Feiden med FEIDE – oppfylging

Dette er eit svar på ein kommentar eg fekk på ein tidlegare bloggpost der eg skreiv litt om mine observasjonar og erfaringar på IKT-feltet i skulenoreg. Kristine Sevik frå IKT-senteret gav meg ein så pass fyldig kommentar, at eg tykkjer han fortener ein eigen bloggpost til oppfylging. Så her kjem den.

For å gjere det klart med ein gong. Ja. Dei tilfella eg nemner kan ikkje skuldast på FEIDE, meir enn ein kan skulda virus-problematikk på datamaskinar på Microsoft. Grunnen til at eg tok tak i nettopp FEIDE, er at FEIDE er det siste initiativet som har dukka opp og blitt stappa ned i halsen på lærarstanden, skuleelevane, og også etterkvart foreldre.

Eg kan forstå tankane bak ei slik løysing som det FEIDE representerer. Problemet slik eg ser det, er berre at FEIDE har vakse seg stor i frå feil ende.

Fire år med lærarskule gav meg erfaringar frå mange ulike norske skular rundt om i landet, så vel som i utlandet. Etter endt utdanning, har eg også gjort meg erfaringar frå ei rekkje andre skular. Datamaskinar har vore min store hobby sidan eg sjølv gjekk i 6. klasse i ’93. Difor er det ikkje så mykje for min eigen del at eg “bles ut” dette. Dei observasjonane eg har gjort meg i løpet av desse åra, seier meg derimot at det er mange frustrerte lærarar og elevar som treng ei stemme. Eg er sjølv ein stor fan av IKT i skulen, men har trua på at det må vere lov å stille nokre kritiske spørsmål, slik mellom anna Inge Eidsvåg gjer her.

Så til punkta dine Kristine.

1. Heilt rett. E-posten er ikkje FEIDE-integrert. Og eg er redd for at utsiktene til at det vil hende heller ikkje er noko å ropa hurra for. Ut i frå den kommunale greina eg høyrer til (oppvekst), ser det for meg ut som om dette er ei greie med å slenge seg på ein proprietær hest når det gjeld e-postløysing, for deretter å byggje seg eit hus på denne proprietære løysing. Når så nye krav dukkar opp, er ein så fastlåst i det opplegget ein har, at ein ikkje er i stand til å fylgje med i timen vidare. Men dette er ikkje mitt bord. Eg har ikkje moglegheit til å gjere endringar her. Og det er vel faktisk det som er poenget, men det kjem eg attende til litt seinare…

2. På skulen min har eg sett opp pålogginga til LMS-systemet slik at når ein vel FEIDE-pålogging, så vert ein automagisk sendt til min kommune si pålogging. Problemet her er LMS-systemet, ikkje FEIDE. LMS-tilbydaren (who shall remane nameless…) har gjort eit førehandsval på si påloggingsside som eg ikkje kan gjere noko med. Det resulterer i at standardpålogginga frå deira nettside ikkje er FEIDE-pålogginga, men deira eiga løysing. Og nettopp her er det mange trør i salaten. Personleg tykkjer eg dette valet som LMS-produsenten her har gjort, berre føyer seg elegant inn i rekka av andre frustrasjonar LMS-et gjev meg. Eit ekstra klikk her, eit ekstra klikk der. Er det rart eg klikkar på det? Men det vert ein annan bloggpost.

3. Dette punktet, og løysinga som du skisserer er eg heilt einig i sjølv. Det kjipe er berre dette. Vår kjære LMS gjev ikkje eit realistisk bilete (for læraren) av korleis det faktisk ser ut for elevane etter at ein har publisert læremateriell av eitkvart slag. Difor må ein, for å sikre seg, sjekke inn på ein eigen elevkonto for å sjå korleis det tek seg ut. Og då kjem tryggleiken til FEIDE inn, og gjev ikkje moglegheit til “daude” brukarar. Ergo må ein logge inn med LMS-et si “standardpålogging”, og altså ut av FEIDE. For…ein har, av tryggleiksmessige årsaker (tenk å gje ein vaksen person med fire+ års utdanning full råderett over datamaskina) gjort det slik at ein ikkje kan installere programvare på datamaskina som ein nyttegjer seg av i klasserommet. Difor er det berre vår alles kjære Internet Explorer 8 (9? Håhå….langt i frå!) ein kan bruke.

4. Kor mange gonger ein kan logge lukke nettlesaren? Der har gjerne Peder Haug forskingsmateriale å ta av om det skulle knipe, for det ville vore interessant lesing. M

en for å svare ut i frå mi ikkje-professoralske erfaring; fleire enn ein skulle tru! Seinast i dag klarte heile tre elevar (av fire) å logge seg av heile datamaskina under 5 minutt etter at eg hadde forsikra meg om at alle hadde klart å logga seg på. Og det var ikkje alle som klarte å kome seg inn att før friminuttet…

5. Passordbytte skjer gjerne ved at ein mottek nytt passord på e-post. Her er ein fort inne i ein ond sirkel. Policyen på passorda i min kommune er forøvrig slik; store OG små bokstavar. Tal. Og minst 8 teikn. Vanskeleg for ein vaksen å hugse. Umogleg for ein 7-åring som har hatt verdas lengste sumarferie!

Det er flott at IKT-senteret og UNINETT arbeider “kontinuerlig [med å] forbedre brukervennlighet, brukeropplevelser og funksjonalitet i Feide”. Mitt spørsmål; har de nokre barneskular med på laget? Ein ting er IKT på vidaregåande og høgskule, men når ein kjem inn i barneskulen er det totalt andre spelereglar ein må forhalda seg til.

Så skal eg forsøke å konkludere litt trur eg,

Å gje nokon eit verkty, og seie at det kun er tilgjengelg mellom 8 og 2. Det skal nyttast slik. Du kan ikkje kan tilpassa verktyet til dine hender/hovud/kropp/sett inn det som passar. Det er ikkje anne enn å be om bråk.

Som lærar er eg pålagd å tilpassa opplæringa til den einskilde eleven. Og det skulle også berre mangle! Det er heldigvis ikkje normalt å vere normal. Men kva tenkjer så min arbeidsgjevar, eller styresmaktene om tilpassa arbeidstilhøve? Det synest for meg å vera eit ikkje-tema. I barneskulen skal ein takka sin skapar om elevane har 1:2-tilgong på datamaskinar. Lærarar er litt betre stilt, men ikkje mykje.

Poenget mitt er at ein i den norske barneskulen ikkje har råderett over eige verktøy. Ein er berre plent nøydt til å gjere ting på ein måte som vert bestemt av nokon som knapt har sett sine føter i same hus som seg sjølv, og i alle fall ikkje er pedagogar.

1 Comment on "Feiden med FEIDE – oppfylging"

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *