Pur glede

Idag kom omsider ei pakke i posten eg har venta på lenge! “Priority mail – United States Postal Services” stod det på den store konvolutten. Eg fryda meg innvendig og braut ut i eit aldri så lite gledesrop.

For rundt fire månedar sidan var eg på informasjonsmøte om Australasiatisk kulturstudium i Volda. Eg hadde med meg min 4 år gamle Ipod. Idet eg sette meg ned, la eg han på bordet så eg kunne ta opp noko å notera med. Ein gjer ofte det når ein er på infomøter. Så skjer det fatale. Det heile føregår i sakte kino. I augekroken ser eg den kvite, vesle firkanten skli mot kanten av bordet og eg kjenner eit høgt “nei” velte opp inni meg. 4 år utan å miste han i bakken, og i startgropa til eit studium der eg absolutt kan få bruk for han så presterer eg å la han skli utfor eit fall på ein meter rett i betonggolvet.

Resultat var at eg stod der i handa med ein kvit plastklump som ikkje hadde større potensiale enn ei brevvekt. Det er klart det at ein vert litt irritert over slikt. Men kva kan ein gjera? Når ein elektronisk duppeditt har vorte 4 år, så er han i bunn og grunn godt i gang med sin andre reinkarnasjon med tanke på levetida som bransjen reknar med at desse skal fungera. Med andre ord var ein gratis reperasjon hjå Apple heilt ute av biletet. Ein grufull klikkelyd frå han om ein la øyret inntill var alt som var å spora av liv i han. Eg var knust akkurat som Ipodden.

Erfaringsmessig hadde eg oppdaga at det i Malaysia var haugevis av små sjapper med all slags kompetanse innan elektronikk. Eg sette min lit til dette. Difor pakka eg med meg Ipodden på mi reise rundt i Asia denne hausten.

Men sjølvsagt. Etter å ha trava rundt i fleire mangeetasjars varehus i Kuala Lumpur, Malaysia stod eg der og var ikkje kome eit steg lengre. Tilogmed asiatane visste ikkje råd, og gav meg berre skuffane hovudristing med det same eg drog min kjære kvite opp av lomma.  Eg var på nippet til å kasta den tidlegare speledåsen ut næraste vindu. Dei som kjenner meg veit at eg likar å fikla med litt “gamal” datautstyr. Difor lot eg vera å kassera han.

I staden drog eg han med meg heile vegen til Australia, Japan, attende til Malaysia  og heile vegen heim att til Norge. Der tok eg fatt på å søkja rundt på nettet etter ein passande harddisk. I junaiten fann eg ein. Med dobbelt så stor kapasitet som den gamle. Ville dette fungera? Tja…harddisken kosta 160 kroner, og det var kroner eg var sugen på å satsa på dette prosjektet. Ebay og Paypal-konto var oppretta, pengar overført til Paypal-kontoen og harddisken vart bestillt. No var det berre å vente.

Og i dag kom han altså i posten. Tilfeldigvis hadde eg tidlegare på dagen teke fatt på å opna podden min. Litt googling fortalde meg korleis dette kunne gjerast. Så etter å ha opna pakken, teke ut harddisken forsiktig og lagt han trygt inne på bordet, tok eg ut den defekte frå Ipoden og la han til sides. (Trur forresten den skal få inngå i eit kunstprosjekt på eit seinare tidspunkt). Den nye var innstallert og eg kopla han spent til  datamaskina mi. Då han starta opp fekk eg opp massevis av spelelister på skjermen. Harddisken var tydeligvis ein brukt ein. Eg formaterte han og installerte siste programvare på han, og VOILA! For 160 kroner har eg fått meg ein flunkande ny, gamal musikkspeledåse! Eg er i den sjuande himmel!  Hurra.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *