Category Archives: Friluftsliv

Jeppa pinne

I gamle dagar, då eg var knøtt, var me mykje ut og fann på ting. Me spelte døball, anti-øve, lite vink, spark på boks og kappa land. Men av dei kjekkaste aktivitetane me haldt på med, var det å jeppa pinne.

I gamle dagar fanst det tre på skuleplassen, eller i det minste rett utanfor. Nokon hadde kanskje leika indianar og cowboy dagen før, og hadde laga seg piler av unge rauner som dei tok med seg på skulen dagen etter. Ikkje for å skyta pilene etter kvarandre, så gale var det sjølv ikkje då, i den tida då når born hadde lov å slå seg. Men pilene hadde andre bruksområde, nemleg som verkty i dette facinerande spelet.

Å jeppa pinne er ein lagsport. Ein utdøande lagsport. Ein actionfyllt lagsport! Det kan minne litt om dei mer kjende sportane cricket eller baseball, men er til samanlikning utan ballen. Kan dette vere det perfekte spelet for dei som til dømes ikkje heilt vert oppslukt av at 22 spelarar spring etter ein ball og prøver og få han i eit mål i kvar sin ende av bana? Eg veit ikkje. Men ein ting er sikkert, å jeppa pinne er ein kunst, og ikkje minst: morro! Så for dei som har lyst å gjera ei forsøk med det, og antan ikkje har spelt det før, eller ikkje hugsar korleis det gjekk føre seg…her er reglane.

Utstyr:

2 stk pinnar, henholdsvis 15-20 og 30-60 cm lange.
2 steinar/treblokker  som ein kan leggja den minste pinnen på tvers av. (basen)

Spelets gang:

1. Del inn alle deltakarane i to lag. Eit innelag, og eit utelag.Jeppa pinne 1
2. Spelarane på utelaget fordelar seg utover bana, medan spelarane på innelaget stiller seg opp etter tur for å jeppa pinnen.
3. Den minste pinnen vert lagd mellom steinane (på basen).
Fyrste slaget – Vippen
4. Den fyrste spelaren på innelaget tek den store pinnen og held han intill den vesle slik at han kan vippa pinnen ut på bana. NB! Kontakt mellom pinnane er viktig så ein ikkje slår pinnen ut på bana, noko som kan medføre skadar.
5. Når spelaren på innelaget så vippar pinnen, er det opp til utelaget å ta tak i denne før han fell i bakken, altså å ta hys. Klarer ein dette, er spelaren som vippa pinnen ute.
6. Klarar ein derimot ikkje å ta hys, legg innespelaren vippepinnen på tvers av basen.
7. Utespelaren som er nærast den vesle pinnen, prøver så å treffa vippepinnen slik at han fell ned frå basen. Klarar han dette, er innespelaren og ute av spelet.
8. Om utespelaren derimot ikkje klarar å treffe vippepinnen, nyttar ein den vesle pinnen for å måla avstand til der vippepinnen no ligg. 1 lengd=1 poeng til innelaget.

Andre slaget – Enkeltslag
9. Hald den vesle pinnen med eine handa, og sler han utover på bana med vippepinnen.
10. Utespelaren kastar nå den vesle pinnen inn og skal treffa så nært opptil basen at innelaget ikkje kan oppnå poeng. Innespelaren har her anledninga til å “vispa” framfor basen slik at veslepinnen kan havna langt unna.
11. Poeng målast med vippepinnen frå den vesle, og inn til basen. Igjen poeng til innelaget.

Tredje slaget – Dobbeltslag
12. Innelaget sin spelar må her slå pinnen opp i lufta ei gong før han kan slå han ut på bana.
13. Poengoppmåling her gjev 2 poeng for kvar pinnelengd.
14. Klarar utelaget å ta hys, er det nestemann på innelaget sin tur.

Fjerde slaget – Sjanseslaget (frivilleg)
15. Innespelaren må her treffe den vesle pinnen to gonger i lufta før han kan slå han ut på bana. Ein får no fem poeng pr. pinnelengd.
16. Tek utelaget hys no, får utelaget alle poenga til innelaget når dei byttar plass.
17. Om utelaget tek hys, er det nestemann på innelaget sin tur å slå, slik som før.

18. Når alle på innelaget har hatt sin tur eller blitt slått ut, bytar laga plass og fortset spelet til eit lag når avtalt poengsum.

Jepp jepp.

Verveprememie

Idag fekk eg mi beste velkomstgåve nokonosinne i posten. Eg har meldt meg inn i Bokklubben, og i den samanheng kunne eg velgje tre bøker, men best av alt, ein reiseradio. Nå er kanskje ikkje det så mykje i seg sjølv. Men når reiseradioen er ein vasstett, inneheld lykt, fm/am band, kan drivast på vanleg ledning, batteri….og *trommevirvel*…dynamo, ja då er han genial. For tjue minutt sidan sveiva eg i fem minutt, og eg sit endå å høyrer på P3 sine sprakande, analoge signal. Fantastisk sak!

Reiseradio

Oystein’s water ’07

Stine spurde meg så vent om eg ikkje kunne reklamera litt for henner kjære Øysteins arrangement, Oysteins Water ‘07, utanfor Kristiansand den 7 og 8 juli, og sidan eg ikkje er så vanskeleg å be, så gjer eg det.

Den 7 og 8 juli vert det altså som nevnt masse morro og sprell på Dvergsøya utanfor Kristiansand. [Kart] Hendinga er dedikert til vass-sport og anna sommarmorro. Så då er det berre å pakka redningsvesten og dra avgarde. Underteikna er diverre noko oppteke med slåttonn på gitt tidspunkt…men men. Kan ikkje få med seg alt heller.

Meir info finnst på kite.no og oysteins.com.

Somarens fyrste stølstur

Då har eg kome meg heim att frå ein aldri så liten impulstur til stølen, “Me veien“. Fyrste gong åleine. Fyrste gong eg padla inn. Fyrste gong (og siste) eg gjekk opp Hestekvæven. Fyrste gong eg hadde med fiskestonga. Men det vert i alle fall ikkje siste turen. Kjempeflott var det. Nokre småglimt fra turen (før kameret gjekk tom for straum) kan sjåast i galleriet her.