Porno i skulen?

Folk er livredde for pornografi. Særleg barnepornografi. Det er verste sort!

Eller vent…her må eg nok omformulera meg litt. Vaksne folk er livredde for pornografi. Det er i alle fall det inntrykket ein kan sittje att med om ein følgjer med i media for tida. Barnepornografibeslag, barnepornografiringar, pedofile…alle ord med ein viss relasjon til slik vert flittig brukt på framsidene av Norske avisar, tidsskrift og andre medium.

Av og til kan ein spørja seg om avisene har konkurranse om kven som kan settja saman overskrifter med flest mogleg av det ein kan kalla dødssynder i det Norske samfunnet pr. i dag slik Aftenbladet har klart her.

BarnepornografiFør du les vidare, vil eg for å unngå eventuelle feiltolkingar av denne bloggposten seie at eg ikkje har nokon som helst sympati med personar som utfører ei handling der mord, vold eller overgrep mot barn er resultatet. Eg har heller ikkje noko som helst til overs for pornoindustrien!

I utgåve 4/2008 av tidsskriftet Bedre skole kan ein på side 5 lese overskrifta Barn lite interessert i porno på nettet. Artikkelen viser til ei undersøking utført i Noreg, Irland og England der ein har spurt 2000 born omkring dette temaet. Og det er her eg tykkjer at resultatet er interessant.

Undersøkinga kom fram til at born flest klikker bort pornografisk materiale når det dukker opp på skjermen! Kven ville vel trudd det i ein nasjon der ein gjer det ein kan for å skåna born for uheldige møte med vaksenverda?

Medan eg har tanken i hovudet…er det meir skadeleg om ein 10-åring kjem over ei lettkledd dame med brystene blotta på nettet eller kan det tenkjast at om den same 10-åringen opplever far sin overstadig rusa vil det ha ein større effekt på ungens kjensleliv? Og her viser eg nok ein gong til avsnitt 4, samtidig som eg stiller spørsmålet.

Elles har eg sidan eg starta mi utdanning i Volda vore vitne til tilfelle som for meg berre støttar opp om denne undesøkinga EU Kids Online har gjort. Eg hengde ei gong opp bilete av born i berre undertøy på tavla i samband med at eg skulle ha eit opplegg om kjensler og mobbing. Reaksjonen frå nokre av elevane var at det var ekkelt å ha desse teikna illustrasjonane på tavla.

I same gate er vel hendinga då ein elev fekk lesa i ei bok, eit leksikon. Leksikonet var ikkje av den kjedelege typen, men meir spenstig og tenkt for nettopp born. Det var rikt illustrert. Ungen bladde om på neste side, og det fyrste som møtte auga hans var eit bilete ikkje så ulikt denne Yoga-reklamen til høgre. Reaksjonen hans var eit høgt og tydeleg “Æsj!”. Han la deretter handa over biletet for at han skulle kunne klara å lesa det andre som stod på sidene.

Slike hendingar fortel meg at born i stor grad kan fungera som eigne filter. Å aktivt gå inn og skjerma dei med til dømes å hindre dei i å søke på spesielle ord ser i alle fall eg på som eit solid bomskot. Born sit bak brannmurar på skulen. Kva skjer når dei kjem heim på datamaskina heime og skal inn på nett den same, kule sida som han fann i engelsktimen på skulen tidlegare på dagen? Og hugs på at i Noreg er mange foreldre ikkje foreldre i tradisjonell forstand. Det vil altså seie at dei ikkje står heime med middagen klar når poden kjem tuslande heim og slenger sekken i næraste krok. Kidden set seg kanskje difor ned med datamaskina i dei par-tre timane det tek før foreldra omsider dukkar opp i heimen.

Så eg veit ikkje om eg er heilt ute å kjøre her, men kven er det eigentleg eigentleg ein trur ein gjer ei teneste med å stengja for moglegheitene? Kanskje det kan vera ein idè å kasta seg på toget som Åskollen skole i Drammen alt er på? Nemleg å kjøra hardt på å laga gode haldningar til oppførsel på nett alt i frå 1. trinn av? [Bedre skole, 4/2008]

Diverre er eg litt halvredd at artikkelen om Åskollen nok er for eit glansbilete å rekna, utan at eg skal seie det heilt bombastisk. Det er berre det at når skulens sider om nettvett ser ut som dei gjer, då klarar eg ikkje heilt å tru på det eg les.