Category Archives: Personleg

And ze dicision is…

ITunes er eit dritprogram! Eit klikk, og vips så var 2000 songer på min lille portable jukeboks borte vekk. Det er ikkje logisk at eit program skal ha lov til å bestemme at det vil synkronisere alt ein har av musikk berre fordi ein vil leggja ein film på boksen. Musikken eg har lagt på Ipoden, vil eg jo sjølvsagt ha på Ipoden. *sparke i veggen og komme med svärdommar*

Pip frå Australia

Dumme meg…her gjekk eg rundt og trudde at verda utanfor Noreg ville vera spekka fullt med gratis trådlause nettverk som eg fritt kunne kopla meg til. Slik er det då altså ikkje. Men før eg tek fatt på skriveøkta for i dag, tenkte eg at eg skulle nytta noko av mine resterande 30 dollar på Griffith University-nettverket til å oppdatera mitt kjære dalstroka-innafor litt.

For dei som endå lurer, så er eg for tida i Brisbane, Australia. Her alternerer me mellom å gå på skule nokre timar (2) til dagen, reisa på ekskursjonar og å ha skrivefri (noko som på eit eller anna merkeleg vis, stort sett ender opp med å bli klassifisert som fritid).

Ekskursjonar er fine ting. Me får sett oss litt rundt, sjølv om det jo stort sett foregår på same måte som ei temmeleg regulær gruppe med japanarar i Vigelandsparken. Men me har vore på eit par strender allereie, og me har sett kval i sjøen utanfor Brisbane. Skikkeleg kval. Knølkval. Dei store dyra som veifter med flappane sine til deg der du står på soldekket saman med 50 andre, før dei atter ein gong forsvinn ned i djupet under deg idet dei viser rompa til deg…og der står du likevel, og kjenner deg på eit vis så ufatteleg tett knytta til naturen at dersom du ikkje hadde vore langt ute til havs i ein båt, så hadde du funne fram pinnar for å gjera opp ild på the old fashioned way.

Nåvel…eg filmar. Alle andre tek bilete, så eg filmar. Eg har funne ut at det er greiast sånn. Så difor vert det ikkje all verdens med bilete som kjem ut på verdsveven frå mi side. Ikkje med det fyrste i alle fall. Kanskje eg lagar ei oppsummeringskavalkade på andre sida av jul. Hah…det slo meg nå, idet eg tråla harddisken etter bilete frå turen så langt, at eg har jo faktisk ikkje lagt inn nokre bilete frå Australia endå. Men det er og merkeleg kor mykje ein gløymer medan det heile står på. Slikt sett er eg glad at mange tek bilete, men ikkje minst, at eg skriv dagbok. Akkurat det var noko eg lærde meg til sist eg var på tur, og det var ein tradisjon eg tykte det var verdt å fylgje opp att denne gongen. Eit gratis tips der til eventuelle aspirerande globetrottarar.

Ein skal vel gjerne også formidla litt om korleis ein opplever saker og ting. Her me er no, er jo mykje ganske så likt som heime. Det er klart at ein saknar Solheimsknuten/Rotsethornet litt etterkvart….den lille haugen som dei kallar for “Mount” Kootha klarar liksom ikkje å gje ein den same kjensla av å føla seg liten. Men for all del. Berre flyturen til Australia fekk ein jo til å tenka ein tanke eller to om det. For det er stort her. Og goldt. Berre ein kjem seg høgt nok opp, så fer en litt perspektiv på saker og ting…såpass har eg lært meg etterkvart. Og frå 10.000 meters høgd, så vert den golde ørkenen under deg plutseleg sjåande ut som havsens botn…berre tørrlagd. Kanskje er det her Moses har vore på ferde med stokken sin?

Då får det halda for ei lita stund. Eg tenkte eg skulle halda det kort her… No skal eg skrive litt minor assignment om samar og aboriginarar.

Kort oppdatering

Omsider har me kome til Brisbane, Australia. Etter å ta tråla byen i heile dag, fann me omsider ein stad å bu. Drøye 5000 kroner for 6 veker….det er ikkje Volda-billeg, men billeg til her å vera. Personleg må eg finna meg måte å få gratis nett på…her vi bur akkurat no, kostar det jo skjorte.

Men det har vore ein fin tur så langt i alle fall…blir litt pakketuristart til tider, men kvardagen startar på mandag, så då går det seg vel til.

Olav: Me bur rett ved Tin-Billy’s 😉

Reiserute

Slik ser altså timeplanen ut for meg hausten 2007:

29 august: Avreise frå Gardermoen til Amsterdam klokka 06.30 med KLM flight nummer (KL) 1140.
29 august: Avreise frå Amsterdam til Kuala Lumpur klokka 12.00 med Malaysia Airlines flight nummer (MH) 17.
30 august: Arrangement i samband med Malaysia sitt 50 års jubile.
01 september: Besøk på LimKokWing University College og tur til Putru Jaya.
02 september: Avreise frå Kuala Lumpur til Singapore med Malaysia Airlines flight nummer (MH) 603.
03 september: Opplegg i regi av sjømannskyrkja.
04 september: Avreise frå Singapore mot Kuala Lumpur (ja….tilbake att, eg veit!) med Malysia Airlines flight nummer (MH) 602.
04 september: Avreise frå Kuala Lumpur mot Brisbane klokka 10.00 med Malaysia Airlines flight nummer (MH) 141.
05-09 september: Fri for å ordna stad å bu i Brisbane.
10 september-22 oktober: Undervisning og ekskursjonar i Brisbane.
22 oktober: Avreise frå Brisbane mot Tokyo klokka 08.50 med Quantas (JIPPI) flight nummer 396.
23 oktober: Avreise frå Tokyo til Hiroshima.
26 oktober: Avreise frå Hiroshima til Kyoto.
29 oktober: Avreise frå Kyoto til Tokyo.
02 november: Avreise frå Tokyo mot Cairns klokka 21.15 med Quantas flight nummer 60.
06 november: Avreise frå Cairns mot Brisbane klokka 10.45 med Virgin Blue flight nummer (DJ) 74.

Og frå 06 november til 19 desember spørs det om det ikkje vert ein aldri så liten studietur til ei øy i Malaysia eller Thailand som kan gje meg den rette litterære inspirasjonen til den siste innspurten.

Avreise

Ja då er det klart for å starte på nok ei semester ved Høgskulen i Volda. Det nest siste for min del.

Har kome meg til Sola no, og verda grein då eg reiste heimanifrå. Det rann i alle fall i strie straumar heile vegen til flyplassen som eg aldri har sett tidlegare. Og det er vel typisk for summaren 2007 det…den har ikkje vore av dei beste eg kan hugse. Men eg vonar hausten heime vert betre, og at ting fell på plass slik dei skal.

Men no ventar det meg altså to veker i Volda der me skal lære korleis ein skriv. Deretter ber det avgarde til dei lenge annonserte eventyra mine i austen. Eg må vel innrøma at eg gler meg litt no!

Sommarens ironi

Boge #1Sjølv om sommaren til no har vore eit makkverk av ei forestilling, finst det nokre heiderlege unntak som er med på å gjera sommaren 2007 til ein minnerik ein. Eit av desse unntaka var i går, då det etter å ha regna stort sett heile dagen, vart ei glenne i skydekket. Ovanfor kan du sjå resultatet (sjølv har eg aldri sett ein så sterk og klår ein)…

AA-studieoppstart

 

ticket to ride

Då var det omsider offisielt. Billetten til det fjerne austen har ankome. Eller….rekninga har i det minste det. Men det er jo eit handfast bevis så godt som noko, så eg tillét meg sjølv å kjenne så smått på reiselysta som jo så ofte kjem rett før ein skal avgarde på spanande eventyr.

Etterkvart kjem det nok både eit og to innlegg under AA-kategorien her på dalstroka-innafor.net, så det er eigentleg berre å starta å abonnera på RSS-straumen fyrst som sist. (Kva er ein RSS-straum?)

Reiserute kjem etterkvart, men eg kan vel nemne at med byrjar studiet med eit kort opphald i Malaysia, deretter ber det mot det australske kontinentet og Brisbane der me skal tilbringa seks veker. Ein liten svipptur til Japan vert det og tid til etter at me har fått nok av Vegimite og kenguruar, før me dei siste seks vekene sjølv vel kvar me skal ferie…..ehm….gjera ferdig studieoppgåva som me skal skriva. Kanskje nokre saknar haustmørket og reiser heim att, medan andre vil ha meir, meir, MEIR!

