{"id":733,"date":"2008-09-03T19:54:27","date_gmt":"2008-09-03T17:54:27","guid":{"rendered":"http:\/\/www.dalstroka-innafor.net\/2008\/09\/03\/10-minutt-med-picasa-3\/"},"modified":"2008-09-03T19:54:27","modified_gmt":"2008-09-03T17:54:27","slug":"10-minutt-med-picasa-3","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/?p=733","title":{"rendered":"10 minutt med Picasa 3"},"content":{"rendered":"<p>Rykande fersk fr\u00e5 Google Labs kjem seinaste beta-utg\u00e5ve av eit av mine desiderte favorittprogram; Picasa. Blandt dei st\u00f8rste nyhendene er ansiktsgjenkjenning. Eg er ikkje s\u00e5 imponert over dette. Naturbilete er meir min smak kan ein kanskje seie. S\u00e5 difor vil eg her ta ein liten kikk p\u00e5 nokre av dei andre nyvinningane som er \u00e5 finne i programmet.<\/p>\n<p><big>Tekst<\/big><a rel=\"lightbox[picasa]\" href=\"http:\/\/www.dalstroka-innafor.net\/wp-content\/uploads\/A.jpg\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" class=\"alignright\" style=\"max-width: 800px; margin-top: 10px; margin-bottom: 10px; margin-right: 10px;\" src=\"http:\/\/www.dalstroka-innafor.net\/wp-content\/uploads\/A.jpg\" alt=\"\" width=\"225\" height=\"222\" \/><\/a><br \/>\nEin ting som har vore sakna i dei tidlegare Picasa-utg\u00e5vene er moglegheiten til \u00e5 leggje tekst p\u00e5 bileta. Om det n\u00e5 kanskje er ein smule harry i visse settingar, s\u00e5 kan det jo ogs\u00e5 vera litt nyttig i andre. Ein kan difor no skriva inn nokre ord p\u00e5 bileta, velje farge og skrifttype, ramme rundt teksten og det eg i norskfaget om dagen kallar NB!-uthevingar, alts\u00e5 understreking, kursiv, og feit skrift. Ein kan end\u00e5til rotera teksten 360 grader rundt. Ei flott forbetring der alts\u00e5.<\/p>\n<p><big>Vevintegrering<\/big><\/p>\n<p>Sj\u00f8lv om Picasa er eit skrivebordsprogram som du m\u00e5 installera p\u00e5 datamaskina di, er det no tett integrert med alt som har med <a rel=\"lightbox[picasa]\" href=\"http:\/\/www.dalstroka-innafor.net\/wp-content\/uploads\/B.jpg\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" style=\"max-width: 800px; float: left; margin-top: 10px; margin-bottom: 10px; margin-right: 10px;\" src=\"http:\/\/www.dalstroka-innafor.net\/wp-content\/uploads\/B.jpg\" alt=\"\" width=\"223\" height=\"221\" \/><\/a>verdsveven \u00e5 gjera. Picasaweb er staden der ein kan dela bilete med vener og kjente. Ein fer d\u00e5 ei vevadresse som ein kan gje til dei ein m\u00e5tte ynskje der desse s\u00e5 kan g\u00e5 inn og sj\u00e5 korleis den vesle poden veks for kvar dag. Eg har ikkje teste ut Picasaweb sj\u00f8lv i stor grad end\u00e5, s\u00e5 ein n\u00e6rare kikk p\u00e5 denne vert mest opp til deg \u00e5 ta deg av. Men at det er flott, ja det er det ikkje tvil om. Men ein ting har eg merka meg. Ein kan velje grad av kompresjon p\u00e5 bileta. Sit du fortsatt p\u00e5 ei tilkopling til verdsveven som mest av alt liknar p\u00e5 Ally McBeal, ja d\u00e5 kan du velje ein kompresjon med tanke p\u00e5 dette. Er du derimot interessert i \u00e5 ha ein stad \u00e5 lagre nokre bilete for \u00e5 skrive ut i full storleik, ja d\u00e5 er dette og eit val ein kan gjere. Noko for ein kvar smak der alts\u00e5!<\/p>\n<p><big>Ny menylinje<\/big><\/p>\n<p>Med nye utg\u00e5ver kjem ogs\u00e5 kosmetiske forbetringar. S\u00e5 ogs\u00e5 denne gongen. Menylinja nederst i skjermbiletet har vorte oppgradert, og i tillegg f\u00e5tt eit par nye knappar ein kan leike seg med. Mest interessant er kanskje &laquo;Collage&raquo; og &laquo;Movie&raquo;-knappane. Dei er jo i stor grad sj\u00f8lvforklarande. Sjeldan har<a rel=\"lightbox[picasa]\" href=\"http:\/\/www.dalstroka-innafor.net\/wp-content\/uploads\/C.jpg\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" style=\"max-width: 800px; float: right; margin-top: 10px; margin-bottom: 10px; margin-left: 10px;\" src=\"http:\/\/www.dalstroka-innafor.net\/wp-content\/uploads\/C.jpg\" alt=\"\" width=\"397\" height=\"81\" \/><\/a> vel moglegheiten for \u00e5 flotte videoar med stillbiletet vore betre, og eg trur til d\u00f8mes at skuleborn kunne hatt mykje morro her om dei hadde vorte sluppe laus med digitalkamera. Collage&#8230;det \u00e5 kunne lage eit stort bilete av mange sm\u00e5&#8230;joda. Det er jo nyttig det og, men slikt er vel ikkje akkurat noko ein gjer kvar dag.<\/p>\n<p><big>Biletvisar<\/big><\/p>\n<p>Vidare vert du under installasjonen spurt om du vil la Picasa 3 vere standard biletviseprogram for bileta dine. Dette tenkte eg faktisk ikkje over i det heile tatt, og klikka meg glatt vidare. D\u00e5 eg seinare hadde lukka det ned og skulle opne eit bilete for \u00e5 sj\u00e5 fort p\u00e5, ja d\u00e5 dukka det opp ein flott glidande biletvisar p\u00e5 heile skjermen min. Eg var mest imponert over \u00e5 f\u00e5 slik ein flashliknande effekt p\u00e5 skrivebordet mitt. Ei aldeles fortreffeleg overrasking.<a rel=\"lightbox[picasa]\" href=\"http:\/\/www.dalstroka-innafor.net\/wp-content\/uploads\/D.jpg\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" style=\"max-width: 800px; float: left; margin-top: 10px; margin-bottom: 10px; margin-right: 10px;\" src=\"http:\/\/www.dalstroka-innafor.net\/wp-content\/uploads\/D.jpg\" alt=\"\" width=\"343\" height=\"216\" \/><\/a><\/p>\n<p>Picasa 3 er enno p\u00e5 beta-stadiet. Dette tyder at det ikkje er heilt stabilt, og for \u00e5 nemne noko, s\u00e5 sug det prosessorkraft p\u00e5 h\u00f8gde med vakumet i eit mj\u00f8lkingsr\u00f8yrsystem! Det er d\u00e5 heller ikkje tilgjengeleg via den <em>vanlege<\/em> nedlastingssida for Picasa. Men eg ser f\u00f8re meg at det nok dukkar opp p\u00e5 http:\/\/www.picasa.com om ikkje s\u00e5 alt for lenge. S\u00e5 er nok dei fleste sm\u00e5problema ute av verda, og alts\u00e5 berre \u00e5 laste ned eit nytt program for handsaming av feriebileta dine!<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Rykande fersk fr\u00e5 Google Labs kjem seinaste beta-utg\u00e5ve av eit av mine desiderte favorittprogram; Picasa. Blandt dei st\u00f8rste nyhendene er ansiktsgjenkjenning. Eg er ikkje s\u00e5 imponert over dette. Naturbilete er meir min smak kan ein kanskje seie. S\u00e5 difor vil eg her ta ein liten kikk p\u00e5 nokre av dei andre nyvinningane som er \u00e5 [&hellip;]<\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[3],"tags":[],"class_list":["post-733","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-generelt"],"share_on_mastodon":{"url":"","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/733","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=733"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/733\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=733"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcategories&post=733"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Ftags&post=733"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}