{"id":723,"date":"2008-08-24T12:17:32","date_gmt":"2008-08-24T10:17:32","guid":{"rendered":"http:\/\/www.dalstroka-innafor.net\/?p=723"},"modified":"2008-08-24T12:17:32","modified_gmt":"2008-08-24T10:17:32","slug":"sumarens-siste-padletur","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/?p=723","title":{"rendered":"Sumarens siste padletur"},"content":{"rendered":"<p>M\u00e5let for dagen var strengt tatt \u00c5dnest\u00f8l, men ewg justerte litt etter kvart. Motvind temjer padlelysta, og n\u00e5r det i tillegg er ein litt tidleg haustvind&#8230;ja d\u00e5 freistar det meir \u00e5 vera innand\u00f8rs og ha det godt og varmt.<\/p>\n<p>Fram til lunsjpausa etter halvannan times padling var det ikkje s\u00e6rleg mykje action \u00e5 spora. Eit lam s\u00e5g ut til \u00e5 st\u00e5 i hepte langt oppi ei fjellside, men det var lite eg kunne gjera fr\u00e5 kajakken, s\u00e5 eg bestemde meg for \u00e5 melda fr\u00e5 d\u00e5 eg kom attende og fekk tak p\u00e5 ein telefon.<\/p>\n<p>Det var alts\u00e5 ikkje f\u00f8r p\u00e5 heimturen ting starta \u00e5 ta av. Medan eg sat og hadde min rast, h\u00f8yrde eg med eitt stemmer. Eg trudde fyrst det var dei tre fiskarane i b\u00e5t eg hadde sett rett etter at eg kom, men ut av det bl\u00e5\/gr\u00e5 kom det ein kajakk. Eg har for vane \u00e5 treffe andre padlarar i desse farvatna, s\u00e5 eg kikte ikkje n\u00e6rare etter f\u00f8r heile vatnet plutseleg var dekka av kanoar. 5 stykk for \u00e5 vera presis. Det kunne vera ein gutegjeng p\u00e5 tur, eller det kunne vera \u00c5na Kretsfengsel som var ute og fekk lufta seg. Eg har truffe dei f\u00f8r i fjellheimen. D\u00e5 eg gjekk p\u00e5 ungdomsskulen. Kan tru det var ein spanande seanse. Okke som. Dei forsvann innover mot der eg i utgangspunktet hadde tenkt meg hen, og eg s\u00e5g dei ikkje att.<\/p>\n<p>Etter \u00e5 ha padla ut til &laquo;vinkelen&raquo; av Valevatn og litt til, s\u00e5g eg s\u00e5 ei trerot som l\u00e5g og flaut midt ute p\u00e5 vatnet langt framom meg. Vinden hadde stilna av, s\u00e5 det slo meg at ho dreiv ein smule fort. Etter \u00e5 ha tenkt i to sekund slo det meg. Sj\u00f8lvsagt! Det m\u00e5tte jo vera ein elg eller eit r\u00e5dyr. Eg heiv meg p\u00e5 \u00e5ra og fossa framover. Det er jo ikkje kvar dag ein kjem padlande over eit r\u00e5dyr midtfjords! Eg la meg bak det ein 15-20 meter i fr\u00e5 og fylgde det inn til land p\u00e5 nordsida av Valevatn. Der stoltra det flott r\u00e5dyret seg i land p\u00e5 spinkle, lange bein og sprang litt forjamsa oppover p\u00e5 rullesteinane som l\u00e5g nedst med vatnet og opp i lyngen. Der stoppa det, snudde seg og s\u00e5g p\u00e5 meg med \u00f8yra p\u00e5 stilk, f\u00f8r det for avgarde til heis medan eg ropte hadet til det.<\/p>\n<p>D\u00e5 eg kom lenger ut la eg meg til p\u00e5 vatnet s\u00e5 eg kunne sj\u00e5 opp etter sauen\/lammet eg hadde sett d\u00e5 eg padla inn. No s\u00e5g eg ikkje snurten av det. Det var to moglegheiter. a) det hadde klart \u00e5 klatra opp att, eller b) det hadde havna utfor. Auga mine leitte opp og ned i n\u00e6rleiken av fjellhylla. Det slo meg at det var unormalt mange ravnar i lufta rett ved. Eg ante ur\u00e5d. Eg kikka ned i det gr\u00f8ne under fjellhylla, og det var d\u00e5 eg s\u00e5g ein kvit flekk som var litt kvitare enn steinane omkring. Han var ikkje stor, men fargen gjorde at eg vart mistenksom. Eg padla inn til land, og tok fart p\u00e5 den ganske s\u00e5 bratt klatrina opp til der eg hadde merka meg ut at flekken var. Eg h\u00e5pte end\u00e5 at det berre skulle vera ein stein.<\/p>\n<p>P\u00e5 vegen oppover kom eg forbi eit tre der det hang ein stav p\u00e5 ei grein. Veldig s\u00e6rt \u00e5 finna slikt der. Det var ikkje akkurat ein stad med mykje gj\u00f8nomgangstrafikk. &laquo;O.S. Madland. 1990.&raquo; st\u00e5r det p\u00e5 han. S\u00e5 dersom nokon kjenner Hr. Madland, s\u00e5 kan eg opplysa om at han kan f\u00e5 att den fine staven sin med \u00e5 ta kontakt med meg. N\u00e5vel&#8230;<\/p>\n<p>Eg kom etterkvart opp til staden. Buskaset var ganske tjukt, s\u00e5 eg kunne ikkje sj\u00e5 skikkeleg med ein gong. Men d\u00e5 eg kom meg gjennom det verste, var det ikkje lenger nokon tvil. Der l\u00e5g det eit lam med blod p\u00e5 magen. Heilt livlaust. Eg tok borti det, og kvapp til d\u00e5 floger plutseleg flaug fram. Det er ikkje snakk om \u00e5 venta p\u00e5 bordvers for dei karane! Lammet hadde tross alt ikkje lege der lenger enn maks 3 timar, og allereie hadde dei sett i gang nedbrytingsprosessen. Eg tok av klaven, og nappa med meg \u00f8yremerket og tok s\u00e5 fatt p\u00e5 nedstiginga til b\u00e5ten att.<\/p>\n<p>Det var vel det meste av action eg hadde i dag. D\u00e5 eg var komen heim, m\u00e5tte eg jo sj\u00e5 kor langt eg hadde padla. Armane var m\u00f8re som Sopps Spaghetti etter 7 minutt i kokande vatn&#8230;ikkje mykje \u00e5 klappa for med andre ord. Google Earth er min trufaste kompanjong n\u00e5r det kjem til distanseutrekning, og i dag viste det seg at eg hadde ikkje padla mindre enn 27 kilometer. Ei god \u00f8kt alts\u00e5, og etter alt og d\u00f8me den siste padleturen eg f\u00e5r i 2008 sine sumarm\u00e5nader. Om det vert ein fin haust, kan det nok bli litt padling utover men det gjenst\u00e5r \u00e5 sj\u00e5.<\/p>\n<p><a rel=\"lightbox[valevatn]\" href=\"http:\/\/www.dalstroka-innafor.net\/wp-content\/uploads\/\/2008\/08\/p-640-480-03bd4030-55da-46c5-a22c-97e2a55af940.jpeg\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" src=\"http:\/\/www.dalstroka-innafor.net\/wp-content\/uploads\/\/2008\/08\/p-640-480-03bd4030-55da-46c5-a22c-97e2a55af940.jpeg\" alt=\"\" class=\"alignnone size-full wp-image-364\" height=\"300\" width=\"225\" \/><\/a><a rel=\"lightbox[valevatn]\" href=\"http:\/\/www.dalstroka-innafor.net\/wp-content\/uploads\/\/2008\/08\/p-640-480-9e1fc84a-310c-49ad-8385-6989f142bba3.jpeg\"><\/a><a rel=\"lightbox[valevatn]\" href=\"http:\/\/www.dalstroka-innafor.net\/wp-content\/uploads\/\/2008\/08\/l-640-480-5f343ac8-dff0-40f3-9c40-9a7487836c72.jpeg\"><\/a><a rel=\"lightbox[valevatn]\" href=\"http:\/\/www.dalstroka-innafor.net\/wp-content\/uploads\/\/2008\/08\/l-640-480-49f368c7-b650-455a-be6c-16d34456b960.jpeg\"><\/a><a rel=\"lightbox[valevatn]\" href=\"http:\/\/www.dalstroka-innafor.net\/wp-content\/uploads\/\/2008\/08\/p-640-480-5e43a59a-047d-414f-8f01-216f03c7de8b.jpeg\"><\/a><a rel=\"lightbox[valevatn]\" href=\"http:\/\/www.dalstroka-innafor.net\/wp-content\/uploads\/\/2008\/08\/l-640-480-f17eb16a-1556-4015-9e5c-a7cc818d95bf.jpeg\"><\/a><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>M\u00e5let for dagen var strengt tatt \u00c5dnest\u00f8l, men ewg justerte litt etter kvart. Motvind temjer padlelysta, og n\u00e5r det i tillegg er ein litt tidleg haustvind&#8230;ja d\u00e5 freistar det meir \u00e5 vera innand\u00f8rs og ha det godt og varmt. Fram til lunsjpausa etter halvannan times padling var det ikkje s\u00e6rleg mykje action \u00e5 spora. Eit [&hellip;]<\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[3],"tags":[],"class_list":["post-723","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-generelt"],"share_on_mastodon":{"url":"","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/723","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=723"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/723\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=723"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcategories&post=723"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Ftags&post=723"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}