Twitter har i den seinare tid vore ganske så hot couture. Å twittra stiller kanskje i toppen av popularitetsstigen som eit av dei nye verba som dukka opp i 2008.
Twittertenesta har til tider vist seg å vera tidlegare ute med å formidla nyhende enn det veletablerte nyhendeformidlarar har klart.
Dagbladet skriv om 2008 som året du viste ansikt på nettet.
2008 var også året det ga stadig mindre mening å være anonym på nett. Det sosiale nettet handler jo nettopp om å vise ansikt, om å dele deg, ditt og dine med andre. Anonymitet er både et gode og en selvsagt rettighet i noen sammenhenger, men i 2008 viste stadig flere ansikt.
Det er jo ein viss substans i dette, men det er endå nokre steg å ta før ein har kome opp den digitale trappa og kan stå med beina godt planta i internettvevet. Ikkje minst merkar eg det i mi eiga lokale blekke på nett, Sirdølen. Her er det to ting som står klart for meg;
- Andelen anonyme personar som skriv kommentarar har minka drastisk.
- Det har dukka opp mange “nye” skribentar i forumet.
Likevel er eg veldig klar over at det endå er uhorveleg mange som kun er konsumentar av det innhaldet som Sirdølen og andre lokale aktørar leverer. Men med eit nytt år kjem også nye moglegheiter, så det er berre å kryssa fingrane og vinke alle med.
I høve til Twitter kom eg over siste knopp på treet her i stad. Nottingham by i England har teke arbeidsformidlinga til Twitterarenaen. Nyskapande og spanande spør du meg!
Så skulle du få lyst til å delta meir aktivt i nettdebatten er det berre å ta turen til twitter.com og laga deg ein profil der.
[youtube:v=ddO9idmax0o]
Eg er sjølvsagt allereie på twitter.
Og med dette ynskjer eg alle lesarar av min kjære blogg eit godt nytt år og møter det nye året med fylgjande sitat av James Agate:
…tolerate fools more gladly, provided this does not encourage them to take up more of my time.