Tagged in: svineinfluensa

Antistraumlinjeform

Desse svineinfluensadagar har gjort Noreg til eit land med nåkonlunde køkultur. Eit tema som i seg skjølv kanskje kunne vere verdt ein bloggpost, men det er ikkje det denne skal handle om.

I mitt daglege arbeid som lærar skal det meste målast, vurderast og, ikkje minst, dokumenterast! Nettopp dette er det skrive og sagt mykje om. Har du ikkje fått det med deg, kan du lesa om det her; 1, 2 og 3.

Som følgje av den ekstreme epedemien som rammar landet om dagen, har lærarar fått nok ei oppgåve i fanget. Me skal no fungera som legesekretærar. Det er her eg kjenner at eg endeleg kan nyttegjere meg av mi erfaring som nettopp legesekretær. Eg sender nokre tankar til Tante som ordna meg sumarvikariat på det lokale legekontoret ei gong tidleg på 2000-talet. Det var rett nok epedemifrie tider, men erfaringa gjev utslag no kjenner eg.

Helsevesenet har bede skulane (Les: lærarane) om å lage lister over kven som skal ha vaksina, kven som ikkje skal fordi dei ikkje vil, og kven som ikkje skal fordi dei alt har fått ho, eller andre grunnar. Lappane kom frå administrasjonen, og eg sendte dei vidare ned dei 23 ryggsekkane som heng på stolane i klasserommet. Dagen etter kom halvparten av lappane attende. Dagen deretter kom halvparten av den resterande halvparten attende. Dagen deretter igjen kom det endå eit par. Og no, kvelden før helga og vaksinasjon på tirsdag i neste veke, då manglar eg berre ein. Eit tåleg greit resultat vil eg påstå.

Men i dag dukka det sjølvsagt opp andre lappar. Nye lappar. Lappar a’la custom, med påskrifter som;

– “Mitt born har fått vaksine i går ettermiddag”.
– “Mitt born skal ta vaksine saman med lillesystera i ettermiddag.”

Javel, tenkjer eg. Men kvifor kommuniserer de (foreldre) dette til meg? Eg sat i resepsjonen og trykka på ei datamaskin i min sumarjobb. Eg trur aldri eg såg ei nål. I mitt læraryrke er ei nål ein endå fjernare tanke. (Bortsett i frå dei tilfellene då ein elev har funne ei hestenål på veg til skulen, og tek ho med for å visa kompisane/forsvara seg. Stryk det som ikkje passar.)

Lappar er forøvrig skumle dyr. Dei har, som Frodo, ei eiga evne til å forsvinne. Trass i at mange ser ned på lærarars digitale kompetanse, så har eg faktisk ein e-post eg kan ta i mot meldingar på!

Uansett. Det er vel ikkje eg som skal ha beskjed om at bornet, trass i at lappen med at det skal ha vaksine er levert til skulen, likevel ikkje skal ha vaksine fordi det medan korrespondansen har gjenge har fått vaksina? Er det? Skal eg vidareformidle til leiaren min at nokre born likevel ikkje skal ha nåla fordi dei har fått påfyll medan dei venta?

Har ikkje helsevesenet lister over kven som har fått det gyldne serumet, og kven som ikkje har fått? Er dette eit typisk tilfelle der alle sider i samfunnet må trø til for å sikre den jamne manns liv og helse? For hvis det ikkje er det, så vil eg ha 50 kr for kvar vaksine eg prakkar på desse små. Såpass har legemiddelindustrien tent på dette hysteriet, og såpass tykkjer eg at eg fortener i reint administrasjonsgebyr.

Dei siste 30 åra har 25 millionar døyd av AIDS. Det er litt over 80.000 pr. år. 30 år har industrien hatt på seg til å lage ei vaksine for dette, men likevel ikkje klart det. På nokre månadar klarar dei å trylle fram eit serum som skal kverke grisepesten frå å breie seg.