Category Archives: IKT

Denne kategorien innheld, som namnet kanskje fortel, ting som tek føre seg IKT-spørsmål.

Om kvar skoen trykkjer

Eg trur eg har ergra over bruken av IKT i skulen sidan eg slutta i grunnskulen. Det er 12 år sidan. Etter det har eg stort sett hatt meir peiling på korleis ting kan gjerast enn det lærarane har hatt.

No, eit dusin år seinare, er eg sjølv altså lærar og eg vert altså av media stempla som ein udugeleg brukar av IKT. Rett nok har ingen endå sagt det direkte til meg, men det er klart eg tek det til meg når slikt dukkar opp i overskriftene til stadigheit. Litt på same måten som at ærlege rumenarar vert eitrande forbanna over at dei fer skylda for å kriminalitetsbølgja som nokre få råtne blad stod for i sumar. Det er ikkje kjekt.

Men eg gjer så godt eg kan. Eg gjer det eg maktar for å utdanna mine kollegaer, og eg gjer det eg kan for å utdanna elevane. For å gje dei alle eit lite drypp av auka digital kompetanse. Og reint bortsett frå at nokre heilt sikkert helst hadde sett at eg hadde fiksa problemet for dei og forsvunne  slik at dei kunne gjera ferdig vekeplanen, så våger eg å tru at dei på eit eller anna tidspunkt vil sjå attende og vera takksame for hjelpa. Noko dei sjølvsagt er der og då, men eg er ikkje alltid overtydd om det er ekte takksemd, eller berre god danning…altså høfligheit.

ITU kunne i 2007 melde om at 3 av 4 lærarar sjeldan nytta IKT i undervisninga. ITU er ein “nasjonal FoU-enhet innen feltet IKT og utdanning“, så dei burde veta det. 19. august i år legg så NRK skylda på lærarane. Det er lærarane si skuld at den digitale kompetansa som skuleelevane skal læra seg er på slikt eit skralt nivå…

TULLPRAT, seier eg!

Det som hindrar utviklinga av bruken av IKT i skuleverket er ikkje lærarane. Fleire lærarar enn ein skulle tru har eit ynskje om å nytta IKT i undervisninga, men det stoppar i mange tilfelle med at dei vert møtt av ei kommunalt IKT-byråkrati/hierarki som har linjer som eit spindelvev på Runde etter at siste hauststormen nett har fore oppover vestlandskysten.

Eg har endå til gode å treffa på ei sentral IKT-avdeling som tek i mot tips frå lærarstanden, og hiv seg rundt for å prøva noko nytt. Ikkje ein gong på høgskulenivå under mi fireårige utdanning var det tilfelle.

I Sirdal talte eg, og andre, sjefane midt i mot då dei ville kjøpa inn “mediumterminalar” til heile ungdomsskulesteget i kommunen. Etter å ha vedteke innkjøp av stasjonære maskinar i kommunestyret, gjekk likevel IKT-sjefen, i strid med sitt eige tidlegare gjevne råd, inn for å handla inn berbare datamaskinar.

I Sandnes krangla eg etter mitt syn for lenge for å få fram poenget om at det var for mykje sikkerheit for å kome på nett med dei berbare datamaskinane dei hadde der. Ei pålogging kunne ta opp mot 20 minutt….om du var så heldig å koma inn i det heile. Etter mykje mas, og etter å ha gjort meg tåleg upopulær hjå IKT-folka på rådhuset, fekk eg innvilga ei vitjing frå dei høge herrar til min ringe skule. Og etter ein del fram og attende, så vart det til slutt prøvd ut eit nytt system for dei trådlause maskinane.

Siste skot på stamma er at eg såg meg nøydt til å overføra nokre bilete frå mi private datamaskin etter at eg nytta mitt eige kamera for å ta nokre bilete i arbeidssamanheng. Letaste måten å gjera dette på, er å lasta opp bileta til Google-kontoen via Picasa. Problemet er berre at eg ikkje;

a) Har lov til å installera Picasa på jobbmaskina
b) Har tilgang til Picasaweb
c) Har lov å lagra store biletarkiv på skulemaskina

Nettopp. Så kva vert eg rådd til å gjera? Det er mest så ein må ta seg saman for ikkje å krampele, men faktum er at eg i 2009 vert beden om å ta med meg bileta til skulen via minnepinne, cd eller diskett. Ja du les rett. Eg vert frå sentralt hald i kommuna beden om å frakta med meg bileta til arbeid i eit format som ikkje har hatt livets rett sidan 90-talet.

