{"id":370,"date":"2008-04-11T12:46:00","date_gmt":"2008-04-11T10:46:00","guid":{"rendered":"http:\/\/www.dalstroka-innafor.net\/?p=370"},"modified":"2008-04-11T12:46:00","modified_gmt":"2008-04-11T10:46:00","slug":"eksamensironi","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/?p=370","title":{"rendered":"Eksamensironi"},"content":{"rendered":"<p>Eg st\u00e5r framfor eit val. Den 25 mai er siste innleveringsfrist for dei arbeida som skal vera gjort i mine tre IKT-emne. I to av desse (IKT122 &amp; IKT126) skal eg ha mappeeksamen. Det tyder at nokre av dei arbeida eg har gjort i l\u00f8pet av semesteret vert trekt ut og skal danna grunnlaget for min karakter. I det siste emnet, IKT123, g\u00e5r eksamen ut p\u00e5 at eg skal laga ein pedagogisk nettstad om eit eller anna og publisera denne p\u00e5 Internett. I <em>tillegg<\/em> skal eg ha ein munnleg presentasjon av denne. Den munnlege presentasjonen har vorte sett til 16 og 17 juni. Med andre ord bortimot ein m\u00e5nad etter at eg har siste innlevering, og ganske n\u00f8yaktig ein m\u00e5nad etter at eg er ferdig med siste obligatoriske undervisningstime.<\/p>\n<p>P\u00e5 grunn av dette har jo ikkje eg lenger s\u00e5 mykje \u00e5 vera att for her i Volda no. Skulen er ferdig, og d\u00e5 har eg ikkje meir som held meg her. Tanken var d\u00e5 \u00e5 seia opp hybelen tidleg og pakka bilen for \u00e5 returnere til mine kj\u00e6re dalstroka innafor. Men&#8230;sj\u00f8lvsagt er det eit men. Det er H\u00f8gskulen i Volda eg snakkar om. Eksamen vart alts\u00e5 sett den 16 juni. Det medf\u00f8rer at eg m\u00e5 ha ein stad \u00e5 bu fram til d\u00e5. Skulle eg hatt hybelen fram til den 16 m\u00e5tte eg ha betalt full pris i juni m\u00e5nad. Men no har eg sagt han opp til den 15, s\u00e5 eg &laquo;slepp&raquo; med halve m\u00e5naden. Sj\u00f8lve eksamenen g\u00e5r ut p\u00e5 \u00e5 munnleg presentera den nettstaden som eg har laga.<\/p>\n<p>Difor f\u00f8reslo eg for min l\u00e6rar at eg som eit resultat av den situasjonen eg er i akkurat no, var villeg til \u00e5 driva litt innovasjon her p\u00e5 H\u00f8gskulen i Volda gjennom \u00e5 ta den munnlege presentasjonen via Skype. Den fyrste tilbakemeldinga var ikkje akkurat oppl\u00f8ftande. L\u00e6raren sette i gang \u00e5 snakka om kvar ein kunne f\u00e5 den billegaste flyreisa fr\u00e5&#8230;vidare nemnde han (etter \u00e5 ha sett at eg har 38 som telefonnummer) at eg kanskje kunne f\u00e5 gj\u00f8nomf\u00f8ra eksamen ved hjelp av Universitetet i Agder si videokonferansel\u00f8ysing. Eg forklarte jo sj\u00f8lvsagt at det nok ville vera enklare for meg \u00e5 til n\u00f8d dra til Stavanger, men at Skype for meg ville vera ei langt enklare l\u00f8ysing, og at teknologisk sett s\u00e5 ville det ikkje vera noko forskjell. Eg tvilar jo sj\u00f8lvsagt, men for sikkerhets skyld spurde eg om det p\u00e5 ei slik framf\u00f8ring, der eg har produsert det eg skal presentere sj\u00f8lv, var eit krav at eg var fysisk til stades. Svaret kom vel aldri.<\/p>\n<p>I alle fall endte det opp med at eg fekk overtalt l\u00e6raren til \u00e5 gjere eit fors\u00f8k p\u00e5 \u00e5 laste ned og innstallere Skype (noko han sj\u00f8lvsagt ikkje hadde innstallert), og s\u00e5 gje meg eit lite vink n\u00e5r han hadde f\u00e5tt gjort dette. Slik kunne me testa denne l\u00f8ysinga eg f\u00f8reslo.<\/p>\n<p>Eg tykkjer berre det at det er ufatteleg ironisk at slikt skal vera eit problem p\u00e5 eit fag som heiter IKT i L\u00e6ring der nettopp bruk av IKT i skuleverket er det som er kjerna.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Eg st\u00e5r framfor eit val. Den 25 mai er siste innleveringsfrist for dei arbeida som skal vera gjort i mine tre IKT-emne. I to av desse (IKT122 &amp; IKT126) skal eg ha mappeeksamen. Det tyder at nokre av dei arbeida eg har gjort i l\u00f8pet av semesteret vert trekt ut og skal danna grunnlaget for [&hellip;]<\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[4,9,13],"tags":[],"class_list":["post-370","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ikt","category-personleg","category-utdanning"],"share_on_mastodon":{"url":"","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/370","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=370"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/370\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=370"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcategories&post=370"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Ftags&post=370"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}