Category Archives: Politikk
Det hender at eg tek føre meg litt politikk og.
Lærarar i ei særstilling
Ein kan sei mykje om lærarstanden, men at yrkesgruppa vert vurdert som andre yrkesgrupper er vel å ta hardt i. Dersom læring ikkje skjer, vert dette ofte tabloidisert som om læraren ikkje har gjort jobben sin. (Jf. «10B».) Funder litt på denne i påskeferien (klikk på stripa for å sjå henne litt større);

Byråkratpedagogar
June Breivik kvitra om frykt for overvaking i den vidaregåande skulen i Vestfold her om dagen. Dette er nok eit eksempel på at politikarar og kommuneadministrasjon tek heile føringa for korleis IKT skal nyttast i skulen.
Eg har tidlegare teke fatt i nettopp dette temaet, og på leirplass i denne vekas Computerworld skriv Henning Meese om den (manglande) digitale kompetansen hjå lærarar. Meese tolkar Egil Børre Johnsen slik;
«Han mener den digitale satsingen har hatt liten effekt fordi lærerne ikke er skolerte i å ta verktøyene i bruk.»
Vidare vert det av Computerworlds skribent sagt at «Skolemyndighetene har hatt en overdreven tro på at pc-er og internett i seg selv skal gi pedagogisk gevinst.» -H. Meese (2009), Computerworld. Nøkkelordet her er for meg «skolemyndighetene».
Det finst neppe forsking på området, men det hadde vore eit interessant studium å sett på talet norske lærarar som sjølv har fått vere med å bestemma kvar datamaskinane skal vere, og ikkje minst, kva som skal vere på dei. Det dømet eg nevner i starten av denne bloggposten, er berre eit av mange eksempel på at byråkratiske krefter tek totalt styring over den digitale biten i eit klasserom.
Eg kjenner personleg til ein del tilfelle der politiske vedtak er det som ligg bak den digitale røynda i eit klasserom. (På merkeleg vis gjekk administrasjonen i dette tilfellet inn og overstyrte politisk vedtak, då det gjekk opp for dei at det politiske vedtaket nok ikkje var av dei beste.) Dette har eg problem med å akseptera som ein god ting, antan det no er politikarar eller tilsette i kommune/fylkesadministrasjon som står bak avgjerdene. Min påstand er at desse ikkje er i ein posisjon der dei fullt ut ser konsekvensane av dei vala som vert tekne på eit kontor, som kanskje ligg milevis i frå næraste klasserom.
I vidaregåande skule har kvar elev sin eigen berbare datamaskin, antan ein PC (Personal Computer), eller ein Mac. I grunnskulen er det ikkje slik. Der er PC synonymt med public computer, og dette gjer at alle har dei same rettane til å gjera endringar på maskina. Altså ingen rettar. Det er her litt av problemet ligg etter mitt syn. Korleis skal dei små lære kva som er galt, om ein ikkje har moglegheiten til å feile? På ein skuledata er det ingen konsekvensar for om ein gjer noko gale, nettopp av di ein ikkje kan gjere noko gale.
Det vert teknisk no kjenner eg, men bodskapen er denne;
Det er etterkvart fleire og fleire lærarar i skulen med meir digital kompetanse enn mang ein politikar. At denne er skulelærd er vel i dei fleste tilfelle tvilsamt. Det er likevel ei stor utfordring at mange ikkje har moglegheiten til å få utnytta sine kunnskaper. Du skal leita godt for å finna pedagogar som underviser heilt likt. Ein har alle sine positive og mindre positive eigenskaper, men når det kjem til den digitale skulen ser ein ikkje noko til tilliten mellom pedagogane og skulestyresmaktene. Dette er ein uting, og eg trur nok det er noko av grunnen til at me, sett bort i frå nokre datamaskinar til fellesbruk, ikkje har kome særleg langt dei siste 10 åra.
