Musikkisum(ar)

Eg vil anta at det ikkje berre er på min arbeidsstad ein har hyllemeter på hyllemeter med CD’ar til bruk på CD-spelarar i klasseroma. (For ikkje å snakke om kassettar?)

Til hausten kan det sjå ut som om det dukkar opp digitale tavler i klasseromet mitt. Det gjer at ein får moglegheiten til å spela av musikk frå ei datamaskin. Optimalt sett skulle ein kanskje hatt ein Spotifykonto i kvart eit klasserom, men for det fyrste er eg ikkje sikker på om dette fell inn under KOPINOR-avtalen, og for det andre så er det nok ein del musikkmateriale rundt om i skulenoreg ein ikkje finn på Spotify i det heile.

Difor har eg så smått starta å fundera på korleis ein kan gjera all denne musikken tilgjengeleg digitalt…i alle skulens klasserom. Rippinga av CD’ane er den minste saka, men distribusjonen rundt om i klasseroma er utfordringa.

Skal ein laga eit iTunes-bibliotek? Er det beste kan hende å la dei rippa filene ligge på ein delt disk i alfabetisk sorterte mapper? Korleis kan ein gjera dette biblioteket tilgjengeleg på tvers av to ulike nettverk…det ein har i klasserommet, og det ein har på kontoret? (Det er jo greit i høve til planlegging.) Korleis kan ein sørgje for å utruste alle mine kollegaer slik at dei sjølve kan finna fram til/i musikken?

Dette er ting som vil kverne litt rundt i hovudet i sumar. Tips og innspel kan gjerne kome i kommentarfeltet under. Kan hende har nokon allereie gjort denne jobben ein annan stad i landet? I så fall er eg særs interesssert i

2 Comments on "Musikkisum(ar)"

  • Hm, ja det der var en nøtt. Dumt å tulle med kopinoravtaler og sånt, også… Det finnes vel ikke et LMS ved skolen din da, som du kan laste opp sangene i? Et arkiv i Fronter f.eks, det kan jo åpnes uansett hvor du er bare du har Internettilgang.

    SV: Ja, minstemann hadde visst blitt stor (dersom du sikta til Ole Børud) uten at jeg hadde fått med meg det:D Hihi.

    • Har LMS jo. It’s Learning. Kan sei mykje om det, men eg skal la ver. 😉 Problemet med å lasta opp musikken til slikt, er at det tek plass. Plass som kommunen betalar for. LMS er nok diverre ikkje meint som noko musikkbibliotek. Og i utgangspunktet er det nok heller ikkje meint for småskulen heller. Jo meir eg tenkjer på det, jo meir aktuelt vert det med den enkle løysinga med iTunes.

      Einaste problemet er at musikken ikkje vil verte tilgjengeleg frå kontoret, men ein får vel sjå om det ikkje skulle gå ann å juksa til noko. 🙂

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *