Tagged in: fotball

Fotball på C-more

Det er krise i fotballnoreg. Fotballen er selt til C-more. Ein betalingskanal. No er fotballens interesseorganisasjonar, og ikkje minst eliteserieklubbane redde for tap av inntekter. Og tap av merksemd.

Sist eg var særs oppteken av fotball herja Myggen på midtbanen, og Berg plasserte langpassningar på krølltoppane til Flo, medan Leo fauk som ein strikkmotor opp og ned på kanten.

Det var ei tid då var fotball synonymt med sundagskveldar i solnedgang med ein batteridreven radio som serverte meg heile serierunden i mono.

Du og du så spanande det var! Ingenting var som levande berettingar frå Kristiansand stadion av engasjerte og dyktige kommentatorar.

Slik er det ikkje lenger. Spenninga er for meg borte vekk. Fotballen er ikkje lenger noko ein ventar heile veka på i spenning. Det er kamp kvar dag. Ikkje berre ein heller! Er det ikkje i norsk seriefotball, så er det kvartfinale eller sluttspel i ein eller annan cup i utanlands.

For meg er sjarmen fordufta. Litt på same måte som ein ser småborn ta i mot gåver no til dags. Gleda er der i eit par minutt, og så er fokus over på neste gåve. Gleda og prisverdet over den førre er fordufta som dogg for sola.

At fleirtalet likevel ikkje er som meg er likevel vanskeleg å vera usamd i. Fleirtalet har ein fascinasjon for fotball der dei ikkje kan få nok. Men samtidig så kunne eg for eit par år sidan stå på ei tribune, og høyra hardbarka supportarar gje vekk årskortet sitt gratis då favorittlaget ikkje levde opp til forventningane. Ikkje skikkeleg fan vil du kanskje sei? Mogleg det.

Men det er klart at med fjernsynsboksen som eit sentralt element i dei fleste hushaldningar no til dags, og fleire fotballbingar med perfekt dekke enn nokon sinne, så vil interessa for fotball verte lite kritisert. Fyrst når ein opplever at favorittfritidssysselen vert kjøpt opp av kommersielle aktørar med kapital som hovudmål i staden for kos, vert det debatt rundt ordninga.

Til slutt eit par andre observasjonar av fotballens utvikling.

Som nemnt er ballbingane dukka opp rundt om i nasjonen som padehattar. Perfekt i vater. Eg tykkjer synd om desse små. Dei skal Ikkje ein gong få oppleva å laga ein liten haug til ballen for å få ekstra lengd på innlegget, eller skru på ballen.

Samstundes har fjernsynet og vore utsett for ein slags reduksjon. Vel er biletkvaliteten no klårare enn om du sat fastklistra på sjølve ballen, men boksen er jo redusert i frå ein klart utprega 3D-ting, til no å berre vere i 2D, nett slik tidlegare foballbanar med humpar og dumpar på heile matta også har vorte redusert til strøkne parkettar.

Og på toppen av dette maktar Drillo å tape på heimbane…kva skjer eigentleg med fotballen?