Då er adventstida 2022 i gang på skikkeleg. Julegrantenning på skulen i går, og på Kvæven i kveld.
Korps med julesongar, flinke ungdomar som syng jula inn, og lett snødrev i lufta gjer at det er let å kome i julestemning. Dessutan er det greit med litt ekstra lys i dei lange mørke dagane…
Dette fotoalbumet er etter min oldefar, Ingebrigt Tjørhom. Han var oppassar på Håhedlar i mange år, og eg kan ikkje sjå anna grunn enn at det er nettopp difor han har vore med på denne turen.
Det store spørsmålet er jo kven han har fått albumet av. Kven er den staselege karen med skjegg, som kan kosta på seg ein heietur med famelien i 1921? Kven er karen som tek med fotoapparat, i 1921(!), og dokumenterer turen?
Eg har ein teori om at følgjet har kome til Sirdal via Sirdalsvatnet, fare oppover via Dorgefoss, og så via Håhedlar til heia over mot Setesdal. Men om dei har vore heilt til Setesdal, eller om ein har returnert til Sirdal er ikkje godt å veta.
Legg gjerne att ein kommentar om du har kjennskap til nokre av personane eller stadane på bileta.
I samband med det, kan det jo vera interessant å ta eit historisk tilbakeblikk på kvar øvre Sirdal kom i frå. Kva kant av landet dei forheldt seg til, som heilt sjølvsagt?
Et gamalt klipp frå NRK tek oss me attende…
Sjølv om me totalt ignorerer den tydeleg Rogalandsinspirerte dialekten, så er det i mitt hovud, ein heilt naturleg tanke, at Lysebotnen, som eg jo også har hatt slekt i, saman med øvre Sirdal, takkar for seg og dreg i vesterveg til Gjesdal. Som EIN kommune.
Omsider kan gjerne Dirdal bli den metropolen den vart lova å vera, då oljeutbygginga fann stad. Kva med, tja, eit kraftvitensenter der? Med sjøtilgang for å ta i mot tilreisande turistar? Rundtur innover dalstroka innafor, og ned att til Lysebotnen, der skipet møter dei att? Sjølvsagt med moglegheit for å hurtiglada batteria med kortreist landstraum.
Kjem du Hunnedalsvegen frå Rogaland mot Sirdal, vert du for tida ikkje informert om at du kjem til korkje Sirdal eller Agder.
Faktisk er det slik at dersom du køyrer frå Stavanger til Oslo på sommaren, så kan det sjå ut som om Rogaland grensar til Vestfold og Telemark fylke. Kven som har ansvar for skilting er tydelegvis ikkje høgt pruoritert.
Ein Goling har 3 timar og 17 minutt (219 km) til sin fylkeshovudstad i Viken, Oslo. Sjølv slepp eg unna med 2 timar og 52 minutt (180 km) til min fylkeshovudstad, Kristiansand. Medmindre nokre funksjonar er lagde til Arendal då…
Skulle ynskje at nokon hadde rekna på samfunnsøkonomi i lys av at det er 1 time og 29 minutt og 102 kilometer til Stavanger sentrum…
Øvre del av Sirdal har i alle fall vore i feil fylke sidan fv 405 vart så god som han no er. Med felles feriar med Rogaland er det endå meir som talar for å flytta fylke. Politiet soknar også under sørvest politidistrikt. Vidaregåande skule dreg me til Rogaland for å gå på. Handleturar vert nord-jæren, medmindre det er noko som tvingar oss andre vegen.
For det fyrste er det ikkje som om AP, Høgre og FrP ikkje har forsøkt å unngå denne “innvesteringa”. Som sist gong det vart gjort ei stor “investering” på Sinnes (med unntak av gymsalen), er også dette eit resultat av samfunnskrav. Slik var det på 70-talet, og slik er det i 2020.
Det var altså ikkje noko ein valde å gjere, men måtte. Det var skulesjef Steinar Tjomlid stolt av i 1990, då han i VG skrøytte av at Sirdal kunne OG ville nytte pengar på den yngre garde.
Ein kan gjerne stange i mot det ein vil, men sjølv ikkje Sirdal kan forsøke å melde seg ut av den nasjonale samfunnsutviklinga.
Så kan ein jo diskutere om det er til det beste eller ei, og argumentera med at det jo vart gode folk av oss før og! Det er i denne samanhengen irrelevant.
Rassikring langs vegane er og eit poeng for Liland. Men akkurat rassikring er vel neppe spesielt for Sirdal. Sjølv E18 er gjenstand for rassikring, altså er denne “satsinga” eigentleg ikkje eit argument. Ein har jo gjort litt med vegen mellom Tonstad og Haughom dei seinare åra. Dette har alle tent på, og eg trur du skal leita godt for å finna nokon som rakkar ned med “Tonstad fekk tunell…” og er sure for det.
Når det gjeld GP-krysset er jo også dette ei sak som har vorte diskutert lenge. Men lengre enn det, har det vore etterlyt gang og sykkelveg mellom GP til Tjørhom. No er altså GP krysset godkjent, men løysninga er jo ikkje laga for innbyggjarane. Hadde den vore det, ville ein ha ei heilt anna løysning enn den som er på trappene no, og gang og sykkelsti til Tjørhom. I staden vert det gang og sykkelsti til TjørhomFJELLET, altså gang og sykkelsti til eit skitrekk. Trass i at det i årevis har vore etterspurt gang og sykkelsti for dei fastbuande på Tjørhom. Anleggstrafikken i vekedagane, hytteturistane i helgene gjennom krysset er jo astronomisk! Kven som stod bak dei politiske vurderingane veit sikkert politikarane frå alle parti best sjølve.
Om Liland understreker at avgjersla ikkje er teken om museum og turistinformasjon aldri så mykje, så er det vel helst det som er problemet. Med valgprogram der han frontar sitt store hjarte for Sirdølen, burde han stått på barikadane for å tryggje, når det dukkar opp tvil om slikt etter Morten Ovedal sine hofteskot!
Eg saknar eit grunnleggjande poeng i denne debatten.
Nei, eg saknar to ting.
Det eine er at mykje av diskusjonen føregår på ein proprietær plattform, altså Facebook. Det i seg sjølv er ganske diskriminerande for dei som ikkje er der. Eit poeng er og at heile denne diskusjonen historisk sett kan ende opp med ikkje å eksistera, jf. diskusjonsfora på Sirdølen avis, som ikkje lenger er å finna på nett. Her har Sirdal tapt mykje historie, og kan risikera å tapa endå meir!
Den andre er rett og slett det faktum at to ganske sentrale aspekt har endra seg sidan 1960.
Vegen frå Øvre Sirdal til Rogaland er av ei anna verd enn det den ein gong var. Når Odd Børretzen syng om kor lang tid det tok frå Lunde til Oslo, kunne ein sikkert også ha sett i eit stev om vegen frå Sinnes til Sandnes på 60-talet.
Mange elskar å poengtera motstanden mot bompengestasjonen ved Øvstebø. Men no har den altså stått der nokre år, og konsekvensane av han er jo relativt tydeleg med ein betre vegstandard enn nokon gong. Så har den vel også vore stengt meir vinterstid enn tidlegare, Hunnedalsvegen, men det er ein annan diskusjon.
Me fekk også eit nytt kart på Agder etter nyttår. Det er noko ein kjende på før også, men no er det endå tydelegare. Ein kan oppleva å måtte dra ein dag før på møte i Kristiansand (3 timar kvar veg…), eller endå verre, Arendal, kontra ein drøy times kjøring til Sandnes/Stavanger. Sistnemnde eksempel kan fort likna ein vanleg arbeidsdag for ein vanleg pendlar. Det er noko med ressursbruk og berekraft her som ikkje heng på greip.
Så vidt eg har fått med meg, så er det ingen i debatten som har teke dette inn over seg. Liland og Liland er mest opptatt av å poengtere kor mykje ein no satsar i Øvre Sirdal, samt å nytte relativt lite fine hersekteknikkar i debatten.
Odd Kvinen kjem inn frå vingen og snakkar heller ikkje eigentleg om saka. Om kvifor ein kjenner frustasjonen mot å måtte forhalda seg til eit Agder som er lenger vekke enn nokon sinne, medan det sentrale Rogaland kryp nærare og nærare med Sandnes si anektering av Forsand.
Så kan ein sjølvsagt dra fram lokale saker til den store gullmedaljen og kaste desse att og fram mellom kvarandre. Øvre og nedre. Utan at det kjem noko særleg ut av det.
Men som Tor Arne Liland seier det, så har også eg massevis av gode erfaringar frå begge endar av Sirdal.
Antan det var på fotballkampar, stødig leia av Tom og Kåre, saman med Knut Arne, Jan Trygve, Christian og Johnny på Voll som spelar for Tonstad IL (Som var ein prøvelse når ein i utgangspunktet hadde to pitstop med spying kvar tur til byen), kristenleir på Tonstadli med Endre, TenSing med Gunnar og Peter, langrennskonkurransar med Stein Ivar og Eivind, planting av tre på Espetveit eller i Tjomlid i skogplanteprosjekt, måltid på Øyghedlar med Astrid og Arna i mine tre år på SVGS, hyggelege bekjentskap med lokale kundar då eg arbeidde hjå Gunnar og Per-Gustav på SirCon på tidleg 2000-tal eller det at mine born frydar seg kvar gong med passerer Hompland og Liv og Johannes sitt hus.
Politikarar som sler politiske mynt på faktiske tilhøve som kjennes på kroppen for oss i øvre del av dalen, og atpåtil er frekke nok til å forsøka å ta i frå meg alle dei gode opplevingane som eg har hatt, og fortsatt kjem til å få. Det. Likar. Eg. Ikkje.
Så for å avslutta med eit lokalt, konkret eksempel. AP er i førarsetet her. For sjølv om Inge Sigbjørn Biktjørn går ut i Agder og oppmodar om ikkje å framstilla det som om dei (AP) ikkje ynskjer noko godt for Øvre Sirdal. Ja då meiner eg at han fyrst av alt må ta ein snakk med sine partikollegar som meistrar praktstykket å uttrykkja at ein kjenner seg pressa opp ei eit hjørne, i formannskapsmøtet som omsider vedtok renovering av skulen på Sinnes. Dei to ekstrarundane etter arbeidsgruppa sitt harde arbeid, gjer jo ikkje akkurat at det er tillit ein kjenner på i møtet med dei nye kostane i Sirdal.
PS. Om nokon les dette, og “laikar” det, som det så fint heiter. Då er det flott om du lenker til dette debattinnlegget på Facebook, vekk i frå Facebook. På førehand takk.
I år har eg ferie. Ferie slik ein ein urban lesar tenkjer på ordet ferie. For ferie for meg er å vera heime. Heime på Sinnes. Med dei lukter og lydar som ein kjem ut for når ein går i slåtten. For fyrste gong på 33 år vil perioden mellom skuleåra bestå av noko anna enn å slå, turke og høye gras. Og det er ikkje så reint lite vemod over nettopp det!
I går tok eg turen til Stavanger botaniske hage der dei hadde sleie blomsterenga si, og sidan veret har vore godt i år, hadde graset turka. Det var til og med raka i saman i såter, så når eg gjekk på desse kunne eg ikkje la vere å ta meg ein god pause og verkeleg suga inn den deilige lukta som for meg er synonymt med sumar.
Eg har difor bestemt meg for at eg må få litt av slåttonna med meg, same kva som dukkar opp. Det vert berre ikkje fullt så mykje i år som tidlegare år. Men vidareførast må det…