Tagged in: digitalt

Fridom

Etter at eg har gjeve slepp på Facebook sitt klamme grep, har eg fått tid til å sortera i alle RSS-kjeldene mine. Det var lenge etterlengt.

Etter årevis med prokrastinering av all slags kjelder til kunnskap og opplysning på nettet, har det nok vorte mange daude lenker etterkvart.

Med ein Raspberry Pi 4 som det sentrale bindeleddet i den digitale heimen her, har eg no ein digital aviskiosk som eg kan stikka innom med jamne mellomrom. Då har han oppdatert seg med siste nytt i eit meir leseleg format enn den reklamebombanderte webben ellers kan tilby. Noko som kanskje mest av alt minner om gode, gamle tekst-tv.

Men eg kjenner at ei digital verd der EG i større grad kontrollerer kva som skal flimre forbi meg av bits og bytes er rett veg og gå. Ikkje minst fordi eg har kontroll på “contentet” mitt, antan det er tekst eller bilete.

Mitt stalltips er altså å ta til å nytta den moglegheiten som ligg i RSS. Då slepp ein å utsette seg for fullt så mykje reklame som elles…og ein får ein meir effektiv digital kvardag.

Oppskrytt digital lesing

Som han gjorde det mot Marita Aksnes, slo også overksrifta til Stavanger Aftenblad mot meg her i går. Skjermlesing stresser hjernen. Som lærar, og ein i hovudsak digital lesar, stiller eg meg skeptisk til utsegn om at ein skulle lære mindre av å lese på skjerm enn av å lese i ei bok.

…lesing på skjerm gir en ny form for orientering. Leseren mister helheten og deler av det fysiske aspektet. Boka har en fysisk substans som gir en annen ro. Teksten beveger seg ikke i forhold til mediet på papir. Det gjør den på skjermen. [UiS]

Thomas Misund Hansen skriv i sin kommentar til artikkelen på Aftenbladet sine vevsider at mennesket ikkje tenkjer lineært, slik til dømes ei bok er skriven. Prosessen med å få til ei bok er vel desto meir av ein alineær prosess, der ein går fram og attende i teksten for å endra på han. No har riktignok ikkje eg skrive noko bok, men eg vel å tru at det er slik det foregår. Eg trur difor ikkje at å lesa på ein skjerm krev så mykje endring i leseorienteringa. Det som derimot kan by på utfordringar for ein lesar er vel all reklamen og andre forstyrrande element som er rundt teksten. Men dette er jo ikkje akkurat nytt om ein har slått opp ei avis eller eit vekeblad i den seinare tid?

Det skremer meg eigentleg litt at ein kan koma med utsagn over om at “teksten beveger seg ikke i forhold til mediet på papir. Det gjør den på skjermen.” Tekstforfattaren kan ikkje ha særleg store lese og skrivevanskar! Er det noko ein får høyra om nettopp individ med dysleksi, så er det jo nettop det at teksten flyt saman. Og eg har vondt for å tru at Anne Mangen, forfattaren av Aftenbladets artikkel, nokon sinne har lese ei bok eller ein artikkel i fullskjermvisning på ei datamaskin. Om ein plent vil det, er det jo ikkje noko problem å få ei og ei side på skjermen utan at det er andre ting rundt. Navigeringa til neste side inneber då å trykke på ein knapp! Samanliknar ein med ei bok, kan det jo av og til vera vanskelig å ble om til neste side om ein har litt tynne blad i boka.

Sitatet over nemner også noko om en fysisk substans som gir en annen ro”. Denne fysiske substansen verker for meg å vera ganske svevande. Er det vekta av boka i hendene ho tenkjer på, eller er det sjølve det å fysisk ta tak i eit ark og blad om til neste side? Om det er det fyrstnemnde, så kan vel vekta av ein berbar datamaskin vera like tung som ei bok. Er det derimot det siste, kan eg i alle fall for eigen del seia det at eg ikkje opplever merkbart større læring av om eg må bla eller ei. Det kan jo tenkjast at Mangen tenkjer på dei trykte bokstavane også, men verkeleg fysisk substans får vel ikkje bokstavane før ein trykkjer dei i blindeskrift!