Jeppa pinne

I gamle dagar, då eg var knøtt, var me mykje ut og fann på ting. Me spelte døball, anti-øve, lite vink, spark på boks og kappa land. Men av dei kjekkaste aktivitetane me haldt på med, var det å jeppa pinne.

I gamle dagar fanst det tre på skuleplassen, eller i det minste rett utanfor. Nokon hadde kanskje leika indianar og cowboy dagen før, og hadde laga seg piler av unge rauner som dei tok med seg på skulen dagen etter. Ikkje for å skyta pilene etter kvarandre, så gale var det sjølv ikkje då, i den tida då når born hadde lov å slå seg. Men pilene hadde andre bruksområde, nemleg som verkty i dette facinerande spelet.

Å jeppa pinne er ein lagsport. Ein utdøande lagsport. Ein actionfyllt lagsport! Det kan minne litt om dei mer kjende sportane cricket eller baseball, men er til samanlikning utan ballen. Kan dette vere det perfekte spelet for dei som til dømes ikkje heilt vert oppslukt av at 22 spelarar spring etter ein ball og prøver og få han i eit mål i kvar sin ende av bana? Eg veit ikkje. Men ein ting er sikkert, å jeppa pinne er ein kunst, og ikkje minst: morro! Så for dei som har lyst å gjera ei forsøk med det, og antan ikkje har spelt det før, eller ikkje hugsar korleis det gjekk føre seg…her er reglane.

Utstyr:

2 stk pinnar, henholdsvis 15-20 og 30-60 cm lange.
2 steinar/treblokker  som ein kan leggja den minste pinnen på tvers av. (basen)

Spelets gang:

1. Del inn alle deltakarane i to lag. Eit innelag, og eit utelag.Jeppa pinne 1
2. Spelarane på utelaget fordelar seg utover bana, medan spelarane på innelaget stiller seg opp etter tur for å jeppa pinnen.
3. Den minste pinnen vert lagd mellom steinane (på basen).
Fyrste slaget – Vippen
4. Den fyrste spelaren på innelaget tek den store pinnen og held han intill den vesle slik at han kan vippa pinnen ut på bana. NB! Kontakt mellom pinnane er viktig så ein ikkje slår pinnen ut på bana, noko som kan medføre skadar.
5. Når spelaren på innelaget så vippar pinnen, er det opp til utelaget å ta tak i denne før han fell i bakken, altså å ta hys. Klarer ein dette, er spelaren som vippa pinnen ute.
6. Klarar ein derimot ikkje å ta hys, legg innespelaren vippepinnen på tvers av basen.
7. Utespelaren som er nærast den vesle pinnen, prøver så å treffa vippepinnen slik at han fell ned frå basen. Klarar han dette, er innespelaren og ute av spelet.
8. Om utespelaren derimot ikkje klarar å treffe vippepinnen, nyttar ein den vesle pinnen for å måla avstand til der vippepinnen no ligg. 1 lengd=1 poeng til innelaget.

Andre slaget – Enkeltslag
9. Hald den vesle pinnen med eine handa, og sler han utover på bana med vippepinnen.
10. Utespelaren kastar nå den vesle pinnen inn og skal treffa så nært opptil basen at innelaget ikkje kan oppnå poeng. Innespelaren har her anledninga til å “vispa” framfor basen slik at veslepinnen kan havna langt unna.
11. Poeng målast med vippepinnen frå den vesle, og inn til basen. Igjen poeng til innelaget.

Tredje slaget – Dobbeltslag
12. Innelaget sin spelar må her slå pinnen opp i lufta ei gong før han kan slå han ut på bana.
13. Poengoppmåling her gjev 2 poeng for kvar pinnelengd.
14. Klarar utelaget å ta hys, er det nestemann på innelaget sin tur.

Fjerde slaget – Sjanseslaget (frivilleg)
15. Innespelaren må her treffe den vesle pinnen to gonger i lufta før han kan slå han ut på bana. Ein får no fem poeng pr. pinnelengd.
16. Tek utelaget hys no, får utelaget alle poenga til innelaget når dei byttar plass.
17. Om utelaget tek hys, er det nestemann på innelaget sin tur å slå, slik som før.

18. Når alle på innelaget har hatt sin tur eller blitt slått ut, bytar laga plass og fortset spelet til eit lag når avtalt poengsum.

Jepp jepp.