(X)HTML

For 11 år sida hadde eg ein kort karriere som lokal turistinformatør på Sinnes. Det innebar stort sett å sitja å glo på at bilar freste forbi i eit forrykande tempo for å koma seg til Oslo eller Stavanger fortast mogleg. Difor tok eg av og til med meg litt lett lektyre på arbeid, og blandt dei var mellom anna eit eksemplar av Microsoft Magazine, eit blad eg ein periode fekk i posten med jamne mellomrom etter å ha gått til innkjøp av ei oppgraderingspakke av Windows 95 eit år tidlegare.

Vel. Det var to artiklar i bladet som fanga mi interesse. Begge omhandla det å laga seg vevsider, den eine var ei enkel innføring, medan den andre tok føre seg avansert vevsidesnekring. På den tida hadde me ikkje slik WYSIWYG-programvare (What You See Is What You Get) som gjorde heile arbeidet for oss, så ein måtte rett og slett ta i bruk det enkle, men veldig nyttige Notisblokk-programmet. Det tok meg nok ei stund, og eg hugsar endå korleis dei fæle fyrste spede forsøka mi på å lage ei superkul heimeside såg ut. Diverre hadde eg jo i den tida ikkje noko internett, ja eg visste knapt nok kva det var, men eg hadde likevel ein flora av nettsider på min gode gamle Zenit 486 sx-33 med 8 MB ram.

XHTML-testNo, eit tiår etter, er fortsatt min grunnleggjande HTML-kunnskap brukbar, men utviklinga går framover, og fortare enn nokon annan plass på nettet, så det som er rekna som hot cotoure no for tida er XHTML. I den samanheng, fann eg på W3C sine sider ein liten test der ein kunne testa sine XHTML-kunnskaper. Så utan mykje meir om og men, presenterer eg her resultatet.

Eg må vel sei det at eg er ganske så nøgd med utfallet, i og med at eg ikkje har halde på noko særleg aktivt med denne *TML-kodinga på nokre år nå. 🙂 Vil du prøve sjølv?

2 Comments on "(X)HTML"

Leave a Reply to Torger Åge Cancel reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *