[Linux] Ubuntu 8.04

Den 24. april er datoen då Ubuntu, ein av dei mange Linux-utgåvene og pr. i dag min favoritt, kjem i ny utgåve. Den skal eg jo sjølvsagt legge inn på mine datamaskinar. Det er ein del ulike nye ting som vert lansert med den. Nokre er nok for dei spesielt interesserte (som meg), medan andre ting kan vera greit å veta for kvarmansen.

Ein kan no til dømes installera Ubuntu i Windows nett slik ein vil gjera med Picasa, Word, Limewire (fysjameg) eller kva slags program som helst. Dersom du ikkje skulle lika det etter minst to vekers testing (som er eit mininmumskrav for at eg skal ta “nei”-et ditt seriøst), kan du så lett sletta Ubuntu frå maskina di att.

Som nemnt er det altså nye utgåver av ulike program. Firefox kjem i utgåve 3. Gnome, vindushandsamaren, vil vere versjon 2.22. Eit nedlastingsprogram for torrent-filer, Transmission, kjem inn i staden for Gnome BitTorrent Downloader osb.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *