Om meg

Hei. Mitt namn er Torger Åge Sinnes, og her er nokre få ord om meg.

Eg vart innskriven ved Sinnes Skule som sjuåring i den tida då skulane berre hadde 9 årstrinn, og det endå fanst O-fag. Her vart eg gåande i saman med fire andre øvredølar heilt til gutegjengen fekk to innslag av det motsette kjønn, sånn akkurat når det er i ferd med å bli interessant, nemlig rundt 7. klasse.

Men etter å ha avslutta dei ni hendelsesrike åra på skulen rett utanfor stovedøra mi, bar det avgarde til Tonstad og allmenfagleg studieretning på Sirdal Vidaregåande Skule. Det var også her eg byrja mi internatkarriere, som skulle resultere i 8 år på slike institusjonar. Her gjorde eg også dei fyrste erfaringar med kjæresteri. Men tre år gjekk fort, og i 2000 kunne eg altså stolt kalla meg for milleniumsruss…eller Russ2k om du vil. Løypa vidare skulle vise seg å leie meg langt avgarde, heilt opp til der Heilage Olav trakka sine barneskor, og Volvo 240 går for å vera ein klassebil av rang. Nærare bestemt til Bakketun Folkehøgskule i Verdal’n.

Her hadde eg naturleg nok søkt meg inn på datalinje. Men folkehøgskular er ikkje som andre skular, så difor gjorde eg også her mi lynkarriere innanfor drama med å delta på heile tre oppsettingar, der glansnummeret viste seg å vere som Josef. Ein kjem ikkje frå indre agder og tjukkaste bibelbeltet for ingenting tydeligvis! Men så, etter eit glittrande år midt i blandt lottomillionærar og blårøyk, bar det heim att til gode, gamle Sirdal. Her vart det til at eg fekk meg arbeid i gründerfimaet SirCon A/S. Min fyrste skikkelige, heiltidsjobb var det og når eg tenkjer meg om. Året etter, og me er nå komne til 2002, teikna det til at eg skulle gjere mi plikt i grønt, men etter 8 kjappe dagar, var eg igjen på veg heim. Her skulle det vise seg, at eg vart utfordra til å dra verda rundt i tre månader. Difor vart det igjen arbeid på heimstaden, denne gong med hyttebygging, før reisa tok til den 7. mars 2003.

Då globetrottinga var slutt (for denne gongen), og hausten igjen meldte sin ankomst, vart det igjen til at eg søkte lukka i Trøndelag, men her gjorde eg nok ein gong vendereis sidan allmennlærarstudiet ved Høgskulen i Sør-Trøndelag faktisk ikkje hadde plass til meg. Igjen vart det arbeid heime, men no søkte eg lukka i turismenæringa i det lokale skitrekket. Her heldt eg til heile vinteren, og då våren atter ei gong gjorde sitt inntog, stod eg og monterte stålbruer og trapper i Øvre Sirdals store stoltheit, Handeland Renseanlegg. Men eg var klar for å kome i gang med studia.

Difor vart det fire flotte år i Volda, Ivar Aasens heimtrakter på meg. Og omsider, etter 27 år var eg endeleg ferdig utdanna allmenlærer frå Høgskulen i Volda og kunne ta fatt på mi yrkesutdanna karriere som adjunkt i det Norske skuleverket.

Trass i dette, er alt innhaldet du finn på desse sidene berre mi private oppfatning av verda omkring meg, og ikkje på nokon måte kopla direkte opp i mot mitt daglege virke og kall som pedagog i den norske skulen.