Brød og sirkus til folket

I 9 måneder har media gjenge svanger og venta på den forløysande rettssaka etter massemorda 22. juli 2011.

Det var difor på høg tid at ein no omsider kunne ta fatt på den festen det må vera for media å fråtse rundt i dei alle minste detaljar som desse 9 månadane har resultert i av faktakunnskap.

Lars Helle, sjefredaktør i Stavanger Aftenblad, har ein kommentar i avisa si 16. april. Her uttrykkjer han at trass i at ein stor prosentandel (68%) tykkjer det har vore meir enn nok dekning av massemorda, så vil det ikkje vere mogleg å droppe dekninga.

Helle ser det som media si øvste rolle å brette ut spaltemeter på spaltemeter med relevant og urelevant stoff om rettssaka. Han meiner rett og slett at det er media si plikt å gjere dette, same kva brukarane av lesarar, lyttarar og sjåarars ynskje måtte vere. Det må Helle få lov å meine, men hadde salstala vore raude som følgje av dette, hadde nok pipa fått ein annan lyd.

Lars Helle vart tilsett som ny sjefredaktør i Stavanger Aftenblad 20. oktober 2011. På spørsmål frå si eiga avis om Stavanger Aftenblad no skal verte meir lik Dagbladet, svarer Helle:

Nei, jeg har enorm respekt for at det er to forskjellige produkter og markeder. Jeg skal holde på Aftenbladets formålsparagraf. De som tror Aftenbladet nå blir en boulevardavis som Dagbladet, tar feil, sier han.

Eg gjev deg framsida av Stavanger Aftenblad 17. april 2012:

Vidare i den tidlegare nemnde artikkelen, vel Helle å nyttegjere seg av Frank Aarebrot for å forklare kvifor så stor prosentandel meiner at media har gjort jobben sin meir enn godt nok no.

At publikum er lei av krigen og ønsker å lese om noe annet, betyr ikke at mediene kan slutte å skrive om krigen.

Frank Aarebrot, landets suverent mest kjende valforskar står på ønskeliste, nei unnskyld, vitnelista til Andrus Babben Brownie. Dette fall ikkje i god jord hjå Aarebrot.

Jeg er valgforsker, og har aldri forsket på verken terror eller høyreekstremisme. Jeg kan ikke se noe jeg har forsket på som kan ha relevans for saken.

Trass i dette temmeleg bastante utsagnet frå Aarebrot, vel altså Lars Helle å bruke nettopp Aarebrot som kjelde i sitt forsvar for at media skal ha dekning av rettssaka etter 22. juli 24+ timar i døgnet.

Eg trur beint fram at Helle her har gjort seg fortent til julekort frå Andrej Brutus Bastus for å ha drege fram ein gyldig grunn for at han no har heile landets media dansande rundt som sin personlege fanskare etter at han mobba “noregs framtid og demokrati” sønder og saman i løpet av ein einaste julidag.

Me dunkar oss stadig på brystet over å ha verdas beste land å bu i. Her har me flotte levetilhøve, og ein godt utvikla rettsstat. I årevis har ny straffelov lege til handsaming i det norske byråkratiet. Ein manns handling, fekk på usedvanleg vis fortgang på noko som trøblete IKT-problem lenge hadde trua med å utsette.

No kan ein jo sjølvsagt ikkje sjå bort i frå at det gjerne var Grete Faremo som fekk sving i kostebinderiet på ein måte som Knut Storberget berre kunne drøyme om, men det kan i så fall Faremo sjølv ta æren for på eit seinare tidspunkt på ei av landets mange forsider.

Uansett straffelov og IKT-trøbbel. Mitt, og dei 68% som takka høfleg nei til klappjakt på størst mogleg salstal på Nordiske mediedager har fylgjande ynskje til Lars Helle og resten av landets marionettar:

La dette rettssystemet som me er så stolte av få gjera jobben sin i fred!

Høyr på dei 68%. Kva seier vel media om rettssystemet vårt, om dei ikkje har tiltru til at dei kan utføra det dei er sett til på ein god måte?

Aftenbladets sjefredaktør pakkar seg inn under sitt magiske framtidsteppe. Her gjentek han mantraet han lærte på sjefredaktørskulen om “media sin rolle som dokumentarist” stille for seg sjølv…for eventuell framtidig forskning på hendinga 22. juli. Kan hende ynskjer Lars Helle å gjere for Andolf Busta Brynstad, det media ikkje klarte å gjere for Fritz Moen?

Sjølvsagt er det prisverdig at Norsk media ynskjer å passe på at alle dei involverte fer den handsaminga dei har krav på i ein rettsstat, men trass i ei usedvanlig god tru på eigne, opphøgde mål, så har norske mediesjefar ein kalv som dei set høgare enn all verdas rettar: forteneste.

Nettopp kravet til forteneste innrømmer jo Lars Helle, i det han skildrar eit endra mediebilete, ein haug akkrediterte journalistar og sjåartal på vevfjernsyn i dei seinare åra.

Men på Stortinget er dei nok glade no. Endeleg fekk mediekorpset anna å plukke i frå kvarandre enn ugilde politikarar med for mange år borte frå det verkelege samfunnet dei er tillitsvalde for.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *