AA-studieoppstart

 

ticket to ride

Då var det omsider offisielt. Billetten til det fjerne austen har ankome. Eller….rekninga har i det minste det. Men det er jo eit handfast bevis så godt som noko, så eg tillét meg sjølv å kjenne så smått på reiselysta som jo så ofte kjem rett før ein skal avgarde på spanande eventyr.

Etterkvart kjem det nok både eit og to innlegg under AA-kategorien her på dalstroka-innafor.net, så det er eigentleg berre å starta å abonnera på RSS-straumen fyrst som sist. (Kva er ein RSS-straum?)

Reiserute kjem etterkvart, men eg kan vel nemne at med byrjar studiet med eit kort opphald i Malaysia, deretter ber det mot det australske kontinentet og Brisbane der me skal tilbringa seks veker. Ein liten svipptur til Japan vert det og tid til etter at me har fått nok av Vegimite og kenguruar, før me dei siste seks vekene sjølv vel kvar me skal ferie…..ehm….gjera ferdig studieoppgåva som me skal skriva. Kanskje nokre saknar haustmørket og reiser heim att, medan andre vil ha meir, meir, MEIR!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *