2022 tek til med tre nyttårskort som min farfars bror har samla i eit album ei gong tidleg på 1900-talet. Godt nytt år!
Category Archives: Postkort
God jul
Det flottaste julekortet i samlinga, i alle fall etter mi meinin, vert dette. Eg likar at det er svart/kvitt. Det sender eit tydeleg bodskap. Til å vera tidleg 1900-talet, er det jo relativt lite kristeleg, så det er jo ein tanke.
Julepostkort dagen før dagen
Dagens julekort frå starten av 1900-talet er sjølvskrive. Mange held på det å pynte juletreet vesle julaftan endå.
Det er vel gode odds for at juletreet i bakgrunnen her er av det falske slaget, målt på lerret og hengt opp hjå fotograf som flott bakgrunn.
Engler daler ned i sky
Akkurat dette er vel eit kort med innslag av det meste frå jula. Born, englar, song, grantre, stjerner, glede….eller er det ein romrakett som fer opp i bakgrunnen der?
Grantre og damer
Tekstmeldingar
I tida før det digitale og SMS, fant ein jo på måtar å sende tekstmeldingar på likevel. Her er tre som formidlar beskjeden ganske rett fram.
Fleirbruk
Etter å ha scanna inn ei heil rekke postkort som min farfars bror sirlig har samla i eit album på tidleg 1900-tal, sit eg att med eit knippe julekort.
Det var ikkje nok til å laga ein julekalender av dei, men ein liten føljetong fram mot jul (og nyttår), ja det kan ein jo få til.
Eg tek til med eit som er litt malplassert med tanke på høgtid. Men avsendaren har gjort det beste ut av det… Eg trur ikkje tip-ex fans då…