{"id":905,"date":"2008-10-10T13:58:39","date_gmt":"2008-10-10T11:58:39","guid":{"rendered":"http:\/\/www.dalstroka-innafor.net\/?p=905"},"modified":"2008-10-10T13:58:39","modified_gmt":"2008-10-10T11:58:39","slug":"nye-tonstad-skule","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/?p=905","title":{"rendered":"Nye Tonstad skule"},"content":{"rendered":"<p>Eg m\u00e5 seie at det er trist \u00e5 h\u00f8yre at <a href=\"http:\/\/sirdolen.no\/index.php?page=vis_artikkel&amp;ArtID=2232\">R\u00e5dmannen har vorte &laquo;vandt&raquo; til kritikk<\/a>. Det kan ikkje vera mykje grei jobb \u00e5 ha om ein opplever engasjement og konstruktiver kommentarar som kritikk.<\/p>\n<p>For eg trur neppe dei framm\u00f8tte i Kommunestyresalen hadde troppa opp for \u00e5 koma med kritikk til R\u00e5dmannen. At engasjementet var stort og innspela mange kunne ein jo merka seg i etterkant av m\u00f8tet, noko eg er sikker p\u00e5 at b\u00e5de KrF og H\u00f8gre sine representantar opplevde. Det var derfor ikkje berre blandt foreldra at den plutselege amputasjonen av m\u00f8tet fr\u00e5 R\u00e5dmannen si side opplevdes noko merkeleg! Til opplysning kan eg minna R\u00e5dmannen om det ein kanskje kan kalla den <em>Sirdalske \u00e5nd<\/em>&#8230;det er rett og slett ikkje kultur her i kommunen \u00e5 reisa seg i ei forsamling og ta ordet, og spesielt ikkje n\u00e5r ein for 30 sekund sidan fekk framlagd eit prosjekt i mangemillionarsklassen og alts\u00e5 end\u00e5 ikkje heilt har klart \u00e5 ford\u00f8ya nettopp det.<\/p>\n<p>N\u00e5r ein driv med utdanning er ein heile tida p\u00e5 jakt etter \u00e5 gjera ting betre. Eit velkjend omgrep innanfor pedagogiske kretsar er &laquo;heilskapeleg skuleutvikling&raquo;. Omgrepet spelar nok i fyrste rekke p\u00e5 \u00e5 utvikle pedagogiske prinsipp, men det er vel ikkje heilt unaturleg \u00e5 utvide dette til \u00e5 gjelde ogs\u00e5 andre sider av skulekvardagen n\u00e5r det er snakk om \u00e5 byggja ein ny skule.<\/p>\n<p>Ei av desse sidene som R\u00e5dmannen tydeligvis vart gjort merksam p\u00e5 var symjebassenget. Eg m\u00e5 i forbifarten berre nevne at eg m\u00e5 dra litt p\u00e5 smileb\u00e5ndet n\u00e5r Sirdal kommune legg opp til <em>to<\/em> symjebasseng, medan dei fleire andre stadar i landet m\u00e5 reise bort fr\u00e5 skueln for \u00e5 f\u00e5 den grunnleggjande oppl\u00e6ringa.<\/p>\n<p>Uansett. Utdanningsdirektoratet har publisert nokre f\u00f8resegner omkring <em><a title=\"Forsvarlig sv\u00f8mmeoppl\u00e6ring\" href=\"http:\/\/www.utdanningsdirektoratet.no\/upload\/Rundskriv\/2008\/udir-1-2008-svomming.pdf\" target=\"_blank\">forsvarlig sv\u00f8mme- og livreddingsoppl\u00e6ring i grunnskoleoppl\u00e6ringen<\/a>.<\/em> Dette er interessant lesing. I punkt 4.1 som g\u00e5r p\u00e5 tryggleiken under sj\u00f8lve undervisninga kan ein lesa;<\/p>\n<blockquote><p>Ved begynneroppl\u00e6ring skal det alltid v\u00e6re minst 2 tilsynspersoner til stede. Dersom<br \/>\ngruppen er st\u00f8rre enn 15 elever, skal tilsynet \u00f8kes med en voksen tilsynsperson for hver<br \/>\np\u00e5begynt gruppe med 15. jf. \u00a7 12-1 bokstav b.<\/p>\n<p>N\u00e5r elevene er sv\u00f8mmedyktige, og det ellers ikke er spesielle problem med oppl\u00e6ringen i<br \/>\nden aktuelle gruppen, kan en tilsynspersonen ha b\u00e5de undervisning og tilsyn med inntil<br \/>\n15 elever.<\/p>\n<p>N\u00e5r det er forhold som gj\u00f8r oppl\u00e6ringen s\u00e6rlig vanskelig og\/eller setter sikkerheten i<br \/>\nfare, skal tilsynet styrkes. Det kan eksempelvis v\u00e6re elever som trenger s\u00e6rskilt<br \/>\ntilrettelegging og ekstra tilsyn, for eksempel elever med vannskrekk, epilepsi, nedsatt<br \/>\nfunksjonsevne, elever som viser utagerende atferd eller elever som det av andre grunner<br \/>\nm\u00e5 tas s\u00e6rlige hensyn til. Da kan det v\u00e6re aktuelt \u00e5 ha med assistenter, se 4.2.<br \/>\nAssistentene kommer i tillegg til personer som har tilsyn og kan ikke erstatte disse.<\/p><\/blockquote>\n<p>Ryktet seier at det er eit problem \u00e5 f\u00e5 l\u00e6rarar p\u00e5 plass i skuleverket i dag. Men i Sirdal er tydeligvis ikkje dette noko problem d\u00e5 dei smeller til med to basseng, noko som medf\u00f8rer eit h\u00f8gare krav til at det skal vera tilsynspersonar til stades. Eg meinte \u00e5 lesa at det var vondt \u00e5 f\u00e5 tak i l\u00e6rarar til Tonstad skule tidlegar i \u00e5r, men det er fullt mogleg at eg hugsar feil.<\/p>\n<p>Kommunen har planar om \u00e5 byggje eit ekstra basseng for stuping. Dette m\u00e5 ha ein viss djupnad. Etter det eg har f\u00e5tt med meg, vil dette vera s\u00e5 djupt at ikkje ein gong vaksne kan tr\u00f8 i botnen her. Rekk opp handa alle som f\u00f8ler seg trygge til \u00e5 motta l\u00e6ring n\u00e5r dei ikkje er trygge p\u00e5 om dei kan tr\u00f8 i botnen. Tenk s\u00e5 p\u00e5 om den vesle poden din er annleis innretta enn deg&#8230;<\/p>\n<p>Men som R\u00e5dmannen seier, s\u00e5 er det &laquo;<em>forlengst gjort fatta vedtak p\u00e5 korleis det skal vere.<\/em>&raquo; Mon tru om han har teke slike ting inn over seg d\u00e5 han avgjorde bassengsp\u00f8rsm\u00e5let?<\/p>\n<p>Heldigvis er skulen s\u00e5 mykje meir enn symjeoppl\u00e6ring. Ein skal ikkje berre kunne overleve i vatn, men og i samfunnet ellers. Det er jo mogleg at arkitektane, byggekommiteen og R\u00e5dmannen har vore i dialog med andre skular i landet eller utlandet for \u00e5 <a title=\"Erfaringar fr\u00e5 andre skular...\" href=\"http:\/\/www.skoleanlegg.utdanningsdirektoratet.no\/index.gan?id=981&amp;subid=0\" target=\"_blank\">hauste erfaringar<\/a>, men om dette <em>ikkje <\/em>skulle vera tilfelle vil eg berre vere p\u00e5 den sikre sida og opplyse litt omkring dei erfaringane eg sj\u00f8lv har gjort meg.<\/p>\n<p>Eg er s\u00e5 heldig \u00e5 arbeide p\u00e5 ein skule som berre er to \u00e5r gamal. Denne har store likhetstrekk med dei planane som var presentert p\u00e5 Tonstad i g\u00e5r, og eg ser det difor ikkje som uaktuelle erfaringar. Fyrst litt om min skule. To og to <a href=\"http:\/\/www.skoleanlegg.utdanningsdirektoratet.no\/index.gan?id=2040&amp;subid=0\" target=\"_blank\">baserom<\/a> deler inngang. Alle baserom soknar inn til eit amfi der ein har musikk og skulesamlingar. I annakvart baserom er det og tre grupperom i bakkant. Mellom baseromma er det skyved\u00f8rer i glass. D\u00f8rene ut til amfiet er skyved\u00f8rer som g\u00e5r fr\u00e5 golv til tak. Desse er og i glas. Amfiet har og store, \u00e5pne glassflater som slepp inn mykje lys.<\/p>\n<p>Ut i fr\u00e5 ein arkitektonisk st\u00e5stad, er det klart at glas er flott. Det har sj\u00f8lvsagt og vore ei utvikling i glas sidan dagens skule vart bygd. Men likevel&#8230;<\/p>\n<p>Erfaringane eg har gjort meg tilseier at fleire sider ved \u00e5 nytte glas vert ignorert.<\/p>\n<ul>\n<li>varme\/kulde<\/li>\n<\/ul>\n<p>Basrom i s\u00f8r vil, om ein ikkje sjekkar opp dette, ha eit potensiale for \u00e5 verte ufatteleg varmt n\u00e5r sola st\u00e5r p\u00e5. Luftingsanlegg kan sj\u00f8lvsagt hjelpa p\u00e5 dette, men med tanke p\u00e5 det milj\u00f8fokuset som er no til dags er verkeleg ei slik l\u00f8ysing rett? Dette b\u00e5de med tanke p\u00e5 at det kostar \u00e5 drifta slik, og at ein i staden kunne satsa p\u00e5 \u00e5 jobbe <em>med<\/em> naturen og ikkje mot han. Eit <a title=\"Grong\" href=\"http:\/\/www.skoleanlegg.utdanningsdirektoratet.no\/index.gan?id=1171&amp;subid=0\" target=\"_blank\">skuleeksempel kan sj\u00e5ast i Grong<\/a>.<\/p>\n<ul>\n<li>innsyn\/utsyn<\/li>\n<\/ul>\n<p>Sm\u00e5 born har ikkje same evne som vaksne til \u00e5 halda fokus, og som ogs\u00e5 Marianne Hompland nemner, s\u00e5 er det ikkje alltid like lett \u00e5 dra merksemda til elevane dit han skal vera. Dette har eg sj\u00f8lv f\u00f8lt p\u00e5 kroppen, og resultatet er at eg i mitt klasserom har &laquo;tapetsert&raquo; heile glasd\u00f8rene for \u00e5 hindre nettopp innsyn\/utsyn. Det vert eit heilt un\u00f8digt fokus p\u00e5 &laquo;kva dei andre gjer&raquo; med slikt.<\/p>\n<ul>\n<li>lyd<\/li>\n<\/ul>\n<p>No er det heldigvis lagd opp til at musikken skal f\u00f8reg\u00e5 i eit eige rom p\u00e5 Tonstad, og ikkje i eit amfi slik som p\u00e5 min arbeidsstad. Likevel vil det vera mykje aktivitet ute i fellesomr\u00e5da som igjen vil skapa lyd. Glas er ikkje s\u00e5 lyddempande som ein vegg, og at eit bibliotek vert lagd i eit \u00e5pe landskap <em>kan<\/em> vera uheldig kanskje spesielt i ein situasjon med mykje gjennomgang.<\/p>\n<ul>\n<li>vedlikehald<\/li>\n<\/ul>\n<p>Det seier seg sj\u00f8lv at det vil krevja meir vedlikehald av vindauge enn av ein vegg.<\/p>\n<ul>\n<li>knusbart<\/li>\n<\/ul>\n<p>Eg har sj\u00f8lv erfart \u00e5 g\u00e5 gjennom ei glasrute med det resultat at \u00f8yret vart delt i to og vil ikkje oppmode folk om \u00e5 teste ut slikt. Glas er rett og slett ikkje risikofritt. Det er og dyrt \u00e5 erstatte, og ein kan heller ikkje sparka ein ball mot det. No har fotballen endra seg ein god del fr\u00e5 d\u00e5 eg sj\u00f8lv gjekk p\u00e5 skule, men gleda over \u00e5 sparka ein ball i veggen vil eg tru er like stor no som d\u00e5.<\/p>\n<p>At arkitekane ser det som eit poeng \u00e5 opna opp skulen er jo flott. Men i ein skule, og d\u00e5 kanskje spesielt p\u00e5 ein barneskule, har dei ein tendens til \u00e5 dekorera klasseroma. Om ein har vore inne p\u00e5 ein ten\u00e5ring sitt soverom, vil ein sj\u00e5 at veggane er fulle av plakatar der og. Slik sett synest det i alle fall for meg som lite pedagogisk \u00e5 nytta glas i utforminga av klasseroma. Born treng \u00e5 uttrykka seg. Kvifor ikkje <a title=\"Tavlevegg\" href=\"http:\/\/www.marthastewart.com\/portal\/site\/mslo\/menuitem.3a0656639de62ad593598e10d373a0a0\/?vgnextoid=5f69669014f64110VgnVCM1000003d370a0aRCRD&amp;autonomy_kw=wall%20calendar&amp;rsc=header_1\" target=\"_blank\">gje dei ein vegg dei kan skriva p\u00e5<\/a>? Det er jo ein ting som mange har stor glede av i staden for \u00e5 skriva &laquo;for seg sj\u00f8lv&raquo; i ei bok!