Vi rekker våre hender

image

Klokka er 03.00 den 8 juli 2014. Min sambuar vekkjer meg. Ho fortel at noko er på gang no. Me står opp. Nokre timar seinare har me forflytta oss til Stavanger Universitetssjukehus. Det er meldt setefødsel, så ein tek ingen sjansar.
Ved fyrste sjekk av jordmor, er åpninga på 3 centimeter. Den uroa me hadde hatt for at me som førstegonsfødande skulle verte sende heim att, forsvann. Det skulle vise seg at me skulle bli ei heil stund.
Ute i verda er viktige saker og ting på gang. Alexander Kristoff gjer ein kjempeinnsats på sykkelen, medan Tyskland heldt ei oppvisning i korleis alle fotballteoretiske prakteksempel kan settjast ut i praksis.
Men dette er ting som to spente, vordande foreldre glatt let ligge no. Ei ny sjel er på veg inn i verda, og då kan det eigentleg vere det same med alt anna.
Drøyt 25 timar etter at fyrste ria var registrert nærmar med oss målgang. Den nye verdsborgaren er på veg inn i det norske mantalet, og Siv Jensen sit vel alt klar med kalkulatoren for å rekne ut framtidig berekna skatt.
Målområdet, som tidlegare har hatt ei fin ro over seg, vert med eit klargjort for massespurt. Meldingane om at fem tær har fått forsprang frå resten av feltet vert motteke med forbauselse av funksjonærane i målområdet. Var det sant? Kunne dette verkeleg stemme? Etter eit kort kommitemøte vart det bestemt…her var det ikkje lenger noko å lura på.
Dermed vart det som til no hadde vore å oppfatta som eit maraton, med eit endra til VM i 100 meter. Hovudfavorittane inntok posisjonen i startblokka på alle fire, og sette alt i frå starten av i eit forrykande tempo.
12 minutt etter kunne teamet bak vinnaren senka skuldrene og konkludere med ny personleg rekord på samtlige område. Målgang vart gjennomført og registret 01.45 den 09 juli 2014, og soleklar vinnar var Tallak. Med sine 50 cm og 3675 gram, hadde han den perfekte utrustinga av muskelmasse og kroppsvekt, til å snika seg gjennom nålauget som skilde han frå heider og ære. Omsider kunne ein starte nedrigginga av målområdet og gjere klar for ei vel fortent restitusjonsøkt for både Tallak og støteapparatet bak.
I tillegg ynskjer vinnaren og teamet hans å sende ei stor takk til alle som heia undervegs. Med mykje action og lite tid, vart det diverre ikkje tid til å få tak i namna på alle som deltok, men at jordmødrene Else og Silja har stor del av ære for at me alle kom fram, er heva over ein kvar til.

I tillegg er også eit stor takk på sin plass til lækjarane, med doktor Tallaksen og Broch Østborg i spissen som tok regien på oppløpet. Det var eit imponerande skue å vera vitne til i frå sidelinja. Arbeidsoppgåvene dukka opp, og vart gjennomført så fort at det for ein utanifrå var heilt umogleg å henga med i svingane. Me er veldig, veldig imponerte!
Heilt til sist, ei takk til kunst og handtverkslærarane til lækjarane, og ei oppmoding til Torbjørn Røe Isaksen om å satse meir på dei estetiske faga. Det er ei bruk for fine korssting og god sakseføring i samfunnet!

2 Comments on "Vi rekker våre hender"

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *