{"id":329,"date":"2007-12-28T17:15:36","date_gmt":"2007-12-28T15:15:36","guid":{"rendered":"http:\/\/www.dalstroka-innafor.net\/?p=329"},"modified":"2007-12-28T17:15:36","modified_gmt":"2007-12-28T15:15:36","slug":"pur-glede","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/?p=329","title":{"rendered":"Pur glede"},"content":{"rendered":"<p>Idag kom omsider ei pakke i posten eg har venta p\u00e5 lenge! &laquo;Priority mail &#8211; United States Postal Services&raquo; stod det p\u00e5 den store konvolutten. Eg fryda meg innvendig og braut ut i eit aldri s\u00e5 lite gledesrop.<\/p>\n<p>For rundt fire m\u00e5nedar sidan var eg p\u00e5 informasjonsm\u00f8te om Australasiatisk kulturstudium i Volda. Eg hadde med meg min 4 \u00e5r gamle Ipod. Idet eg sette meg ned, la eg han p\u00e5 bordet s\u00e5 eg kunne ta opp noko \u00e5 notera med. Ein gjer ofte det n\u00e5r ein er p\u00e5 infom\u00f8ter. S\u00e5 skjer det fatale. Det heile f\u00f8reg\u00e5r i sakte kino. I augekroken ser eg den kvite, vesle firkanten skli mot kanten av bordet og eg kjenner eit h\u00f8gt &laquo;nei&raquo; velte opp inni meg. 4 \u00e5r utan \u00e5 miste han i bakken, og i startgropa til eit studium der eg <em>absolutt<\/em> kan f\u00e5 bruk for han s\u00e5 presterer eg \u00e5 la han skli utfor eit fall p\u00e5 ein meter rett i betonggolvet.<\/p>\n<p>Resultat var at eg stod der i handa med ein kvit plastklump som ikkje hadde st\u00f8rre potensiale enn ei brevvekt. Det er klart det at ein vert litt irritert over slikt. Men kva kan ein gjera? N\u00e5r ein elektronisk duppeditt har vorte 4 \u00e5r, s\u00e5 er han i bunn og grunn godt i gang med sin andre reinkarnasjon med tanke p\u00e5 levetida som bransjen reknar med at desse skal fungera. Med andre ord var ein gratis reperasjon hj\u00e5 Apple heilt ute av biletet. Ein grufull klikkelyd fr\u00e5 han om ein la \u00f8yret inntill var alt som var \u00e5 spora av liv i han. Eg var knust akkurat som Ipodden.<\/p>\n<p>Erfaringsmessig hadde eg oppdaga at det i Malaysia var haugevis av sm\u00e5 sjapper med all slags kompetanse innan elektronikk. Eg sette min lit til dette. Difor pakka eg med meg Ipodden p\u00e5 mi reise rundt i Asia denne hausten.<\/p>\n<p>Men sj\u00f8lvsagt. Etter \u00e5 ha trava rundt i fleire mangeetasjars varehus i Kuala Lumpur, Malaysia stod eg der og var ikkje kome eit steg lengre. Tilogmed asiatane visste ikkje r\u00e5d, og gav meg berre skuffane hovudristing med det same eg drog min kj\u00e6re kvite opp av lomma.\u00a0 Eg var p\u00e5 nippet til \u00e5 kasta den tidlegare speled\u00e5sen ut n\u00e6raste vindu. Dei som kjenner meg veit at eg likar \u00e5 fikla med litt &laquo;gamal&raquo; datautstyr. Difor lot eg vera \u00e5 kassera han.<\/p>\n<p>I staden drog eg han med meg heile vegen til Australia, Japan, attende til Malaysia\u00a0 og heile vegen heim att til Norge. Der tok eg fatt p\u00e5 \u00e5 s\u00f8kja rundt p\u00e5 nettet etter ein passande harddisk. I junaiten fann eg ein. Med dobbelt s\u00e5 stor kapasitet som den gamle. Ville dette fungera? Tja&#8230;harddisken kosta 160 kroner, og det var kroner eg var sugen p\u00e5 \u00e5 satsa p\u00e5 dette prosjektet. Ebay og Paypal-konto var oppretta, pengar overf\u00f8rt til Paypal-kontoen og harddisken vart bestillt. No var det berre \u00e5 vente.<\/p>\n<p>Og i dag kom han alts\u00e5 i posten. Tilfeldigvis hadde eg tidlegare p\u00e5 dagen teke fatt p\u00e5 \u00e5 opna podden min. Litt googling fortalde meg korleis dette kunne gjerast. S\u00e5 etter \u00e5 ha opna pakken, teke ut harddisken forsiktig og lagt han trygt inne p\u00e5 bordet, tok eg ut den defekte fr\u00e5 Ipoden og la han til sides. (Trur forresten den skal f\u00e5 inng\u00e5 i eit kunstprosjekt p\u00e5 eit seinare tidspunkt). Den nye var innstallert og eg kopla han spent til\u00a0 datamaskina mi. D\u00e5 han starta opp fekk eg opp massevis av spelelister p\u00e5 skjermen. Harddisken var tydeligvis ein brukt ein. Eg formaterte han og installerte siste programvare p\u00e5 han, og VOILA! For 160 kroner har eg f\u00e5tt meg ein flunkande ny, gamal musikkspeled\u00e5se! Eg er i den sjuande himmel!\u00a0 Hurra.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Idag kom omsider ei pakke i posten eg har venta p\u00e5 lenge! &laquo;Priority mail &#8211; United States Postal Services&raquo; stod det p\u00e5 den store konvolutten. Eg fryda meg innvendig og braut ut i eit aldri s\u00e5 lite gledesrop. For rundt fire m\u00e5nedar sidan var eg p\u00e5 informasjonsm\u00f8te om Australasiatisk kulturstudium i Volda. Eg hadde med [&hellip;]<\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[4,7],"tags":[],"class_list":["post-329","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-ikt","category-moro"],"share_on_mastodon":{"url":"","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/329","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=329"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/329\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=329"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcategories&post=329"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Ftags&post=329"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}