Det får vere dagens hjartesukk. Takk til @albaab for RT av @kyrkjebo
PS! Om «byråkratpedagog» er eit ord i den eine enden av skalaen, må ordet Johnny Eriksen har skapt vere i totalt motsett ende; «praktpedagog»
NB! Sjå også Espen Gruer sin bloggpost om nokonlunde same tema…
Nye kritt og blyantar
Jeg tror mange er litt engstelige for å prøve ny programvare. De er redd for at de skal ødelegge noe, men sånn er det jo ikke. Man må våge å prøve. –Eva Brattvold
Eg opnar med det sitatet berre for å slå ein ting fast med ein gong. Eg er ikkje blandt desse. I dei åra eg har halde til med å sysla med IKT har eg alltid vore interessert i nye program, eller verkty som det jo strengt tatt er. Nye utgåver av Windows/*nix har vore spanande sidan eg kjøpte min fyrste cd med Windows tilbake i 1995. Eg oppgraderte frå Windows 3.11.
15 år seinare er det Apple og Google som ligg i front når det gjeld programvare. Google starta som søkemotor. No er det RSS-lesar, nettlesar, kontorpakke, e-post, kart, virtuell verd, 3D-program og bilethandsamingsverkty…for å nemne nokre. Apple i sin tur gjeve dei mange utviklarande verda over ein moglegheit til å laga nye, flott verkty, og tena penger på dette på iTunes App Store. Dette trikset har no også Google teke etter.
Velkjende ny-ord som Youtube, Facebook og Twitter er og ein type nye verkty som har dukka opp i nekksplosjonen (nok eit ny-ord?) som har funne stad i det siste. Desse orda har vorte ein del av den vestlege verdas kvardag. I følgje VG er 1,5 million nordmenn deltakarar på Facebook. (Talet er vel og merke eit år gamalt.) Likevel har nokre kommunar grillar i hovudet om at Facebook og andre sosiale nettstader er fandens verk. Her kjem eg med ei utmaning til media; følg opp! Korleis har det gjenge med mobbesituasjonen? Har det vorte mindre/meir? Har det i det hatt nokon effekt? Forsking på dette hadde kanskje vore noko for ei masteroppgåve i IKT i læring? (Hmm)
Eg trur ikkje dei ansvarlege for å stenge tilgangen til sosiale nettstader gjer det så mykje på bakgrunn av forsking. At media luktar «sak» og set (negativt) fokus på kommunen/skulen har nok ein meir skremande effekt enn mang vil ordførarar vil innrøma.
Ta gjerne saka i Sola kommune som eksempel. Med atterhald om journalistisk fridom, så uttalar altså hovudvernombud Steinar Dahl-Michelsen at «kommunen har uttalt at den har veldig lite lyst til å møte i retten på grunn av mulige helseskader fra stråling«. Etter det eg kjenner til har det endå ikkje kome noko prov om at stråling frå trådlause sendarar har negativ innverknad på noko som helst. Ein tek altså avgjerder på bakgrunn av det faktum at det ikkje har kome noko prov på at slik stråling ikkje har uheldig innverknad. Dersom eg hadde byrja å påstå at eg hadde vorte bortført av små grøne menn, hadde det vore like truverdig. Ingen kan vel prova at eg ikkje har vorte nettopp det?
Poenget mitt er at det er ufatteleg mykje utviklingshemmande krefter i det norske skuleverket. Ein har på eit merkeleg vis ei førestilling om at negative hendingar ikkje førekjem så lenge det ikkje gjeng føre seg på skulen. Bring skulen som institusjon inn for retten, og han vil sansynlegvis erklæra seg sinnssjuk i gjerningsaugneblinken. Men er det på ein slik måte ein tek sjumilssteg opp på PISA-stigen?
Heldigvis har det byrja å kome fram skuleeksempel på bruk av sosiale medium/moderne teknologi i skulen. Liv Marie Schou ved St. Hallvard Videregående Skole har i det siste blogga om flotte timar med både Facebook (Fjesboka), Twitter og mobiltelefon. Dette er initiativ eg står i fremste rekke og applauderer. Det er innovativt og lysår frå den jamne haldninga i skule/kommunenoreg om at forbod er det beste forsvar. Eg skulle gjerne hatt gode eksempel på framtidsretta bruk av IKT i mitt segment av skuleverket og, barneskulen. Det er diverre litt verre å finna eksempel på det. Mon tru kvifor?
Det einaste eg vel kan nemna i farten, og det er ikkje eit godt eksempel ein gong, er at eg krangla meg fram til å få putta nokre av verka til min flotte 2.klasse på nett i dag. (Tema: symetri) Takk vere Google kan elevane vise kreasjonane sine til heile verda, og ikkje berre til dei vaksne som tilfeldigvis er til stades i klasserommet. Samanlikna med korleis det kan gjerast, var det nok eit stunt over den jamne lærars digitale kompetanse. Det er gjerne difor så mange lærarar (etter det mediane fortel) har så usedvanleg høg terskel for å ta i bruk desse boksane.
Personleg ser eg lyset i enden av tunnelen. I dag kom det lovnad om digitale tavler på arbeid til hausten. Entusiasmen min vart så stor at eg med eit høyrde med sjølv rope ut eit høgt «HALELUJA». Orsak til alle som høyrde på, men eg er frelst…digitalfrelst. 🙂
Påstått dataskrekk blandt lærarar…
Aftenposten kjem i dag med ein artikkel som gjer at det byrjer å syde og koke inne i meg. Med den kraftig provoserande overskrifta «Pedagoger lider av datafobi«, har Kristin Jonassen Nordby utført sin misjon.
Jonassen Nordby siterer Odd Arild Olsen, spelsjef hjå Barnevakta.no;
Skolen kan og bør bruke dataspill langt mer enn de gjør i dag for læring og lek
Eg er heilt utruleg einig i det Olsen seier her! Det er dog ein ting som ikkje stemmer med Olsens teori.
Etter det eg kjenner til er det eit fåtal norske skular som har tilhøva lagd til rett slik at pedagogane kan bestemma kva slags programvare dei har tilgang til. Etter fire år på skulebenken, og snart to år ute i den verkelege verda, har eg endå til gode å oppleve ein maskinpark som legg tilhøve til rette for at pedagogane skal stå for vala av kva slags programvare lærarar og elevar har tilgang til.
Eg har tidlegare vore inne på dette i eit innlegg frå august 2009. Også Eva Bratvold har teke opp same problemstillinga. Sistnemnde er forøvrig eit eksempel på ein bloggar som Johnny Eriksen ville ha kalla ein praktpedagog.
Eg opplever altså artikkelen til Aftenposten som ein skivebom på høgde med Norske skiskytterresultat i OL. Det er ikkje pedagogane det står på. For som det også vert sagt i artikkelen, «Yngre lærere er langt mer positive til bruk av dataspill i skolen og på SFO enn de eldre». Men det er altså ikkje her utfordringane ligg. Datamaskinane i skulen må gjerast personlege, ikkje offentlege! PC er ikkje eit akronym for Public Computer, men Personal Computer. Realiteten i den norske skulen pr. i dag gjev ikkje eit atterskin av dette. Den lærdomen norsk ungdom i dag får når det gjeld heilt grunnleggjande digital kompetanse, tilpassing og vedlikehald av eit verkty, skjer pr. i dag rundt om i dei mange tusen norske heimar. Det er jo tydelegvis ikkje i heimen regjeringa tillet at læring skal føregå…som om læring var tidsavgrensa!
Vestens akilles
Den vestlege verda byggjer heile sin eksistens på økonomiske interesser. Alt er økonomi for oss…eller skulle eg kanskje sei finans om du vil?
I går vart et sittjande etter middagsmaten å høyra på radio. NRK sin korrespondent i midtausten, Sissel Vold, hadde intervjua muslimske kvinner. Vold var tydeleg overraska over at kvinnene sjølv valde å gå tildekka. Overraskinga var endå større over at dei same kvinnene ville vera heime i staden for å arbeida. Den som Vold hadde intervjua utalte at «vesten tenker bare på penger». Personleg tykkjer eg at det er vanskeleg å vera usamd i det utsagnet.
Då eg i dag kom over følgjande video kjende eg skrivekløa kome;
Kvart evige år høyrer ein multinasjonale selskap klage eller skryte over rekordtal. I fjor vart ein vitne til eit sytekor utan like då finanskrisa slo til. Eit år etter kunne ein tru at det heile ikkje hadde funne stad. Men er det verkeleg slik, at ein kan forvente at innteninga kvart år skal nå nye høgder? Ikkje i følgje marsvinteorien!
Heller ikkje i følgje ein film eg kom over for nokre år sidan. Filmen har den passande tittelen «The Corporation». Den gjev eit godt innblikk i bakgrunnen for dei multinasjonale selskapa som eksisterer i dag, og kvifor aksjeselskap i det heile tatt eksisterer.
Alt i alt…eg sit att med ei kjensle av at ting er «fole» galt her i vest. Filmen «Matrix» har forsåvidt eit treffande poeng i at mennesket er eit virus. Det er dog ikkje alle sortar menneske som er det. Men når me endar opp med å vera så langt i frå det med eigentleg er ein del av, naturen, at borna våre ikkje lenger veit anna enn at mjølka kjem i frå butikken, og kjøtet på eit eller anna magisk vis dukkar opp i butikkane…det er då me har eit problem. Det problemet er større enn alle overskot!
Juleånd i Sirdal
I dag starta eg dagen med å lesa om korleis folk kastar fullt brukbare saker, for å få plass til julas nyerhverva duppedittar. At folk kan kvitta seg med så mykje brukbare sakar og ting berre fordi dei ikkje er siste skrik, det er for meg ufatteleg.
Ironien er difor til å ta og føle på når det, medan eg skufflar bort siste snøfall, kjem ein BMW Suv opp i tunet. Døra går opp, og hyttemannen slenger ut om eg har behov for eit gamal fjernsyn til ei utleigehytte. Tanken hans er jo i utgangspunktet god, for all del. Men likevel tykkjer eg det syner litt av haldninga til «byfolk».
Det må også seiast at då eg takka nei, kvitterte han ut med at «Då kast’eg an der ude.» «Der ude» vil i dette tilfellet seie Sirdals flott velkomst til alle tilreisande; 5 flotte, grøne kontainarar som er plassert midt i åsynet på ein når ein kjem fram til Sirdal.
Eg føreslo Fretex, men i tråd med generell norsk giddalause og forbruksmentalitet, er det nok for mykje stress bak eit slikt initiativ. Då er det betre å slenga «den gamle driten» i containaren som står så lageleg til, slik ein gjer med alt anna ein ikkje vil ha.
Det er altså to tankegangar eg slit med å ta til meg;
- Kvifor kaste fullt brukbare saker på dynga?
- Kvifor har ikkje Sirdal kommune sortering av hytterenovasjonen?
Pr. i dag vert avfall som er for tungvindt å kvitte seg med i meir urbane strøk, dumpa i utkantsstroka fordi det er lettvint. Slikt ser ein i Afrika, og slikt ser ein i Sirdal. Heilt glittrande. Ha ei fortsatt god jul.
To much of a good thing?
Klokka har vorte 17.32. Det er ikkje før no eg har tid til å sjå kva som gjeng føre seg i Noreg i dag. Dvs…i det media vel å fortelje om. Eg måtte ta ei oppteljing. Dagbladet har 50 nyhende på framsida si. Av desse 50, er 28 Obamanews. Over halvparten altså. 8 er sportsnyhende og 4 er IT-nytt. Berre ti plassar er tilegna nyhende som har med «dagleglivet» å gjere.
Greit nok at det ikkje er kvar dag ein deler ut fredsprisar, men stoppar verda opp av den grunn?
Kan nokon hugse kven som fekk fredsprisen i fjor? (Det er ikkje lov å jukse…..)
Antistraumlinjeform
Desse svineinfluensadagar har gjort Noreg til eit land med nåkonlunde køkultur. Eit tema som i seg skjølv kanskje kunne vere verdt ein bloggpost, men det er ikkje det denne skal handle om.
I mitt daglege arbeid som lærar skal det meste målast, vurderast og, ikkje minst, dokumenterast! Nettopp dette er det skrive og sagt mykje om. Har du ikkje fått det med deg, kan du lesa om det her; 1, 2 og 3.
Som følgje av den ekstreme epedemien som rammar landet om dagen, har lærarar fått nok ei oppgåve i fanget. Me skal no fungera som legesekretærar. Det er her eg kjenner at eg endeleg kan nyttegjere meg av mi erfaring som nettopp legesekretær. Eg sender nokre tankar til Tante som ordna meg sumarvikariat på det lokale legekontoret ei gong tidleg på 2000-talet. Det var rett nok epedemifrie tider, men erfaringa gjev utslag no kjenner eg.
Helsevesenet har bede skulane (Les: lærarane) om å lage lister over kven som skal ha vaksina, kven som ikkje skal fordi dei ikkje vil, og kven som ikkje skal fordi dei alt har fått ho, eller andre grunnar. Lappane kom frå administrasjonen, og eg sendte dei vidare ned dei 23 ryggsekkane som heng på stolane i klasserommet. Dagen etter kom halvparten av lappane attende. Dagen deretter kom halvparten av den resterande halvparten attende. Dagen deretter igjen kom det endå eit par. Og no, kvelden før helga og vaksinasjon på tirsdag i neste veke, då manglar eg berre ein. Eit tåleg greit resultat vil eg påstå.
Men i dag dukka det sjølvsagt opp andre lappar. Nye lappar. Lappar a’la custom, med påskrifter som;
– «Mitt born har fått vaksine i går ettermiddag».
– «Mitt born skal ta vaksine saman med lillesystera i ettermiddag.»
Javel, tenkjer eg. Men kvifor kommuniserer de (foreldre) dette til meg? Eg sat i resepsjonen og trykka på ei datamaskin i min sumarjobb. Eg trur aldri eg såg ei nål. I mitt læraryrke er ei nål ein endå fjernare tanke. (Bortsett i frå dei tilfellene då ein elev har funne ei hestenål på veg til skulen, og tek ho med for å visa kompisane/forsvara seg. Stryk det som ikkje passar.)
Lappar er forøvrig skumle dyr. Dei har, som Frodo, ei eiga evne til å forsvinne. Trass i at mange ser ned på lærarars digitale kompetanse, så har eg faktisk ein e-post eg kan ta i mot meldingar på!
Uansett. Det er vel ikkje eg som skal ha beskjed om at bornet, trass i at lappen med at det skal ha vaksine er levert til skulen, likevel ikkje skal ha vaksine fordi det medan korrespondansen har gjenge har fått vaksina? Er det? Skal eg vidareformidle til leiaren min at nokre born likevel ikkje skal ha nåla fordi dei har fått påfyll medan dei venta?
Har ikkje helsevesenet lister over kven som har fått det gyldne serumet, og kven som ikkje har fått? Er dette eit typisk tilfelle der alle sider i samfunnet må trø til for å sikre den jamne manns liv og helse? For hvis det ikkje er det, så vil eg ha 50 kr for kvar vaksine eg prakkar på desse små. Såpass har legemiddelindustrien tent på dette hysteriet, og såpass tykkjer eg at eg fortener i reint administrasjonsgebyr.
Dei siste 30 åra har 25 millionar døyd av AIDS. Det er litt over 80.000 pr. år. 30 år har industrien hatt på seg til å lage ei vaksine for dette, men likevel ikkje klart det. På nokre månadar klarar dei å trylle fram eit serum som skal kverke grisepesten frå å breie seg.