Tagged in: skulepolitikk digital kompetanse

Byråkratpedagogar

June Breivik kvitra om frykt for overvaking i den vidaregåande skulen i Vestfold her om dagen. Dette er nok eit eksempel på at politikarar og kommuneadministrasjon tek heile føringa for korleis IKT skal nyttast i skulen.

Eg har tidlegare teke fatt i nettopp dette temaet, og på leirplass i denne vekas Computerworld skriv Henning Meese om den (manglande) digitale kompetansen hjå lærarar. Meese tolkar Egil Børre Johnsen slik;

“Han mener den digitale satsingen har hatt liten effekt fordi lærerne ikke er skolerte i å ta verktøyene i bruk.”

Vidare vert det av Computerworlds skribent sagt at “Skolemyndighetene har hatt en overdreven tro på at pc-er og internett i seg selv skal gi pedagogisk gevinst.” -H. Meese (2009), Computerworld. Nøkkelordet her er for meg “skolemyndighetene”.

Det finst neppe forsking på området, men det hadde vore eit interessant studium å sett på talet norske lærarar som sjølv har fått vere med å bestemma kvar datamaskinane skal vere, og ikkje minst, kva som skal vere på dei. Det dømet eg nevner i starten av denne bloggposten, er berre eit av mange eksempel på at byråkratiske krefter tek totalt styring over den digitale biten i eit klasserom.

Eg kjenner personleg til ein del tilfelle der politiske vedtak er det som ligg bak den digitale røynda i eit klasserom. (På merkeleg vis gjekk administrasjonen i dette tilfellet inn og overstyrte politisk vedtak, då det gjekk opp for dei at det politiske vedtaket nok ikkje var av dei beste.) Dette har eg problem med å akseptera som ein god ting, antan det no er politikarar eller tilsette i kommune/fylkesadministrasjon som står bak avgjerdene. Min påstand er at desse ikkje er i ein posisjon der dei fullt ut ser konsekvensane av dei vala som vert tekne på eit kontor, som kanskje ligg milevis i frå næraste klasserom.

I vidaregåande skule har kvar elev sin eigen berbare datamaskin, antan ein PC (Personal Computer), eller ein Mac. I grunnskulen er det ikkje slik. Der er PC synonymt med public computer, og dette gjer at alle har dei same rettane til å gjera endringar på maskina. Altså ingen rettar. Det er her litt av problemet ligg etter mitt syn. Korleis skal dei små lære kva som er galt, om ein ikkje har moglegheiten til å feile? På ein skuledata er det ingen konsekvensar for om ein gjer noko gale, nettopp av di ein ikkje kan gjere noko gale.

Det vert teknisk no kjenner eg, men bodskapen er denne;

Det er etterkvart fleire og fleire lærarar i skulen med meir digital kompetanse enn mang ein politikar. At denne er skulelærd er vel i dei fleste tilfelle tvilsamt. Det er likevel ei stor utfordring at mange ikkje har moglegheiten til å få utnytta sine kunnskaper. Du skal leita godt for å finna pedagogar som underviser heilt likt. Ein har alle sine positive og mindre positive eigenskaper, men når det kjem til den digitale skulen ser ein ikkje noko til tilliten mellom pedagogane og skulestyresmaktene. Dette er ein uting, og eg trur nok det er noko av grunnen til at me, sett bort i frå nokre datamaskinar til fellesbruk, ikkje har kome særleg langt dei siste 10 åra.

Det får vere dagens hjartesukk. Takk til @albaab for RT av @kyrkjebo

PS! Om “byråkratpedagog” er eit ord i den eine enden av skalaen, må ordet Johnny Eriksen har skapt vere i totalt motsett ende; “praktpedagog

NB! Sjå også Espen Gruer sin bloggpost om nokonlunde same tema…