg to forsøk på arbeidsplassen min. Ei stund nå har eg uroa/irritert meg over at nokre elevar ikkje gidd å gjera ein innsats på skulen. Grunnane kan sjølvsagt vere mange. Kvifor skal elevane gjera arbeid? Ingenting skjer jo om dei ikkje gjer det, anna enn at det går litt dårleg på testen kvar fredag!

Denne fredagen rann det over for meg. Elevar leverer inn prøvar utan å ha svart. Trass i at eg sa at dei måtte lesa oppgåvene skikkeleg presterte dei å gjera dette. I løpet av veka har dei arbeidstimar på skulen der dei skal arbeida med leksene. Litt for mange “gløymer” ting heime, og vert gåande å surre rundt i timane og forstyrre dei som faktisk arbeider.

Eg bestemde meg difor for at dei elevane som ikkje gjorde arbeidet sitt godt nok, om det nå i det heile vart gjort, skulle få sittje att å arbeide overtid! I arbeidslivet elles er det jo trass alt slik at overtid er resultatet dersom ein gjer dårleg arbeid. Så eg tenkte med meg sjølv; “Kvifor skal ikkje det også gjelde på skulen?” Det er jo trass alt arbeid for elevane å gå på skulen.

Difor sette eg meg altså ned med ei gruppe på fredag ettermiddag og gav dei ei oppgåve dei måtte gjera ferdig før dei fekk gå heim og ta helg. Diverre er ikkje dette slik ein kan gjera kvar dag, for det er alltids andre oppgåver ein må gjere etter at elevane er sendt heim. Nokre vart sinte, andre grein ein skvett, men etter kvart sat alle saman og arbeidde flittig som om dei var mønsterelevar. Og det er jo akkurat det dei er i utgangspunktet. Problemet er berre at det er så mykje anna som forstyrrer når ein er 26 elevar i klassen!

Men eg nytta ikkje berre “pisk” denne veka. Eg forsøkte for fyrste gong med premie til den eleven som arbeidde best. Etterkvart vart det jo klart at dette ville vera ein litt ugrei måte å rosa “korrekt” oppførsel på. For det fyrste er det jo ikkje vanskeleg å tenkja seg at “bråkete” elevar vil ha letare for å få bonus for god oppførsel enn det stille og flinke elevar vil ha. Eg måtte difor gjere ei lita justering. Dei fem med best resultat på fredagen skulle få vera med i ei trekning om premien.

Men eg treng ein del tips til korleis eg skal gje alle like gode moglegheiter til å opparbeide seg “loddkapital” til fredagens trekning?

Eg er og interessert i tankar om korleis andre har løyst slike utfordringar? Eg er i alle fall lite lysten til å berre la dei som ikkje gidd få fortsetta ned den gata der dei slepp unna med latskap!

Eg kom over ei oppgåve gitt i ungdomsskulen i 1936 på Kjell Arild Welde sin blogg her ein dag;

6 mann brukar 15 dagar à 10 timar til å grava ei greft som er 160 m lang, 1,5 m brei og 80 cm djup. Kor lang tid treng då 4 mann til å grava ei greft som er 1 1/4 gong så lang, 4/5 so brei so brei og 1 1/2 gong so djup, som den fyrste, når dei arbeider 9 timar for dagen og hev 20% tyngre jord å arbeide med?

R.J Angen
Rekneuppgåvor for ungdomsskulen
Oslo 1936

Gje denne oppgåva til ein elev i dag, og han vil sansynlegvis ringe 1881 for å spørre etter nærmaste entrepenør med gravemaskin, framfor å byrgje å rekne ut!

Porno i skulen?

Folk er livredde for pornografi. Særleg barnepornografi. Det er verste sort!

Eller vent…her må eg nok omformulera meg litt. Vaksne folk er livredde for pornografi. Det er i alle fall det inntrykket ein kan sittje att med om ein følgjer med i media for tida. Barnepornografibeslag, barnepornografiringar, pedofile…alle ord med ein viss relasjon til slik vert flittig brukt på framsidene av Norske avisar, tidsskrift og andre medium.

Av og til kan ein spørja seg om avisene har konkurranse om kven som kan settja saman overskrifter med flest mogleg av det ein kan kalla dødssynder i det Norske samfunnet pr. i dag slik Aftenbladet har klart her.

