Etter Arne Olav Nygards fortreffelege kronikk om openheit omkring det digitale i skulen, og Jeanette Tranbergs oppfølgande bloggpost, kjem eg over ei nyhende frå ein barnehage i Kristiansand.
Saka er at ein barnehage i Vennesla har sett ned forbod for tilsette om å vera “vener” med foreldre på Facebook.
Styrar Siren Wetrhus Knutsen, pedagogisk leiar Janne Spikkeland og nestleiar Eva Anett Mosland syner her eit nivå av digital kompetanse som er heilt på høgde med det ein kan finne ved kommunar og skular i Noreg, som ser på sperring som eit godt middel for å unngå uønska hendingar.
I Facebook sitt tilfelle vil eg nemne eitt einaste ord som ville spart leiinga i Mariknotten barnehage frå å ta eit usedvanleg dårleg val: personverninnstillingar!
Ein liten sjekk på Facebook vil syne at ein kan lage seg til ulike typar graderingar av kven som skal ha moglegheit til å sjå kva…derunder også statusoppdateringar.
Når personverninnstillingane er nemnde, så har eg endå ikkje teke føre meg den beste måten å sørga for at “glipper”, slik Wetrhus Knutsen seier det, skal dukka opp. Det har du nemleg på toppen av kroppen!
I mi 1.klasse har me ein regel som heiter gjer lure val. Slike val har ikkje born monopol på. Også vaksne kan ta slike val. Det å skaffa seg slik kompetanse er dog gjerne ikkje så let.
Avgrensa tilgong til nye verkty som vert nytta “til vanleg”, vil skapa ein ond sirkel. Så lenge utdanningsinstitusjonar blokkerer for moglegheiten til å utfalde seg med nye digitale verkty, risikerer ein at eit høgt nivå av digital kompetanse vil verte skapt i det private rom…blandt dei få. Har ikkje barnehage og skule då mislukkast i sitt arbeid slik det kan lesast om i Kunnskapsløftet der ein tek sikte på å gjere allmendanna menneske ut av nye generasjonar?
Oppdatering:
No ser det også ut til at Utdanningsforbundet er einig med meg. Godt å sjå.