{"id":285,"date":"2007-11-21T02:41:24","date_gmt":"2007-11-21T00:41:24","guid":{"rendered":"http:\/\/www.dalstroka-innafor.net\/2007\/11\/21\/on-the-road-again\/"},"modified":"2007-11-21T02:41:24","modified_gmt":"2007-11-21T00:41:24","slug":"on-the-road-again","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/?p=285","title":{"rendered":"On the road again&#8230;"},"content":{"rendered":"<p>D\u00e5 er eg p\u00e5 veg atter ein gong. Denne gongen er det heimvegen eg har teke fatt p\u00e5, men f\u00f8r eg kjem s\u00e5 langt tenkte eg at sidan eg var i nabolaget ville det vera dumt \u00e5 ikkje ta seg nokre soldagar i Malaysia s\u00e5nn f\u00f8r ein vender attende til m\u00f8rke Noreg.<\/p>\n<p>For dei som fyljer med p\u00e5 vervarslingane fr\u00e5 andre stader i verda enn akkurat dalstroka-innafor, s\u00e5 kjem det vel ikkje som noko bombe at det for tida er monsunsesong i Malaysia og omegn. Dette har den effekten at det er heller lite sol men desto meir regn. Kanskje ikkje heilt det eg hadde h\u00e5pa p\u00e5&#8230;det skal eg nok \u00e6rleg innr\u00f8ma, men ein f\u00e5r ta det ein f\u00e5r og gjera det beste utav det.<\/p>\n<p>Det positive eg har f\u00e5tt ut av det er at eg har truffe folk som eg nok aldri hadde kome i kontakt med dersom eg hadde levd det late slaraffenlivet p\u00e5 stranda som andre kanskje gjer. Fyrste dagen her kom det ein australiar og lurte p\u00e5 om det var ledig ved frukostbordet og vips s\u00e5 var min leikekammerat for resten av den dagen i boks. Me traska rundt her i Georgetown og gjorde turistting. Tok &laquo;Fl\u00f8ybanen&raquo; opp til toppen av Penang Hill (s\u00e5nn rundtomkring 500 m.o.h eller s\u00e5), og deretter tusla med til ein 120 fot stor buddhastatue for \u00e5 sj\u00e5 p\u00e5 han. Det er fascinerande \u00e5 sj\u00e5 korleis Buddhistar kombinerer ein fleire tusen \u00e5r gamal religion med pur moderne kommersialisme. Om nokon ynskjer seg noko spesielt til jul, s\u00e5 kan eg til d\u00f8mes freista med ein 1 meter h\u00f8g statue av Buddha. Berre gje meg eit lite pling s\u00e5 ordner me det!<\/p>\n<p>Elles har eg drukke kokkosn\u00f8ttmelk og sukkerr\u00f8yrsaft. Ingen av delane var strengt tatt heilt opp til det eg hadde tenkt meg. Har og tusla forbi eit par Varanar (\u00f8gler) p\u00e5 rundtom 2 meter&#8230;s\u00f8rgjeleg nok skreik eg ut til Ally (australiaren) s\u00e5 han skulle sj\u00e5, og vips hadde dei begge to klart \u00e5 g\u00f8yma seg i buskaset. Og s\u00e5 til sist tenkte eg at eit par bilete kunne vera artige \u00e5 sj\u00e5 p\u00e5. Dei er fr\u00e5 litt rundtomkring, b\u00e5de Cairns og her p\u00e5 Penang.<\/p>\n<p><a href=\"http:\/\/www.dalstroka-innafor.net\/wp-content\/uploads\/2007\/11\/pb050002.JPG\" rel=\"lightbox[heim]\" title=\"Solnedgang over Cairns\"><img loading=\"lazy\" decoding=\"async\" src=\"http:\/\/www.dalstroka-innafor.net\/wp-content\/uploads\/2007\/11\/pb050002.thumbnail.JPG\" width=\"200\" height=\"150\" alt=\"Solnedgang over Cairns\" class=\"imageframe\" style=\"margin-left:auto; margin-right:auto;\" \/><\/a><a href=\"http:\/\/www.dalstroka-innafor.net\/wp-content\/uploads\/2007\/11\/pb050006.JPG\" rel=\"lightbox[heim]\" title=\"Torger \u00c5ge p\u00e5 verandaen i solnedgang\"><\/a><a href=\"http:\/\/www.dalstroka-innafor.net\/wp-content\/uploads\/2007\/11\/pb200087.JPG\" rel=\"lightbox[heim]\" title=\"P\u00e5 veg opp til Penang Hill\"><\/a><a href=\"http:\/\/www.dalstroka-innafor.net\/wp-content\/uploads\/2007\/11\/pb200089.JPG\" rel=\"lightbox[heim]\" title=\"P\u00e5 toppen av Penang Hill med fantastisk utsikt!\"><\/a><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>D\u00e5 er eg p\u00e5 veg atter ein gong. Denne gongen er det heimvegen eg har teke fatt p\u00e5, men f\u00f8r eg kjem s\u00e5 langt tenkte eg at sidan eg var i nabolaget ville det vera dumt \u00e5 ikkje ta seg nokre soldagar i Malaysia s\u00e5nn f\u00f8r ein vender attende til m\u00f8rke Noreg. For dei som [&hellip;]<\/p>\n","protected":false},"author":1,"featured_media":0,"comment_status":"open","ping_status":"open","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[14],"tags":[],"class_list":["post-285","post","type-post","status-publish","format-standard","hentry","category-aa-studiar"],"share_on_mastodon":{"url":"","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/285","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcomments&post=285"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=\/wp\/v2\/posts\/285\/revisions"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fmedia&parent=285"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Fcategories&post=285"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/dalstroka-innafor.net\/index.php?rest_route=%2Fwp%2Fv2%2Ftags&post=285"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}