<\/p>\n<p>\u00c5 sleppe inn lys er alts\u00e5 vel og bra, men med ei satsing p\u00e5 digital kompetanse vonar eg at kommunen set ein projektor i kvart klasserom. Ein m\u00e5 jo d\u00e5 i det minste f\u00e5 opp gardin slik at ein kan nytta ein slik i undervisninga. Eg\u00a0 er s\u00e5 heldig \u00e5 ha slikt verkty \u00e5 nytta meg av, og det er ei heilt anna verd enn den skulen eg sj\u00f8lv vaks opp i. Skal skulen sj\u00e5 bort i fr\u00e5 at verda utanfor dei flotte glasveggane i stor grad nyttar seg av digitale verkty, eller er dette noko ein i staden burde ta inn over seg og utnytte for alt det er verdt? Eg er sikker p\u00e5 at fleire vil vera einige i at SMS har hatt ein klar innverknad i skriftspr\u00e5kutviklinga. Ik snt? S\u00e5 kvifor skal ein d\u00e5 skilje denne &laquo;verda&raquo; fr\u00e5 skulekvardagen?<\/p>\n<p>Eg m\u00e5 og seie at det er litt s\u00f8rgeleg \u00e5 registrere korleis prosessen har vore fram til no. Og eg vil nok ein gong st\u00f8tte Marianne n\u00e5r ho seier at kommunens innbyggjarar igjen har vorte overkj\u00f8rt! Kvifor sluttar aldri denne praksisen? Kven er det som ikkje l\u00e6rar av sine &laquo;feil&raquo;?<\/p>\n<p>Og til slutt, for at R\u00e5dmannen ikkje skal verte for lei seg over all &laquo;kritikken&raquo; eg kjem med, vil eg avsluttningsvis nevne at arbeidsroma for l\u00e6rarane hadde mange flotte forslag til l\u00f8ysningar!<\/p>\n<p>Presentasjonen av forprosjektet [<a href=\"http:\/\/www.sirdal.kommune.no\/getfile.aspx\/document\/epcx_id\/5570\/epdd_id\/1816\">PDF<\/a>]<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Eg m\u00e5 seie at det er trist \u00e5 h\u00f8yre at R\u00e5dmannen har vorte &laquo;vandt&raquo; til kritikk. Det kan ikkje vera mykje grei jobb \u00e5 ha om ein opplever engasjement og konstruktiver kommentarar som kritikk. For eg trur neppe dei framm\u00f8tte i Kommunestyresalen hadde troppa opp for \u00e5 koma med kritikk til R\u00e5dmannen. At engasjementet var [&hellip;]<\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[10,12,13],"tags":[125,563,595,896,675,777,815],"class_list":["post-905","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-politikk","category-sirdal","category-utdanning","tag-bygg","tag-pedagogikk","tag-rammefaktorar","tag-sirdal","tag-skule","tag-tonstad","tag-utvikling"],"share_on_mastodon":{"url":"","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/905","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=905"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/905\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=905"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcategories&post=905"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Ftags&post=905"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}