Spraag i de nordiske lande

Eg har lyst til å kome med nokre tankar omkring det nynorske språket i eit verdsperspektiv no. Bakgrunnen er at eg gjekk og høyrde på Språkteigen si sending frå den 26.10 på veg til arbeid i dag. Etter kvart kom dei inn på eit tema som ein kanskje kan kalla det norske språk i verda?

Ei rekkje institusjonar, her i Noreg representert av HiB, er med på eit EU-sponsa prosjekt som er kalla Double Bubble. Målet, eller måla til dette prosjektet er slik;

• å vekke interesse for språkene tysk, svensk, norsk, dansk og islandsk.
• å bruke lekende og overraskende metoder for språkinnlæring.
• å øke interessen for språkkurs.
• å nå fram til målgruppen, unge mennesker mellom 18 og 30 år.

Prosjektet tek sikte på å nå dei i aldersgruppa 18 til 30 år som kanskje ikkje er særs interessert i å læra språk. Det er og snakk om dei framandspråka som kanskje ligg nærast opp til Norsk. Slik sett passar kanskje ikkje tankane mine heilt inn, men eg trur likevel at desse funderingane mine har eit poeng. Men la oss høyre litt på kva det går i når dei snakkar om å læra andre språk;

[audio:http://www.dalstroka-innafor.net/wp-content/uploads//2008/10/sprache.mp3]

Bilete er CC-lisensiert og henta frå http://farm1.static.flickr.com/50/149172094_f4a814bf30.jpg?v=0Det eg tykkjer er mest interessant her er noko av det siste som vert sagt:

“…utnyttar du den språkkompetansen som du sit inne med frå tidlegare. Det er nokre grammatiske strukturar som har inne i deg og som du utnyttar.”

For det er akkurat dette eg tenkjer på når eg meiner at det å læra nynorsk som hovudmål vil vera ein ufatteleg fordel for alle når ein seinare skal ta til å læra andra språk. Eg er diverre ingen forskar og kan sjølvsagt ikkje dokumentera noko slikt. Men så kan ein spørje seg…må ein vera doktor for å forstå at ein må ete for å overleve? Eg har altså ei magekjensle, og den seier meg at om ein lærer nynorsk som hovudmål i Noreg i dag så vil ein oppnå fleire effektar;

  • ein får større ordforråd
  • ein får bokmål “gratis”
  • ein får større evne til å forstå andre dialektar/språk
  • ein får betre evne til å fungere språkleg i samfunnet

Med tanke på at fleirspråkleg kompetanse er meir og meir etterspurd i arbeidsmarknaden no til dags, kan eg verkeleg ikkje skjøna at ein ikkje skulle ville ynskje å kunne fleire språk antan dette no er nynorsk, bokmål, samisk, teiknspråk, svensk, engelsk, tysk, fransk, spansk eller for den del arabisk!

Med andre ord; Go nynorsk!

2 Comments on "Spraag i de nordiske lande"

  • Jau. For så vidt nokre poeng, men kvifor kan ikkje alle ha tysk som hovudmål, så kan ein få bokmål og nynorsk gratis. Elles så stilte eg klokka mi på søndag…:)

  • Klart ein kan ha tysk som hovudmål. Sjølv ville eg vel ha foretrukke engelsk av di ein større del av kommunikasjonen (og programvara) er laga på nettopp engelsk.

    Optimalt sett kunne ein også sjå for seg ein sameksistens av engelsk/tysk/fransk/latin (for å få eit grunnleggjande perspektiv på mange ord)/spansk/mandarin. Då trur eg ein ville vore godt skodd. Men sjølvsagt…alt med måte. Men med tanke på forståing av andre individ innanfor Noregs territorialgrenser trur eg nynorsk har meir for seg enn bokmål. Og det veit du Anders! 😉

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *