RSS

RSS er kanskje den flottaste nyvinninga sidan hjulet. Det er navet i min digitale kvardag. Ei er ikkje av dei som sit og klikkar seg i frå avisside til avisside i ein evig runddans etter nyhende.

Likevel er det eit men.

Den siste tida har det nemleg slått meg at å ha “Google Leser (130)” framom auga kvar gong ein opnar nettlesaren gjerne kan ta ein del tid det og. Tid eg kunne ha nytta betre. Difor har eg i dag teke ei opprydding i RSS-kjeldene mine.

Eg har no redusert talet frå 174 til “berre” 140. Gjerne ikkje så mykje seier du? Eg vonar at noko av løysinga på den evige runddansen av RSS-kjelder, er at eg har fjerna nokre av dei tyngste. Dei som kom med dei hyppigaste oppdateringane. Dei har eg i staden lagd til som bokmerke, og kan sjekke frå tid til annan når eg ynskjer det. Ingen av dei var uansett noko eg trong automatiske oppdateringar frå.

Det som gjenstår, er ei heil rekkje personlege bloggar av folk eg kjenner eller folk eg tykkjer har fornuftige saker å koma med, samt nokre få andre med ein edrueleg publiseringsrytme.

Så då gjenstår kva effekt eit slikt grep vil ha. Blir det suksess kan det fort hende at neste steg vert å fasa ut Facebook.

3 Comments on "RSS"

  • Jobbar med det same. Arbeidsflyten fekk seg ei god oppgiring etter eg Reeder for Mac/iPhone fan vegen til meg. Og Facebook har eg for lengst forlatt.

  • Forbilledlig! Merker behovet for å kontrollere inn-strømmen øker, og har så langt stolt på en kjapp filtrering til Instapaper for det jeg skal dyplese, men bare sorteringa tar tid… God tilnærming å ta vekk storprodusenter og de minst relevante!

    • Gode ting kan jo bokmerkast/søkas opp att seinare. Og fordi om ein kjem over ein bra ting på ein site, så er det jo langt i frå sikkert at anna frå same kanten er like formålsteneleg. Skal sjekka Google Reader no…spent…ah. Berre 8. Perfekt. Det er leveleg på eit par-tre timar. 🙂

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *