Odin Nøsen har forfatta nokre ord om Udir og skjerm i 2025.
Eg heiv meg på, med ein kommentar hjå han;
Eg har nokre år bak meg i det aktuelle segmentet no. Og har drive «prosjekt» med Chromebook sidan 2016 (long story….).
Men eg har til gode å summere opp kor mange timar, minutt…eller prosent av timane som er nytta til bruk av skjerm. Og er det einskilde skjermar, eller digital tavle me snakkar?
At rektor, eller skulesjefen, som me ikkje har hatt sidan mars, skal ha oversikt over tidsbruken når det gjeld skjerm i mine timar er ikkje anna enn umogleg.
Me nyttar skjerm. Me nyttar blyant. Av og til fargeblyant. Men aldri tusj. Slik dei har i England. Der fløymer det over av tusj. I alle fargar. Ikkje berre svart. Me nyttar av og til kolstift. Og skriv på veggen. I skulebua. Slik steinalderfolk gjer. Når våren kjem her, 550 m.o.h, og snøen forsvinn frå skulegarden sånn litt før 17. mai, nyttar me kritt. Når var krittida igjen?
Fordelen med skjermen i 2025, kontra skjermen i 2015, er at skjermen i 2025 startar opp SINNSJUKT mykje fortare enn skjermen i 2015. Eller 2005. Eller 1995. Eg trur skjermtida i 2025 er på høgde med skjermtida i 1985 på Tiki-100….instant on. Det har jo vore ein downperiode der ei stund…
I år er eg på 7. trinn. Me er berre fire. Då har eg teke meg til rette, og innført RSS for heile hurven. Tanken er at dei treng meir tekst. Mindre biletet og video (utan at me treng å få inn på ressursbruken til dei to sistnemnde akkurat her…). Og dei må ha ein kjapp måte å sjekka mykje på. Mange kjelder. Og det vert jo og eit fokus…..kva kjelder skal me ha? Korleis kategorisere dei? Oi! Me kan søke gjennom alle kjeldene, i staden for å Google heile internettet for å finne eit eller anna reklamefinansiert søkeresultat, om ikkje KI’en slår inn.
Men det er i 7. klasse. I 1. – 4. var det kjekkast å drive med samskriving, øve på 10-20-30-regelen,øve litt på Statped sin Tastaturbo….men var det skjerm i halvparten av tida? Meir enn det? Gudane veit! Eg veit i alle fall ikkje kor lenge dei held i blyanten heller, og eg er redd ein har litt feil fokus om det er slikt ein vel å bry seg med. Men det er klart…..det er jo lett å laga statistikk då.