BarnepornografiFør du les vidare, vil eg for å unngå eventuelle feiltolkingar av denne bloggposten seie at eg ikkje har nokon som helst sympati med personar som utfører ei handling der mord, vold eller overgrep mot barn er resultatet. Eg har heller ikkje noko som helst til overs for pornoindustrien!

I utgåve 4/2008 av tidsskriftet Bedre skole kan ein på side 5 lese overskrifta Barn lite interessert i porno på nettet. Artikkelen viser til ei undersøking utført i Noreg, Irland og England der ein har spurt 2000 born omkring dette temaet. Og det er her eg tykkjer at resultatet er interessant.

Undersøkinga kom fram til at born flest klikker bort pornografisk materiale når det dukker opp på skjermen! Kven ville vel trudd det i ein nasjon der ein gjer det ein kan for å skåna born for uheldige møte med vaksenverda?

Medan eg har tanken i hovudet…er det meir skadeleg om ein 10-åring kjem over ei lettkledd dame med brystene blotta på nettet eller kan det tenkjast at om den same 10-åringen opplever far sin overstadig rusa vil det ha ein større effekt på ungens kjensleliv? Og her viser eg nok ein gong til avsnitt 4, samtidig som eg stiller spørsmålet.

Elles har eg sidan eg starta mi utdanning i Volda vore vitne til tilfelle som for meg berre støttar opp om denne undesøkinga EU Kids Online har gjort. Eg hengde ei gong opp bilete av born i berre undertøy på tavla i samband med at eg skulle ha eit opplegg om kjensler og mobbing. Reaksjonen frå nokre av elevane var at det var ekkelt å ha desse teikna illustrasjonane på tavla.

I same gate er vel hendinga då ein elev fekk lesa i ei bok, eit leksikon. Leksikonet var ikkje av den kjedelege typen, men meir spenstig og tenkt for nettopp born. Det var rikt illustrert. Ungen bladde om på neste side, og det fyrste som møtte auga hans var eit bilete ikkje så ulikt denne Yoga-reklamen til høgre. Reaksjonen hans var eit høgt og tydeleg “Æsj!”. Han la deretter handa over biletet for at han skulle kunne klara å lesa det andre som stod på sidene.

Slike hendingar fortel meg at born i stor grad kan fungera som eigne filter. Å aktivt gå inn og skjerma dei med til dømes å hindre dei i å søke på spesielle ord ser i alle fall eg på som eit solid bomskot. Born sit bak brannmurar på skulen. Kva skjer når dei kjem heim på datamaskina heime og skal inn på nett den same, kule sida som han fann i engelsktimen på skulen tidlegare på dagen? Og hugs på at i Noreg er mange foreldre ikkje foreldre i tradisjonell forstand. Det vil altså seie at dei ikkje står heime med middagen klar når poden kjem tuslande heim og slenger sekken i næraste krok. Kidden set seg kanskje difor ned med datamaskina i dei par-tre timane det tek før foreldra omsider dukkar opp i heimen.

Så eg veit ikkje om eg er heilt ute å kjøre her, men kven er det eigentleg eigentleg ein trur ein gjer ei teneste med å stengja for moglegheitene? Kanskje det kan vera ein idè å kasta seg på toget som Åskollen skole i Drammen alt er på? Nemleg å kjøra hardt på å laga gode haldningar til oppførsel på nett alt i frå 1. trinn av? [Bedre skole, 4/2008]

Diverre er eg litt halvredd at artikkelen om Åskollen nok er for eit glansbilete å rekna, utan at eg skal seie det heilt bombastisk. Det er berre det at når skulens sider om nettvett ser ut som dei gjer, då klarar eg ikkje heilt å tru på det eg les.

Nye Tonstad skule

Eg må seie at det er trist å høyre at Rådmannen har vorte “vandt” til kritikk. Det kan ikkje vera mykje grei jobb å ha om ein opplever engasjement og konstruktiver kommentarar som kritikk.

For eg trur neppe dei frammøtte i Kommunestyresalen hadde troppa opp for å koma med kritikk til Rådmannen. At engasjementet var stort og innspela mange kunne ein jo merka seg i etterkant av møtet, noko eg er sikker på at både KrF og Høgre sine representantar opplevde. Det var derfor ikkje berre blandt foreldra at den plutselege amputasjonen av møtet frå Rådmannen si side opplevdes noko merkeleg! Til opplysning kan eg minna Rådmannen om det ein kanskje kan kalla den Sirdalske ånd…det er rett og slett ikkje kultur her i kommunen å reisa seg i ei forsamling og ta ordet, og spesielt ikkje når ein for 30 sekund sidan fekk framlagd eit prosjekt i mangemillionarsklassen og altså endå ikkje heilt har klart å fordøya nettopp det.

Når ein driv med utdanning er ein heile tida på jakt etter å gjera ting betre. Eit velkjend omgrep innanfor pedagogiske kretsar er “heilskapeleg skuleutvikling”. Omgrepet spelar nok i fyrste rekke på å utvikle pedagogiske prinsipp, men det er vel ikkje heilt unaturleg å utvide dette til å gjelde også andre sider av skulekvardagen når det er snakk om å byggja ein ny skule.

Ei av desse sidene som Rådmannen tydeligvis vart gjort merksam på var symjebassenget. Eg må i forbifarten berre nevne at eg må dra litt på smilebåndet når Sirdal kommune legg opp til to symjebasseng, medan dei fleire andre stadar i landet må reise bort frå skueln for å få den grunnleggjande opplæringa.

Uansett. Utdanningsdirektoratet har publisert nokre føresegner omkring forsvarlig svømme- og livreddingsopplæring i grunnskoleopplæringen. Dette er interessant lesing. I punkt 4.1 som går på tryggleiken under sjølve undervisninga kan ein lesa;

Ved begynneropplæring skal det alltid være minst 2 tilsynspersoner til stede. Dersom
gruppen er større enn 15 elever, skal tilsynet økes med en voksen tilsynsperson for hver
påbegynt gruppe med 15. jf. § 12-1 bokstav b.

Når elevene er svømmedyktige, og det ellers ikke er spesielle problem med opplæringen i
den aktuelle gruppen, kan en tilsynspersonen ha både undervisning og tilsyn med inntil
15 elever.

Når det er forhold som gjør opplæringen særlig vanskelig og/eller setter sikkerheten i
fare, skal tilsynet styrkes. Det kan eksempelvis være elever som trenger særskilt
tilrettelegging og ekstra tilsyn, for eksempel elever med vannskrekk, epilepsi, nedsatt
funksjonsevne, elever som viser utagerende atferd eller elever som det av andre grunner
må tas særlige hensyn til. Da kan det være aktuelt å ha med assistenter, se 4.2.
Assistentene kommer i tillegg til personer som har tilsyn og kan ikke erstatte disse.

Ryktet seier at det er eit problem å få lærarar på plass i skuleverket i dag. Men i Sirdal er tydeligvis ikkje dette noko problem då dei smeller til med to basseng, noko som medfører eit høgare krav til at det skal vera tilsynspersonar til stades. Eg meinte å lesa at det var vondt å få tak i lærarar til Tonstad skule tidlegar i år, men det er fullt mogleg at eg hugsar feil.

Kommunen har planar om å byggje eit ekstra basseng for stuping. Dette må ha ein viss djupnad. Etter det eg har fått med meg, vil dette vera så djupt at ikkje ein gong vaksne kan trø i botnen her. Rekk opp handa alle som føler seg trygge til å motta læring når dei ikkje er trygge på om dei kan trø i botnen. Tenk så på om den vesle poden din er annleis innretta enn deg…

Men som Rådmannen seier, så er det “forlengst gjort fatta vedtak på korleis det skal vere.” Mon tru om han har teke slike ting inn over seg då han avgjorde bassengspørsmålet?

Heldigvis er skulen så mykje meir enn symjeopplæring. Ein skal ikkje berre kunne overleve i vatn, men og i samfunnet ellers. Det er jo mogleg at arkitektane, byggekommiteen og Rådmannen har vore i dialog med andre skular i landet eller utlandet for å hauste erfaringar, men om dette ikkje skulle vera tilfelle vil eg berre vere på den sikre sida og opplyse litt omkring dei erfaringane eg sjølv har gjort meg.

Eg er så heldig å arbeide på ein skule som berre er to år gamal. Denne har store likhetstrekk med dei planane som var presentert på Tonstad i går, og eg ser det difor ikkje som uaktuelle erfaringar. Fyrst litt om min skule. To og to baserom deler inngang. Alle baserom soknar inn til eit amfi der ein har musikk og skulesamlingar. I annakvart baserom er det og tre grupperom i bakkant. Mellom baseromma er det skyvedører i glass. Dørene ut til amfiet er skyvedører som går frå golv til tak. Desse er og i glas. Amfiet har og store, åpne glassflater som slepp inn mykje lys.

