Tagged in: bustad

Husrom til hausten

I dag sat eg for morro skyld og kikke litt på husvere i Sandnesområdet som måtte vere til sals/leige. Bakoversveisen la seg jo ganske fort på plass då resultata frå det kjappe søket mitt dukka opp på skjermen! Fire år i Volda med ein leigepris i måneden der straum, fjernsyn og Internett er innbakt i sluttprisen på 2600,- gjer jo at ein kanskje vert litt bortskjemd, men at ein skal måtte femdobla betalinga for å få tak over hovudet var jo litt voldsomt tykte eg.

Då siste nytt frå Aftenbladet tikka inn med nyhenda om at Tore Lie, ein kjend eigendomsmeklar frå regionen, har kjøpt seg eit “lite kråkereir” i Stavanger til 14 millionar var eg beint fram litt irritert må eg innrømme. Som dei seier i “Ronja Røvardotter”: “varför gjör hon[han] på detta viset?”. Det er vel ikkje heilt utenkjeleg at det er nettopp slike investorar som skal tene seg pengar i ein fei som i stor grad er med på å auke prisane så inni hampen!

Nei eg kan ikkje seie anne enn at eg gruar meg! Eg trur gjerne eg skal satse på å få meg eit EarthShip!

[youtube:http://www.youtube.com/watch?v=L9jdIm7grCY]