Tagged in: bil

Feilparkering i dalstroka innafor

Eg vakna opp av ein merkelig lyd i dag. Det var noko som rasla, eller skrapte utanfor vindauget. Ei slags knitring. Eg stod opp og kikka ut, og på parkeringsplassen utanfor Brekkebua kunne eg sjå ein bil som låg på hovudet.

Slikt er jo ikkje daglegdags, så eg måtte gni meg godt i auga for å vere sikker på at faktisk såg det eg såg. Men jo. Det låg endå ein bil parkert på hovudet utanfor kiosken.

Ein blir litt stressa i slike situasjonar. Det dukka fort opp eit par personar, og innan eg hadde kledd på meg og kome ned vegen, hadde ein allereie fått klarlagd at det ikkje var fysiske skadar på den eine personen som var i bilen, samt at det hadde vorte ringt etter både politi, ambulanse og redningsbil.

Bilen har kome opp på rekkverket og vippa inn på parkeringsplassen. Det var ikkje stor fart då hendinga skjedde, og det var berre denne ein bilen som var innblanda i ulukka.

Når ulukka først var ute, var det vel neppe ein betre plass, eller tid på dagen, å havarera bilen. Ein parkeringsplass er fin og flat å krasja på, og heldigvis var han på denne tida av døgnet ikkje full av bilar slik det nok kunne ha vore eit par timar seinare på dagen.

Sjåføren var yrkesjåfør, og bilen var hans arbeidsbil, så eg vonar at det ordnar seg for han på best mogleg måte. Det var nok gjenkjenneleg med raksjonen hans då eg kom ned. Det som uroa den ulukksalige sjåføren var jo nettopp arbeidssituasjonen. Det er merkelig med det…at slikt er det fyrste som dukkar opp i hovudet på ein etter å ha forulukka på den måten.

Overkøyrd i morgonrushet

Eg har kollidert eit par gonger tidlegare i mitt liv. Kvar gong har vore særs ulik den forrige. No kan eg notera ned endå ei slik ugrei hending. Heldigvis var det ikkje mi skyld denne gongen.

Påkjørsel

På veg til arbeid ute på Sola vart eg liggjande i høgre fil etter siste rundkjøring før rundkjøringa der motorvegen treff Stavanger. Med eit begynte rumpa på bilen å gå mot høgre utan at eg så mykje som hadde rørt på rattet. Eg forstod ingenting, og begynte å ratta mot venstre det eg makta. Her veit eg at hjernen har kopla litt ut, for eg kan ikkje heilt hugse kva som hendte før eg så noko svar i vindauget til venstre for meg, vips var eg over i venstre fil…baklengs.

Utan å ha forstått kva som traff meg, vart eg sittjande å venta på ei smell. Heldigvis kom det ikkje. Eit lite dunk var vel alt eg kjende, idet den bakre støytfangaren fann eit passande tre mellom dei to kjøyrerettningane på Madlavegen, og der stoppa eg opp.

Fyrst no vart eg klar over kva som hadde hendt. Eg kikka etter kva som hadde truffe meg, men ingen bilar såg ut til å ha merka at eg hadde vorte skvisa rundt i køyrebanen og no stod stille. Eg vart sittjande litt å tenkje…kva hadde truffe meg…kva gjer eg no?

Lysa til høgre for meg av bilar på veg til Forus gav meg ikkje noko svar. Etter å ha slått av lysa og daua bilen, strekte meg over i settet og tok tak i sekken. Eg visste at eg måtte på arbeid! Døra var uvanleg vanskeleg å få opp, men etter nokre forsøk klarte eg å koma meg ut. No stoppa også ein diger lastebil borti vegen.

Bak meg høyrde eg stemmar, og nokre arbeidarar med gule vestar kom settjande til over vegen. Eg hadde endå ikkje ein heilt klar plan over kva i alle dagar eg skulle ta meg til, då dei ropte at me måtte få bilen opp på fortauet på motsett side av vegen. Eg sette meg inn att i bilen att, og mi stolte skute vart rulla over vegen og opp på land.

Deretter gjekk det eigentleg slag i slag. Medan eg vart ståande og kikke etter overkjøyraren saman med karane som hadde gjeve meg ei hjelpande hand, dukka det opp ein politibil med blålys. “Raskt levert”, tenkte eg med meg sjølv. Men det var nok anna, viktigare saker dei var ute etter der og då, for dei freste ganske elegang forbi. Like etter dukka min motstandar i Destrction Derby: Stavanger opp. Han hadde ikkje merka at han kjøyrde på meg før det kvite taket hadde dukka opp framom han idet eg var snurra 270 grader rundt, over på andre sida av vegen.

I biletserien under kan du sjå resultatet. Dei to fyrste bileta er frå i dag tidleg, medan resten er no i ettermiddag.

IMG_0100








Mildt sagt ugreit, og ei rekkje spørsmål dukker opp.

  1. Korleis skal eg koma meg på arbeid i dag?
  2. Korleis skal eg koma meg heim til helga?
  3. Korleis skal eg koma meg på arbeid framover?
  4. Skal eg ha ny bil?
  5. Har eg råd til ny bil?

og sist men ikkje minst;

KORLEIS I SVARTE KAN EIN BERRE SKUBBE NOKON AV VEGEN??? Djises…

Men alt i alt så gjekk det eksepsjonelt godt denne gongen. Ingen personskadar, og kajakkfesta er intakt.

Kor fort er for fort?

Bilen min er ikkje den kjappaste i gata. Nede i parkeringsanlegget står han mellom ein flott Volvo V70…siste årsmodell, og ein liten gul og svart racerbil! Men eg skjemst ikkje fordi om. Eg likar bilen min. Han har frakta meg rundt om i Noregs land no sidan ein gong seint på 90-talet. Men fordi om han er ein meir praktisk bil enn ein underhaldande bil (eg har ikkje ein gong radio i han), skal eg innrøma at eg har testa grensene litt. I ein tunell. På ei lang strekke utan andre bilar i synsranda. Då fekk eg han opp i 140 kilometer. Eg trur eg skulle klart å drege han opp mot 150…i fritt fall!

Denne innleiinga har eit poeng som ligg langt i frå det at eg skal skryta av kor fort eg har kjørt. Det er ikkje tøft på noko vis. Eg har floge i nær 300 kilometer i timen i fritt fall over Lake Taupo på New Zealand og…det var tøffare. Ikkje sette det helse og liv til andre i fare heller…bortsett frå han som hadde meg på magen sjølvsagt, men han hadde jo valt det sjølv han og.

Men til poenget…i alle bilar finn ein hastighetsmålarar…speedometer. Av ein eller annan grunn går mitt til 200 eller deromkring. Men kvifor? Kva er poenget med det når;

  • maks fartsgrense i Noreg er 100 km/t
  • køyretilhøva i Noreg ikkje er egna for meir enn 70-80 km/t i store delar av året
  • eg aldri ville ha våga meg noko særleg over den magiske riste-grensa på 140 likevel

Eg kom over ein interessant artikkel på ei engelsk side ved navn Treehugger som tok føre seg nettopp dette spørsmålet. Ein interessant parallell vart dregen til temaet i ein ganske grotesk film ved navn Supersize Me. Filmen er ein dokumentar om eit eksperiment der ein freistar å leva ein månad på ein McDonald’s-diett for å sjå om det i det heile tatt går, og kva verknadar det eventuelt gjev.

Mange forbukarar, når dei får valget, vel den største porsjonen tilgjengeleg. Du har heilt sikkert, som meg, velt eit litt større glas med Cola for berre eit par kroner meir. Det gjev jo meir for pengane! Slik er i alle fall teorien bak. Og med dette i mente, dreg så artikkelen på Treehugger ein ikkje heilt usansynleg tråd til automobilverda…

Kan det hende at same type psykologi påverkar køyremønsteret vårt? Er det mogleg at ein vil køyra litt fortare enn ein burde gjere når augene ser at det er mogleg? Om det så enn berre er dei vesle 5 kilometrane ekstra? I så fall er det urovekkande.

Desse 5 kilometrane ekstra kan vere skilnaden mellom å halde seg på vegen i neste sving, og å dra ret avgåre mot skogen. Det kan vere skilnaden mellom å kome heim til avtalt tid, og å treffast på oppvakninsavdelinga på sjukehuset. Det kan vere skilnaden mellom liv og død.

Ein må sjølvsagt legga seg på minnet at det er forskjell mellom Jørgen hattemakar og kong Salomo…og det er også forskjell mellom, med fare for å skjera alle over ein kam, ein 18 åring rett ut i frå Vegvesenet sine lokal med ferskpressa sertifikat og ein førtidspensjonert, tidlegare kommunalt tilsett. Men likt for alle, er at ein kan havne i ein situasjon der ein kanskje må nå eitkvart, og kanskje akkurat då er tida ein ikkje skulle ha kvesta dei ekstra kilometrane ut av nåla på det lysande instrumentbordet i haustmørkret.

Så mi oppmoding for hausten verta denne; slakk av på foten! Det er betre å venta 5 minutt ekstra enn å venta fånyttes.

Mi dysfunksjonelle slekt

Eg har dysfunksjonell slekt! Eg har og ein bil. Ei stasjonsvogn. Denne har ei matte på golvet framme med clutch, gas og bremsepedalane. Ho er meint å samle opp rusk frå skoa, og det gjer ho jo og forsåvidt.

Problemet er berre det at kvar gong eg låner bort bilen til mi mor, tante, syster eller liknande, så får eg bilen levert attende med denne matta godt samanrulla og trykt så godt fram mot radiatoren som ein fysisk kan få det til frå inne i kjørekupeen. Det er hakket før eg installerer videokamera i bilen for å sjå kva som eigentleg hender når andre enn eg er rundt å kjøyrer. For eg veit det ikkje heilt sikkert, men eg trur kanskje det at bilen min vert feiltolka som ein bil henta direkte ut av Flintstones….altså ein der du plantar beina gjennom golvet og gjev gass med apostlane. Eg kan ikkje fatta å forstå kva andre grunnar ein skulle ha til å krølle saman den golvmatta så til dei grader….kvar einaste gong?!