Helsetips…

For nokre dagar sidan, kom eg over ei bok heime. Ærleg talt trur eg ikkje ho har vore opna dei siste 50 åra, så det var artig å kjenna lukta av gamal bok då eg opna ho. Boka har tittelen I Ly av Sundhetens Love med undertittel; Praktisk sundhetsbok for de tusen hjem. Ho er forfatta i 1919 av L. Muderspach. Kven dette er kan eg diverre ikkje sei noko om, men doktor A. Andersen har skrive eit forord og anbefalar her boka for alle. Og lækjarar skal ein jo høyra på.

I alle fall…i slutten av boka, er det ei heil rekke med tips til kur til ulike sjukdomar og plager. Så i rein nostalgi, og fordi nokre av tipsa kanskje til og med også kan gjera susen, vil eg i tida framover publisera desse. Alt er nok ikkje heilt aktuelt lengre, medan andre kanskje kan vera aktuelle fleire gonger i året. Så med det sagt, så presenterer eg heved fyrste episode av dalstroka-innafor.net si nye spalte: Helsetips frå 1920-talet

Træg avføring

forstoppelse.JPGTræg avføring kan bedst reguleres med diæten. Spis brød av grovt mel (f.eks sammalt hvete), erter, bønner, linser, grønnsaker og megen frugt. En kop kokte svisker der sameltes med to spiseskeer rug- eller hvetekli, virker sterkt avførende. Udfør legemlig arbeide eller gymnastik.

Et godt avføringsmiddel lages av 500 gram svisker (uten stener) og 500 gram fiken, som kokes sammen (i ganske litt vand) til de er møre. Tilsæt derpaa 100 gram finhakkede sennesbladet og 1/4 liter sirup. Hele blandingen faar et opkok og opbevares i vel tilbundne krukker. Voksne kan ta 1 à 2 spiseskee ad gangen, barn fra en teske til en spiseske efter alderen.

Træg avføring hos diebarn kan ofte avhjælpes med en teske maltsirup nogen
ganger daglig.

2 Comments on "Helsetips…"

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *