Category Archives: Friluftsliv

Naturvernarar

Det er jo med ein viss fryd eg les om at Naturvernforbundet har vunne i retten mot godseigar Løvenskiold i dag. Men strengt tatt er ikkje det som er det mest oppsiktsvekkande med sjølve saka.

Ser ein på det tilhøyrande biletet til artikkelen, vil ein kanskje heva augnebrynet ein tanke om ein også har vore innom Sirdølen si nettutgåve i det siste. Ta ein nærare kikke på bileta under, så kan du sjølv fundere på kva Gunnar (for ordens skuld, på biletet til høgre) eigentleg har drive med i Nordmarka… Her luktar det skap-naturvernar lang veg!

Sumarferie 2009

Årets ferie vart eit faktum etter at Askild hadde vore frampå året i førevegen med å padla Lysefjorden. 8.7 la difor fem eventyrsjuke personar ut i frå Lauvik i kvar sin kajakk. Askild, Jan Olav, Kristin, Sandra og eg la avgarde innover fjorden i opphaldsver og roleg sjø…som bestillt.

To dagar seinare landa me i Lysebotnen etter to flotte dagar på fjorden med alt det Noreg kan by på av ver. Men nokre ord dekkjer det heile ganske fortreffeleg: “tima og tilrettelagt”! For det var jo nokre dråpar som møtte oss på vegen innover, men lukkelegvis for dei fem staute padlarane kom dei antan når me sat godt planta i båten, då me hadde fått opp telt, eller sat i ly under tak i Flørli. I Flørli forlot også Jan Olav oss, og padla heim att til fordel for litt familiemingling.

Returen vart gjort på dekk frå turistferga ut fjorden igjen, noko som sjølvsagt var ei litt anna erfaring enn padlinga. Deretter lempa me båtane på biltaka og sette nasen mot Stavanger. For austlendingar er det jo klart at det er spanande å ta ein tur til Oljehovudstaden i Noreg. Her vart det litt sightseeing i gatene, samt is i Vågen i ganske så perfekt ver.

Neste stopp på ekskursjonen vart Dalsnuten i Sandnes. Her var me ein tanke uheldige og hadde mykje skyer liggjande over Jæren i det me nådde toppen, men det såg ikkje ut til å leggja nokon dempar på stemninga…jf. hoppebiletet under. Kvelden var tilbragt i telt på Selestranda. Sjeldan har eg opplevd så perfekte tilhøve som me hadde her. Ikkje eit vindupust. Ikkje eit insekt. Og morgonen etter vart det årets fyrste bad i sjøen…i nokre ganske kalde nordsjøgrader.

For å varma opp kroppane litt var siste stopp på austelndingane sitt firedagarseventyr på sør-vestlandet avslutta med tur til Kjerag-bolten. Her fekk me oppleve basehopp frå få meters avstand, noko som strengt tatt var eit rush som var meir enn nok, stupbratte fjellsider 1000 meter ned i fjorden, og sjølvsagt den obligatoriske poseringa på sjølve Kjerag-bolten.

1 (1)

Arvid leiker fugl

I dag var dagen då min no 51 år gamle Morbror skulle gjera seg nytte av 50-årsgåva si. Han måtte venta eit år, men den som venter på noko godt, ventar ikkje forgjeves!

Det var som de kan sjå ein gåleg nøgd 51-åring som lande på Sola flyplass etter ein luftetur frå 10.000 fot.