Tagged in: navarsete

Liv Signe – ein super leiar?

Dagbladet melder at Liv Signe Navarsete kanskje ikkje heilt var den spyspissen som Senterpartiet hadde håpa på. Med ei oppslutning på skrøpelege 3,7 % i Opinionen si siste måling, er det generelt lite å ropa hurra for i firkløvarkretsar no til dags. Kan det vere at det gode gamle Bondepartiet ikkje lenger “fangar opp viktige straumdrag i tida”?

Den 10.06 la Samferdselsdepartementet ut ein promo-video på Youtube. Navarsete gjer her eit spedt, og i stor grad lite truverdig forsøk på å framstå som ein ny, cool og up to date Samferdselsminister for sine kollegaer og andre frammøte på “The Future of the Internet Economy“-konferansen som gjekk av stabelen i Seoul i juni.

Videoen har pr. no vorte vist 578 gonger. Det har vorte med den eine videoen! Kan hende har Navarsete i staden hatt hendene fulle med å byggja opp att partiet etter Åslaug Hagas bråe avgang i juni, slik ho sa ho skulle då ho kom att frå konferansen? Det kan vel i så fall neppe seiast å vera ein god jobb ho har gjort med tanke på den tidlegare nemnde oppslutningsmålinga!

Alt i alt så framstår den gode Navarsete meir og meir som ein superleiar enn ein super leiar for partiet sitt. Medan partiet ynskjer å tiltrekkje seg oppslutning, togar Navarsete fram som eit skjold i front.

“Navarsete sier nei til lyntog”

Det er krifsoverskrifta som grin mot meg på Aftenposten sine vevsider i dag.

Jeg vil ikke avvise at det kan bli aktuelt, men da blir det eventuelt i et lengre tidsperspektiv enn den neste tiårsperioden, sier samferdselsministeren til VG.

Huff. Eg kan ikkje anna enn å håpe på at nokon set denne forvirra vestlendingen på fyrste fly til Tokyo og sender ho avgarde mot Hiroshima med Shinkansen-toget. Og er me eigentleg så dårleg stillt her til lands at det er eit spørsmål om antan dobbeltspor eller høghastighetstog? Kan ein ikkje satsa på begge?

Andre land konstruerer store byggverk. “Wonders” som nok unge Leine ville ha kalla det. Kva skjer her til lands? Skal eit Operabygg i Bjørvika vera det me har å visa verda?

Er me blitt så høgkulturelle og fine på det at me ikkje kan byggja noko som kjem til nytte for framtida og folket? Sjå berre på kva Romarane gjorde då dei bygde aquaduktane, eller russarane/kinesarane då dei bygde den transsibirske jernbana tidleg på 1900-talet. Eller kva med Engelskmennene/Franskmennene då dei byrja å bygge togtunnellen under den engelske kanal i 1988?

Det er mest litt flaut å vera norsk, når det beste me kan få til er ein lekk romeriksport.