Tagged in: nettsamfunn

Meir om nettmobbing

For dei observante lesarane, var altså gårsdagens skriveri frå mi side om å stengje tilgangen til nettfora som Facebook og liknande, eit ironisk sleivspark til styresmaktene.

I dag har Dagbladet ein artikkel om same saka. Rådet som vert gjeve i artikkelen er å melde saka til politiet, men vil det verkeleg gjera noko med problemet?

Den skal tidlig krøkast...

Er det slik ein gjer i røynda når ein ser mobbing…melder det til politiet, og reknar med at då vert det slutt?

Nei det er nok litt feil veg å gå er eg redd. Det vil kanskje gjere noko med symptoma for ei tid, men å kurere sjølve sjukdomen er det langt i frå at det gjer.

Artikkelen til Dagbladet gjer det tydeleg at det er Facebook som er arenaen for mobbinga i Drammen. I den same artikkelen seier forskar ved SINTEF, Petter Bae Brandtzæg, dette;

De [lærarane] har gjerne ikke oversikt over nettmedier. Når elever kritiserer dem anonymt, blir kritikken ofte mye krassere enn ellers. Anonymitet fører til at hvem som helst kan kaste en sten, sier Brandtzæg.

Har Brandtzæg vore på Facebook sjølv? Eg er tvilsam, for hadde han vore det, ville han ha merka seg ein ting…sosiale fora har utvikla seg sidan 90-talet og IRC med sine nick. I dag er det å ha ein digital profil, ein autentisk ein, eit must. Folk kryp ikkje lenger rundt i nettskya og gøymer seg bak kallenamn. I alle fall ikkje på Facebook.

Men det handlar om kompetanse. Som alltid. Kva kan elevane eigentleg? I mi tid på barneskulen var Internett nytt og spanande. Nokre gutar i klassa var høge på pæra skreiv ein “anonym” epost til frontfiguren i eit lokalt band der innhaldet nok i dag ville ha vorte karakterisert som mobbing. Der og då så dei nok på seg sjølv som kule og barske…dei var jo hackarar. Då det gjekk opp for dei at dei hadde vorte avslørt fekk pipa ein annan lyd.

Eg likar ikkje å skrive kommentarar slik som dette, for det vert berre ord. Nye ord. Fleire ord. Det er ikkje det som trengst! Ein skape gode haldningar hjå dei små allereie frå tidleg alder. Då må ein som forelder og vaksen vere klar over kva ungen gjer på nett. Ein bør rettleie, engasjera og motivera gjennom å vera i forkant.

Kanskje kan slike ting som Bruk Hue vera noko som kan vera med på å bidra til eit godt grunnlag for podens digitale kompetanse? Eller kva med Medietilsynet sine Trygg Bruk-sider? Lurer du på kva du treng å kunna for å imponera junior? I så fall har bloggaren Eva laga nokre gode retningsliner for kva ein kan starta med.