Eg tek meg sjølv i å undra over kva slags form for digital kompetanse dei sit med. Ikkje ein gong ein lærar i den norske barneskulen ville ha kome på ideen om å nytta diskett til å kopiera bilete frå ei maskin til ei anna! Den påstanden vågar eg.

Kvifor skal eg vera så vanskeleg, i staden for berre å kopiera bileta på ein minnepinne eller ei cd-plate då? Vel. Argumenta er mange. Her er nokre av dei;

Minnepinne

  1. Forsvinn
  2. Knekk lett om ein er litt snar i svingen
  3. Pinnen min vert nytta til andre ting enn filhandsaming

CD-plate

  1. Er i ferd med å fylgje etter diskettane
  2. Er ikkje noko eg tilfeldigvis har liggjande rundt
  3. Knekk lett
  4. Forsvinn

I tillegg til dette, så kjem sjølvsagt det obligatoriske med at, om ein samanliknar med til dømes kommunikasjon, det er like fornuftig å frakta bilete på portable lagringsmedium som det er å skriva ein SMS og senda telefonen i posten til mottakaren!

Så stikk i strid med det NRK meiner, seier eg at det ikkje er lærar som er flaskehalsen, men derimot byråkratiet i kommunenoreg. Ein kan ikkje halda på med ei godkjenningstid på 2 år for programvare som skal vera tillate i nettverket når det innan den tid det vert godkjent har kome to nye oppdateringar som vil krevje nye godkjenningstiltak. Mitt råd er; opne opp! Slepp til alt. Nokre dokument vil kanskje forsvinne ut i det store internettholet, men slikt lærer ein av. Det heiter på fint digital kompetanse. Å unngå å få virus på maskine som ikkje har antivirussprogramvare installert…det er og digital kompetanse. Du treng nemleg ikkje fleire vevhotell frå John i Kina, så la ver å trykk på nettopp den e-posten.

Sumarspam

Det er ikkje så langt unna at “sumartid” er i ferd med å verte synonymt med “spamtid”. Ein kvar med litt anna enn sagespon inni topplokket vil forstå at når det dukkar opp oppfølgingar av spørjeundersøkingar du ikkje kan hugse å ha registrert deg for, ja då er kansje ikkje ting heilt som dei ser ut til å vera. Dette har media teke fatt i før. Det er ikkje agurktid for ingenting.

I dag dukkka det opp ein e-post frå NRK i innboksen min. E-posten var sendt til ein gmail-konto eg har. Denne nyttar eg svært sjeldan til å delta på brukarundersøkingar…eller noko anna for den del.  Når e-posten i tillegg er sendt frå eit dansk firma, på vegne av NRK.no, då burde det seie seg sjølv at det du les på er lite anna enn godt gammaldags tull og fanteri.

NRK-spam

Skrivebordsrydding

Det er ikkje berre på den fysiske skrivepulten at det vert gjort opprydding når sumaren kjem. Også i den virtuelle verda kan det vera greit med litt reine linjer, og under kan du sjå eksempel frå korleis eg har sett opp ein av mine (alt for) mange datamaskinar. For det utrena auget kan eg nemne at operativsystemet eg nyttar på nett denne maskina er linux…nærare bestemt Ubuntu 9.04.

Skjermdump-1

Jubileum

Det er gått ni år sidan eg oppretta min konto hjå seti@home. Seti@home er ei prosjekt der du dedikerer reknekraft frå datamaskina di, til å arbeide for stjernekikkarar i USA der dei leiter etter ukjend liv i rommet. Det er kanskje det mest kjende prosjektet, men det finst andre alternativ du kan låne datamaskina di til og….dersom små grøne menn ikkje heilt er din ting.

Om den litt påkosta reknemaskina di likevel står på, og du ikkje brukar ho meir enn den tida det tek å klargjere laget ditt til årets Tour de France, ja då kan dette vere ei grei sak å la ho nyttegjere seg av.

Som ei bursdagsgåve til meg sjøl og BOINC-prosjektet som seti@home er ein del av, laga eg meg og ein konto for å spå veret. At datamaskinar vert nytta til dette bidreg vel og sansynlegvis til at nettopp veret endrar seg ekstra fort…vinninga som gjekk opp i spinninga?

seti@home jubilé

Rettskriving

Det er lite som irriterer meg meir enn all slags testar som kjem i frå Start.no. Likevel er det vel slik at ein ikkje skal ha reglar utan unntak, så her kjem mitt.

I dag publiserer Dagbladet ein artikkel om rettskriving, nærare bestemt orddelingsproblematikken. Og det er lite som provoserer meg meir. Orddelingsfeil. Nettavisar har ein tendens til å “knekke opp” ord når dei presenterer nyhende på ulike plattformar som til dømes min iPhone. Akkurat det kan nok vera ein teknisk ting, men mange deler likevel opp ord som skal vera samansette. Kvifor? Artikkelen til Dagbladet peikar i retning av at det er det engelske språket som har skulda. Det kan så vere.

I same artikkel låg det også ei lenkje til ein test hjå Start.no. Ein “ord delings test”…eg kunne ikkje dy meg.

Rettskriving

Og medan eg sit og skriv på dette, kjenner eg jo også veldig på at eg bør kunne klare å skrive korrekt her…men det har vist seg før at ein med eit kan trø i baret sjølv. Men slik lærar ein jo av, og det er jo morro…eller moro som det jo heiter!

Ting du ikkje visste…

I dag, 16.05.2009, er eg 28 år, 2 månadar og 25 dagar gamal. Eller i veker; 1473 og 2 dagar. Ein kan til og med ta det i dagar; 10313 dagar gamal. I tillegg er eg født på ein torsdag, og den torsdagen var det 99.98% opplyst fullmåne over Stavanger med 4 kalde vintergrader .

Kanskje ikkje verdas mest nyttige informasjon å veta, men det er nettopp slike ting ein kan nytta søkemotoren WolframAlpha til.

Teknisk sett er det likevel ikkje ein søkemotor WolframAlpha først og fremst er;

Is Wolfram|Alpha a search engine?

No. It’s a computational knowledge engine: it generates output by doing computations from its own internal knowledge base, instead of searching the web and returning links.

For folk flest vil han nok likevel framstå som ein søkemotor. Eksempel på kva ein kan nytta tenesta til, er å finna reiseinformasjon frå Stavanger til Tokyo eller ein kan finna ut korleis ein tek ein Cmaj7-akkord på tangentar. Flotte, praktiske kunnskapar som ein, i motsetnad til å vete kor mange veker gamal ein er, kan få bruk for.

For å leggje WolframAlpha til i nettlesaren din slik at du let kan søkja der, kan du klikka deg vidare hit.

Skulen attende til “opne” landskap?

Digi.no har i dag ein artikkel som syner at nokre kommunar tør ta steget fullt ut og satse på åpen programvare. Dette tykkjer i alle fall eg at er flott. Kommunane vel OpenOffice framfor Microsoft Office. Såvidt eg kan forstå, vil operativsystema endå vera Microsoft XYZ. Men det er då eit steg i rett retning.

Ut i frå det som står, kan det synast som om motivasjonen for å velgje OpenOffice er grunna i det økonomiske. Eg vonar at dette ikkje er den einaste grunnen til at kommunane vel å gå over til dette, men ser sjølvsagt at dette er det fokuset som er letast å “selje” utad. At ein vil kome til å nytte seg av opne format, vert, er eg redd, litt for teknisk grunngjeving for at det skal vera ein god nok grunn. Men i mange tilhøve kan det nok vera det likevel.

Min fyrste kontorprogrampakke var Microsoft Works. Det kom på 7 gråe diskettar, og var himmelriket i samanlikning med Microsoft Wordpad. Eg lagra alle mine skuleoppgåver i Works (Microsoft) sitt eige format, wps. Dette var på ungdomsskulen. År seinare fann et att nokre diskettar eg hadde frå den tida, og eg skulle åpne opp dei filane som var på dei. Eg hadde då ein tjuvkopiert Microsoft Office 2000-versjon. Fint og flott var det, men støtte for wps-filer var det ikkje. Det kryptiske eg fekk opp sa meg ikkje mykje. Men her er vi med poenget. Når ikkje eingong same firma klarar å la seinare utgåvar av liknande programvare lese tidlegare tiders versjonar og filformat av di dei er proprietære (lukka), korleis skal ein då forvente at det skal kunne gå?

Såvidt eg har fått med meg, tillet i det minste siste versjon av Works å lagre i doc-format. Om ein kan lagre i docx-format, det siste formatvalet til Microsoft, ja det skal eg ikkje uttale meg om.

Og sidan me er inne på åpne format og fri programvare…her er eit forslag til ein betre PDF-lesar enn Adobe Acrobat; Foxit Reader!

1 5 6 7 8 9 13