Og ein har jo lydbøker no. Det vil sei…ein har hatt dei i nokre år…på kassett. Kanskje på LP før den tid, og kva veit eg, kanskje hadde ein voksspolar med lydbøker før det igjen? Poenget er; gjev lydbøker mindre læring enn skrivne bøker berre fordi dei er berre lyd?

Det er vel fleire enn underteikna som har kjend auga verte tyngre og tyngre av å sittje å lese det som ikkje alltid er like sprudlande pensumlitteratur. Nokre nyttar til og med bøker for å få sove på nettene! Kva signal gjev dette om bøker? Jo, at ein vert trøytt av å lesa. Det er vel ei kjennsgjerning at god læring sjeldan føregår når ein er trøytt!

Me har etterkvart vorte ein del personar på denne jorda. Og det er nå ein gong slik at ikkje alle er like. Me har blinde, døve, folk som har dysleksi, folk som ser dårleg, folk som ikkje er i stand til å lesa tekst på vanleg kvit bakgrunn og tru det eller ei, men det finst folk som les betre på ein skjerm enn i ei bok. Trur eg. Hovudpoenget er vel at om ein skal læra noko, så må ein tykkja at det ein les er interessant. Slik sett fungerer forskinga til Anne Mangen perfekt for meg, sjølv om eg les han på ein skjerm.

Kålla åt broderfolket

Ironien ligg tjukt utanpå. Øystein Johannessen blogga alt rundt juletider i fjor om at svenskane kikkar over grensa til Noreg. Heldigvis var han også påpasseleg med å nemna at me ikkje må gløyma å sjå på kva svenskane finn på. For broderfolket har noko som ikke me har…eit høveleg system der ein kan finna gode ressursar på nettet alt etter tema. Dei er i det heile teke langt framme når det gjeld IKT synest det som.

Eg undrar meg litt over om det verkeleg er satsing på skulen og IKT me held på med her til lands, når det som skil gode moglegheitar for pedagogisk opplæring på og med IKT, er firkanta byråkratar og reglar i kommunenoreg! Eit døme frå røynda;

Eg slit med å få 26 datamaskinar på nett samtidig. Eg har 26 elevar. Eg har oppretta 26 Gmail-kontoar til desse, og dei er allereie i god gang med å læra seg korleis dei nyttar seg av dette nye vektyget. Ein elev kunne mellom anna fortelje meg dette i ein nettpratsamtale eg hadde med han inne på Gmail:

Elev: det e konge me gmail

Slikt varmar. Det som derimot ikkje varmar er når eg vert sittjande å feilsøka og oppdatera datamaskinane i to skuletimar medan elevane gong på gong på gong på gong spør meg om eg kan hjelpa dei med å koma inn på maskina. Ein skulle tru auga dei limte på julekorta her om dagen var deira eigne, for eg sit jo midt i ein haug med maskinar som eg allereie slit med å rekkje over før dei to datatimane dei eigentleg skulle ha er over.

Det er trist at alt strandar på sikkerhet og ein manglande trådlaus router til nokre hundre kroner. Ein kan sjølvsagt ikkje ha ope trådlaust nett av ein eller annan grunn. Og ein kan heller ikkje har kva slags trådlaus routar. Nei…ein spesiell må det vera! Ein som kostar så mykje at ikkje ein gong høver inn på ynskjelista til skulen på denne sida av 2010. Satse på skulen??

Men attende til kva svenskane gjer. I dag leverte Foxit Reader meg fylgjande lenkje. Sebran frå Wartoft Software. Marianne Wartoft er ein programutviklar som sidan 1995 har utvikla pedagogisk programvare. Fyrst som shareware, men etterhvert har ho gjort alle programma sine gratis! Det beste av alt er at til dømes Sebran er tilgjengeleg på norsk og. Og dette må me altså til Sverige for å finna?

I tillegg kom eg også over ei fantastisk kjelde til pedagogisk digitalt materiale. Länkskafferiet er jo som ein formel 1-bil å rekna i høve til vår eigen Fiat Punto…eller skolenettet.no som dei i Utdanningsdepartementet har velt å kalla det. Nei Solhjell…her må du kasta sølvpussekluten og ta fram ein skikkeleg skureklut. For det trengs ein oppvask av solide dimensjonar! Og eg har løysinga for 26 av desse håpefulle. Det er berre det at dersom dei skal få merka noko til denne satsinga før dei vaknar opp att frå russefylla, så treng eg nok hjelp frå oven.