Ut i frå ein arkitektonisk ståstad, er det klart at glas er flott. Det har sjølvsagt og vore ei utvikling i glas sidan dagens skule vart bygd. Men likevel…

Erfaringane eg har gjort meg tilseier at fleire sider ved å nytte glas vert ignorert.

  • varme/kulde

Basrom i sør vil, om ein ikkje sjekkar opp dette, ha eit potensiale for å verte ufatteleg varmt når sola står på. Luftingsanlegg kan sjølvsagt hjelpa på dette, men med tanke på det miljøfokuset som er no til dags er verkeleg ei slik løysing rett? Dette både med tanke på at det kostar å drifta slik, og at ein i staden kunne satsa på å jobbe med naturen og ikkje mot han. Eit skuleeksempel kan sjåast i Grong.

  • innsyn/utsyn

Små born har ikkje same evne som vaksne til å halda fokus, og som også Marianne Hompland nemner, så er det ikkje alltid like lett å dra merksemda til elevane dit han skal vera. Dette har eg sjølv følt på kroppen, og resultatet er at eg i mitt klasserom har “tapetsert” heile glasdørene for å hindre nettopp innsyn/utsyn. Det vert eit heilt unødigt fokus på “kva dei andre gjer” med slikt.

  • lyd

No er det heldigvis lagd opp til at musikken skal føregå i eit eige rom på Tonstad, og ikkje i eit amfi slik som på min arbeidsstad. Likevel vil det vera mykje aktivitet ute i fellesområda som igjen vil skapa lyd. Glas er ikkje så lyddempande som ein vegg, og at eit bibliotek vert lagd i eit åpe landskap kan vera uheldig kanskje spesielt i ein situasjon med mykje gjennomgang.

  • vedlikehald

Det seier seg sjølv at det vil krevja meir vedlikehald av vindauge enn av ein vegg.

  • knusbart

Eg har sjølv erfart å gå gjennom ei glasrute med det resultat at øyret vart delt i to og vil ikkje oppmode folk om å teste ut slikt. Glas er rett og slett ikkje risikofritt. Det er og dyrt å erstatte, og ein kan heller ikkje sparka ein ball mot det. No har fotballen endra seg ein god del frå då eg sjølv gjekk på skule, men gleda over å sparka ein ball i veggen vil eg tru er like stor no som då.

At arkitekane ser det som eit poeng å opna opp skulen er jo flott. Men i ein skule, og då kanskje spesielt på ein barneskule, har dei ein tendens til å dekorera klasseroma. Om ein har vore inne på ein tenåring sitt soverom, vil ein sjå at veggane er fulle av plakatar der og. Slik sett synest det i alle fall for meg som lite pedagogisk å nytta glas i utforminga av klasseroma. Born treng å uttrykka seg. Kvifor ikkje gje dei ein vegg dei kan skriva på? Det er jo ein ting som mange har stor glede av i staden for å skriva “for seg sjølv” i ei bok!

Å sleppe inn lys er altså vel og bra, men med ei satsing på digital kompetanse vonar eg at kommunen set ein projektor i kvart klasserom. Ein må jo då i det minste få opp gardin slik at ein kan nytta ein slik i undervisninga. Eg  er så heldig å ha slikt verkty å nytta meg av, og det er ei heilt anna verd enn den skulen eg sjølv vaks opp i. Skal skulen sjå bort i frå at verda utanfor dei flotte glasveggane i stor grad nyttar seg av digitale verkty, eller er dette noko ein i staden burde ta inn over seg og utnytte for alt det er verdt? Eg er sikker på at fleire vil vera einige i at SMS har hatt ein klar innverknad i skriftspråkutviklinga. Ik snt? Så kvifor skal ein då skilje denne “verda” frå skulekvardagen?

Eg må og seie at det er litt sørgeleg å registrere korleis prosessen har vore fram til no. Og eg vil nok ein gong støtte Marianne når ho seier at kommunens innbyggjarar igjen har vorte overkjørt! Kvifor sluttar aldri denne praksisen? Kven er det som ikkje lærar av sine “feil”?

Og til slutt, for at Rådmannen ikkje skal verte for lei seg over all “kritikken” eg kjem med, vil eg avsluttningsvis nevne at arbeidsroma for lærarane hadde mange flotte forslag til løysningar!

Presentasjonen av forprosjektet [PDF]