Oioioi…

Alternativ #1

Alternativ #2

Alternativ #3

Eg har vorte skamfaren! Så enkelt er det. Og eg har lært meg ei lekse. Saka er at i dag gjorde eg alvor av tankane eg har hatt lenge om å få litt meir schwung på manken til eg kjem heim til jul. Strengt tatt burde ein vel kanskje latt det ha vore i og med at ein nok kan ha god bruk for litt ekstra på toppen når gradestokken synk til faretruande låge nivå.

Likevel vart det for varmt med denslags frisyre her, så etter ein gåtur til Air Itam Dam som gjorde at eg kunne krysse av i journalen for både trim og sightseeing i dag, svingte eg innom ei frisørsjappe borti gata. Eg stakk hovudet innanfor døra for å høyra om det var ledig time og joda, det var berre å kom om ein halvtime det. Eg ruser inn på Logden for å få meg ein dusj og vaska av den verste svetta før eg skal bort å sette meg på hoggestabb….i frisørstolen. Sjølvsagt var vatnet borte til 15 så det var dårleg med vask.

Men eg returnerte attende nokre straksar etterpå og vart møtt med hårvask og gode greier der. Strålande, tenkte eg. Men det er merkeleg med det. Du kan på eit vis skilje erfarne/dyktige frisørar frå ikkje fullt så erfaren etter berre nokre få kutt med saksa. Ja til og med også berre etter korleis dei handterer håret ditt før dei set i gang. Eg fekk ikkje den heilt gode kjensla for å seie det sånn. Men no sat eg jo der så det var kanskje litt i seinaste laget å ta beina på nakken ut døra. Eg fekk bli sittjande og ta sjansen.

Som du kan sjå av bileta til høgre, var det sjølvsagt mange alternative utfall av seansen. Owen-looken var vel kanskje den som låg nærast ideane mine i utgangspunktet. Jude Laws høge viker kunne til nød og passert sensuren min. Til og med ein litt slesk, brylkrembefengt 50-talslook kunne i eit tvilstilfelle vore i orden. Men kva ender eg opp med? Etter ein halvtime i stolen, med ei overvekt av arbeid på mi venstre side og eit kvarters oppføning etter at siste klippet vart teke så kom eg ut frå salongen sjåande ut som om eg har hatt eit Obelixuhell med Wella’s mest volumiøse produkt! Det er av omsyn til omverda at eg ikkje rørte eit einaste hårstrå før eg fekk festa dette til film. For dette er då eit perfekt eksempel på slik ting ikkje skal gjerast. Så her er den nye cutten min…uncut (og ja…bildet kan klikkast på og vil då dekkje store delar av skjermen, samtidig som at eit trykk på “n”-tasten på skriveplata di vil ta deg vidare til det neste framifrå biletet i serien);

Oops








Kva har me lært av dette kan du kanskje spørre? Vel to ting.

1. Det er billeg å klyppe seg i Asia. 20 ringit (32 NOK). Det er jo berre ei stadfesting av mi forrige oppleving i Thailand for fire år sidan, som i motsetting var den beste klyppen eg har hatt nokon sinne!

2. Beveg deg aldri, og eg gjenntek ALDRI i nærleiken av ein Kinesisk frisørsalong. Du går kanskje inn der med ein hårball utan like på hovudet, men det du kjem ut med er ikkje anna en ein masseprodusert kommunistsveis som er standardisert og utprøvd på millionar av menneske i Kina gjennom fleire tiår.

3 Comments on "Oioioi…"

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *