Den digitale skulen – eit tiår etter

No om dagen er det full rulle i London med BETT, eller British Education and Training Technology. BETT er ein åreviss konferanse om teknologi i utdanningssektoren der ein kan få eit innblikk i det som rører seg av teknologi innan utdanningssegmentet, og det er ikkje lite. Då den fyrste konferansen fann stad var det 112 utstillarar. Sist år var det 700, og desse vart vitja av nær 29.000 tilskodarar.

BBC har i dag ein interessant artikkel om nettopp BETT. Eg beit meg spesielt fast i dette utsagnet;

“Teachers need access to innovative services. We must prepare pupils for the future workplace.”
[BBC (2010), Schools must embrace mobile technology]

Mannen bak sitatet er Storbritanias utdanningsminister Vernon Coaker. Eg trur han her seier det mange lærar tenkjer. Ei stund var maskinparken den store bøygen å koma over i skuleverket. No har ein etterkvart fått god dekning av datamaskinar rundt om i landet, men det finst vel endå dei som slit med gamle CRT-skjermar og maskinar utan nettverkskort fordi “1. klasse treng ikkje nettverk.”  Dei har mi medkjensle!

Eit av hovudfunna til ITU i var at “Lærerne rapporterer om forholdsvis begrenset bruk av digitale læringsressurser.” [ITU Monitor 2009] At desse to sitata heng saman er ikkje heilt utenkjeleg etter mine omgrep. La meg ta eit rykande ferskt eksempel frå min skuledag i dag.

For tida er verdsrommet tema i samfunnsfag/naturfag i mi 2. klasse. Her om dagen var me ute og såg på soloppgangen, men stjernehimmelen var litt for lys til å få det heilt store biletet av stjernehimmelen som eigentleg var perfekt i den kalde vinternatta. Eg tenkte at då fekk ein la stjernehimmelen koma inn i klasserommet med å nytta antan Google Earth, eller Stellarium. Rett nok må ein ha ledig plass på datarommet, men dette hadde eg allereie ordna. Utfordringa kom då eg skulle installere desse programma på maskinen med tilkopla projektor. Det som møtte meg var det grellaste eksempelet på bakstreversk tankegang som finnst, og som land som Kina er i teten av: begge nettsidene eg skulle lasta ned programma frå var sperra av kommunens filter!

Me ha lagt eit decennium av 2000-talet bak oss, og den dag i dag er dette ein taktikk som vert nytta av alt for mange kommunar. Grunngjevinga er sjølvsagt trumfkortet som kan få ein kvar kongress til å kasta dollar etter hæren; tryggleik. I ein tidlegare bloggpost nytta eg nokre kilobyte på verdsveven til å seie kva eg meinar om nett slik ein taktikk.

Ein kan trygt sei at på det halvåret som har gått, så har eg ikkje vorte mindre sterk i trua på at eit kommunesentralisert diktatur av IKT i skulen er eit skot for baugen for heile utviklinga. Det vil kome fleire IKT-kompetente lærarar enn nokon gong får klekkeria i tida som kjem. Likevel vert all entuasiasmen og gløda til å skapa god læring som kan strekka seg utanom klasserommet torpedert av tryggleikskrav frå kommunale IKT-høvdingar rundt omkring i landet. Det hadde vore interessant å sett korleis diverse regjeringsmedlemmer [1 & 2] hadde teke det om ein ikkje fekk bryta fartsgrensa berre bittelitt…kva om tryggleiken faktisk var gjeldande for desse og?

Mitt poeng er (igjen) som følgjer. No når maskinparken så smått er på plass i skulenoreg, så er det tragisk å sjå at ein på ny må kjempa for å få på plass programvara ein ynskjer å nytta i skulekvardagen. Utan It’s Learning ville til dømes ikkje eg kunne vist elevane video på Youtube av akedagen me hadde. It’s Learning bidrog altså til ein god ting der. Elles kunne ein ha nytta meir enn ein bloggpost om akkurat den LMS’en. Blogg vert nytta på høgare skuletrinn. Kvifor kan ein ikkje nytta seg av Twitter på dei små trinna? 140 teikn er då meir enn nok for ein elev på 2. trinn. Men nei. Twitter er sosial programvare, og dermed fandens verk! Eg seier som trollet: eg trur snart eg sprekk.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *