Om å gje frå seg redaktøransvaret

Her om dagen sendte eg eit tips til avisa Sirdølen. Det gjorde eg som ein reaksjon på noko eg observerte då eg kom heim på helgeperm frå arbeidslivet i storbyen. Sirdølen er ei avis som kjem ut med jamne mellomrom ca 1. gong i månaden. Avisa hadde i lang tid annonsert eit ynskje om å verte tipsa, og no tok eg dei altså på ordet.Sirdølen

Eg vart difor mildt sagt forundra då eg denne helga kom heim og fann mit vesle tips på trykk i avisa. Tipset hadde ikkje noko overskrift, og den særs uformelle måten eg hadde forfatta tipset på gjorde at eg trudde at det tydeleg framstod som eit tips, og ikkje noko som var meint å skulle på trykk.

Dersom Sirdølen saknar ting å trykke, har eg skrive såpass mykje tidlegare som har vore desto betre å ha på trykk. Eg såg meg difor nøydt til å sende avgarde følgjande e-post;

Hei.

Denne helga kom eg heim til eit Sirdølen der eg hadde fått nokre ord på trykk. Det er jo supert det at ting vert tekne inn, men av alle ting eg har skrive til Sirdølen og bede om å få på trykk, var kanskje dette det dårlegaste stykket de kunne ha teke inn! Ikkje ei gong ei overskrift er jo med.

Det er altså tydeleg at det ikkje kom skikkeleg fram, men dei få orda som vart skribla ned omkring aktiviteten ved Sinnesvatnet, var meint som TIPS. Altså IKKJE eit innlegg. Personleg tykkjer eg at det gjeng tydeleg fram av forma på det eg skreiv til dykk.

Når Sirdølen i såpass sterk grad oppmodar til å koma med tips på sine nettsider, tykkjer eg det er rart at tips vert trykte direkte. Etter mine omgrep er tips noko ein som journalist tek tak i og fylgjer opp. Hadde Sirdølen gjort det, ville ein fort ha oppdaga at gravearbeida som gjekk føre seg, var påbode undersøkingar etter fornminne.

Så kan ein jo sjølvsagt stille spørsmål til om kor langt ein tenkjer når ein grev 40 cm ned i marka etter gamle skattar på eit slet som det har vore drive aktivt jordbruk på i alle fall i dei siste 30 åra.

At tips som kjem inn vert handsama på denne måten, utan eit ord om at det vert sett direkte på trykk, det er eg redd vil koma til å undergrava heile Sirdølens oppmodingar om å verte tipsa!

– Torger Åge Sinnes

I dag mottokk eg så følgjande e-post;

Hei
Det er rett som du skriv i denne mailen. Ser at det er gjort ein feil.
Det var heilt på slutten under klargjering før oversending for trykking, at eg samla opp ein del småartiklar på ei ledig spalte. Men diverre har også eit tips frå deg hamna der.
Beklager det.

Det er rart…med så god tid mellom kvar utgåve skulle ein gjerne tru at hastverksarbeid rett før avisa gjeng i trykken ikkje førekjem. Annonsar om ledige reklameplassar i neste avis den siste veka, gjer det også særs uforståeleg at eg skulle ende opp som siste minutts “listefyll”.

Eg vonar difor at eg neste gong vil verte gjeve eit lite hint om at mine ord kjem på trykk. Men sånn er det vel gjerne å gje i frå seg tekst til andre. Men eg trudde det var internett som var den store, stygge ulven, og ikkje den etablerte pressa. Eg fekk i alle fall orsakinga eg følte eg hadde til gode, og det er eg glad for. Hadde berre Sirdal kommune vore like ærlege, så kunne kanskje eg og Gunnar R. Tjomlid fått rett i saka omkring mediaterminalar. Men den sit gjerne lenger inne…

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *