Monthly Archives: February 2011

Hei! Kan eg få litt merksemd?

Professor i pedagogikk ved Høgskulen i Volda, Peder Haug, tordna mot bruk av sosiale media i skulen på i “sumpen” denne veka. Drønna har gjeve gjenklang over det ganske land, og Vev 2.0-lærarstanden har vore i harnisk over det som har kome på trykk.

Det kan sjølvsagt hende at professor Haug har vorte feilsitert, men i og med at ei avis er eit medium som har vore på bana ei stund, reknar eg med at saka i det store og det heile gjenspeilar Haugs meiningar.

Andre har teke tastaturet fatt og formulert kloke bloggpostar omkring Peder Haugs utspel, til dømes Eva Bratvold og Øystein Johannessen. Difor skal eg ikkje ta fatt på eit slikt skriveri, då eg langt på veg er einig i det dei allereie har skrive. Kjerna i det Peder Haug tek opp, er også etter mitt syn klasseleiing.

Er dette Peder Haugs draumeskule?

Når det er sagt, vil eg også peika på det som står i artikkelen om fokus, eller merksemd som Randi Fiksdal retta meg til . Spørsmål eg stiller meg er til dømes:

  • Kva er merksemd?
  • Kvar kjem det frå?
  • Kan merksemd lærast, eller er ein født med det?

I ein podcast frå NRK sitt Verdt å vite (eller er det no Ekko?), kan ein etter snaue 24 minutt høyra ein reportasje om forsking på born med ADHD ved Høgskulen i Gjøvik. Eg tykkjer det er interessant, og ein absolutt tankevekkar at ein ser på ei slik side av saka.

Fyrsteamanuensis ved Høgskulen i Gjørvik, Simon McCallum seier det slik;

“…there’s research in the US showing that you can retrain students who have attention deficit problems, because the problem is that they loose focus, and because they don’t know what focus is, because it’s a learned thing.” – Verdt å vite – fokus og ADHD

Så då har eg det litt som å vera mellom veden og barken…kven skal eg høyra på? Professoren som nytta sin status til å inspirera mitt kull med medstudentar ein heil times tid i løpet av fire år i Volda, eller fyrsteamanuensisen som eg aldri har truffe?

Vidare har eg den siste veka kome over denne artikkelen som tek føre seg, ehm, fokuset på fokus søkelyset på merksemda. Eg tykkjer her at spesielt det siste avsnittet er særs interessant;

Nevertheless, this new research demonstrates that, for a certain segment of the population, distractibility can actually be a net positive. Although we think that more attention can solve everything—that the best strategy is always a strict focus fueled by triple espressos—that’s not the case. Sometimes, the most productive thing we can do is surf the Web and eavesdrop on that conversation next door.” – Wall Street Journal, 19 feb. 2011

Summa sumarum, så kjem eg ikkje fram til anna enn det så mange av mine medborgarar på nett har kome fram til, at det er klasseleiing som er nøkkelordet her. Klasseleiing, klasseleiing, klasseleiing!

10957

Det var ein torsdag. Året var 1981. Før jappetid. Midt i den kalde krigen. Klokka er 01.45. Eit fullmåneborn. Der har du meg.

Det har gått 1565 veker og 2 dagar sidan då.

Same dagen, i 1959, gav Storbritannia sjølvstendig råderett til Kypros. I 1945 gjekk 30.000 amerikanske soldatar i land på Iwo Jima for å ta øya frå Japan.

Det er gått 30 år sidan då. Mykje har hendt. Noko kan du lesa om her. I dag synes Leidli seg i frå si alle beste vinterskrud. Om det er til ære for meg, skal eg vel kanskje ikkje sei, men det er hyggeleg å vakna til sola som stig opp av Glibefjell, akkompagnert av ein einsleg orrhane i morgonflukt mot næraste matfat i bjørkeskogen bak huset.

Blikkstilla er gåven til meg i dag. Eg takkar audmjukt.

Ja, eg er 30 år i dag og når det er slik dagen ser ut, er det eigentleg heilt greit. 30 år kan og lesast som 10957…antal dagar eg har levd.

RSS

RSS er kanskje den flottaste nyvinninga sidan hjulet. Det er navet i min digitale kvardag. Ei er ikkje av dei som sit og klikkar seg i frå avisside til avisside i ein evig runddans etter nyhende.

Likevel er det eit men.

Den siste tida har det nemleg slått meg at å ha “Google Leser (130)” framom auga kvar gong ein opnar nettlesaren gjerne kan ta ein del tid det og. Tid eg kunne ha nytta betre. Difor har eg i dag teke ei opprydding i RSS-kjeldene mine.

Eg har no redusert talet frå 174 til “berre” 140. Gjerne ikkje så mykje seier du? Eg vonar at noko av løysinga på den evige runddansen av RSS-kjelder, er at eg har fjerna nokre av dei tyngste. Dei som kom med dei hyppigaste oppdateringane. Dei har eg i staden lagd til som bokmerke, og kan sjekke frå tid til annan når eg ynskjer det. Ingen av dei var uansett noko eg trong automatiske oppdateringar frå.

Det som gjenstår, er ei heil rekkje personlege bloggar av folk eg kjenner eller folk eg tykkjer har fornuftige saker å koma med, samt nokre få andre med ein edrueleg publiseringsrytme.

Så då gjenstår kva effekt eit slikt grep vil ha. Blir det suksess kan det fort hende at neste steg vert å fasa ut Facebook.