Eksamensironi

Eg står framfor eit val. Den 25 mai er siste innleveringsfrist for dei arbeida som skal vera gjort i mine tre IKT-emne. I to av desse (IKT122 & IKT126) skal eg ha mappeeksamen. Det tyder at nokre av dei arbeida eg har gjort i løpet av semesteret vert trekt ut og skal danna grunnlaget for min karakter. I det siste emnet, IKT123, går eksamen ut på at eg skal laga ein pedagogisk nettstad om eit eller anna og publisera denne på Internett. I tillegg skal eg ha ein munnleg presentasjon av denne. Den munnlege presentasjonen har vorte sett til 16 og 17 juni. Med andre ord bortimot ein månad etter at eg har siste innlevering, og ganske nøyaktig ein månad etter at eg er ferdig med siste obligatoriske undervisningstime.

På grunn av dette har jo ikkje eg lenger så mykje å vera att for her i Volda no. Skulen er ferdig, og då har eg ikkje meir som held meg her. Tanken var då å seia opp hybelen tidleg og pakka bilen for å returnere til mine kjære dalstroka innafor. Men…sjølvsagt er det eit men. Det er Høgskulen i Volda eg snakkar om. Eksamen vart altså sett den 16 juni. Det medfører at eg må ha ein stad å bu fram til då. Skulle eg hatt hybelen fram til den 16 måtte eg ha betalt full pris i juni månad. Men no har eg sagt han opp til den 15, så eg “slepp” med halve månaden. Sjølve eksamenen går ut på å munnleg presentera den nettstaden som eg har laga.

Difor føreslo eg for min lærar at eg som eit resultat av den situasjonen eg er i akkurat no, var villeg til å driva litt innovasjon her på Høgskulen i Volda gjennom å ta den munnlege presentasjonen via Skype. Den fyrste tilbakemeldinga var ikkje akkurat oppløftande. Læraren sette i gang å snakka om kvar ein kunne få den billegaste flyreisa frå…vidare nemnde han (etter å ha sett at eg har 38 som telefonnummer) at eg kanskje kunne få gjønomføra eksamen ved hjelp av Universitetet i Agder si videokonferanseløysing. Eg forklarte jo sjølvsagt at det nok ville vera enklare for meg å til nød dra til Stavanger, men at Skype for meg ville vera ei langt enklare løysing, og at teknologisk sett så ville det ikkje vera noko forskjell. Eg tvilar jo sjølvsagt, men for sikkerhets skyld spurde eg om det på ei slik framføring, der eg har produsert det eg skal presentere sjølv, var eit krav at eg var fysisk til stades. Svaret kom vel aldri.

I alle fall endte det opp med at eg fekk overtalt læraren til å gjere eit forsøk på å laste ned og innstallere Skype (noko han sjølvsagt ikkje hadde innstallert), og så gje meg eit lite vink når han hadde fått gjort dette. Slik kunne me testa denne løysinga eg føreslo.

Eg tykkjer berre det at det er ufatteleg ironisk at slikt skal vera eit problem på eit fag som heiter IKT i Læring der nettopp bruk av IKT i skuleverket er det som er kjerna.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *